[Notisar]

Kristiania, den 25de April 1879.
 
So vart me narra i Røysterettssaki endaa ein Gong. Thinget vilde hava vidare Røysterett, og hev viljat so lengje; men det kunde ikkje; der var for mange Forslag og for mange Meiningar um den rette Maaten.
           
-Her kunde vera mykje aa segja. Men Ord er litet tess, og Ord hev me nok av. Det er væl best aa tigja og halda seg til Myrerne.
           
Her er Myrer nok i Norig. Og der gror nok Fridomen vaar no. Hm, at denne lovsongne norske Fridomen tilslutt skulde visa seg aa vera ein Myrblom!
           
-Men i Lengdi er Myrgras usunn kost. Hugsa paa det, gode Veljarar! Næste Gong maa me hava eit Thing, som ikkje berre vil hava vidkad Røysterett! -
                         
 
Storthingsvali. Um Klokkar Brandt fraa Vest-Upplandsfylket skriv ein Mann fraa Lommen i Valdres til eit Blad: Alle som ein er samde um, at kvar ein, som hev Røysterett, og kvar ein, som ikkje hev Røysterett, lyt arbeida av alle Livsens Krafter paa, at Klokkar Brandt ikkje oftare vert brydd med Storthingskallet. Harmen yver Avrøystingarne hans er aalmenn her uppe. Me trur, det ikkje er verdt aa bry Brandvold og Horgen helder. Thinget kann hjelpa seg deim fyrutan. Til Thingmann i Sud-Upplandsfylket i Staden hans Skattebøl, som visst hev gjort ifraa seg fyr lange Tider, vert fyreslegjet Kristian Ihlen paa Ullern i Eiker.
 
Bilæthoggar Skeibrok hev i Paris hogget ein Fugur Ragnar Lodbrok i Ormegarden. Baade denne og Stefan Sindings Captive skal verta aa sjaa paa Universitetet med det Fyrste.