[Storthinget.]

Storthinget. Røysterettssaki kom under Avrøysting Onsdag Middag. Det var 20 Forslag uppe, men alle rauk dei ned. Ein skulde trutt det umoglegt, men det er ingen Ting umoglegt hjaa oss. Dei 6 vigtugaste Forslag var: 1. Sverdrups A., som gjev Røysterett aat dei, som hev ei Aarsinnkoma av 100 Spd. paa Landet og 150 Spd. i By; det fekk 58 Røyster fyr seg (mot 50), - 2. Sverdrups B., som set Innkomurne til 100 Spd. paa Landet og 200 Spd. i By; det fekk 54 Røyster (mot 54), - 3. Daae-Sørensens, som krev at Folk skal ha lagt endefram Skatt i 3 Aar etter kvarandre; det fekk 55 R. (mot 53), - 4. Havigs, som berre skil seg fraa det gamle i, at det set Jordleiga i Staden fyr Bygsel; det fekk 46 R. (mot 62), - 5. Selboes C., som gjev Røysterett aat nokre fleire Klassar, men tek ifraa andre; det samlad 40 R. (mot 68) og 6. Selboes A. av same Slag som hitt; det fekk 12 Røyster. 3 Thingmenn (Krag, Dahl og Lange) var sjuke og kann vera glade i, at dei er frie fyr Andsvar. Fyr alle desse Forslag røystad: Holm. Fyr baae Sverdrups (Census-)Forslag, Daae-Sørensens (Skatte-)Forslag og Havigs (Jordleige-)Forslag røystad dessutan: Tharaldsen, Konow, Andreassen, Olafsen, S. Nielsen, Havig, Seljelid og Lundberg, fyr Sverdrups eine Censusforslag (paa 100 og 150 Spd.), Daae -Sørensens og Havigs Forslag framleides: Steen, Svendsen, fyr baae Sverdrups og det Daae Sørensenske, men ikkje Havigs Forslag umfram dei fyrrnemnde: Jak. Sverdrup, Tonning, Jak. Sverdrup, Ellingsen, Vefring, Hougland, Løberg, Skaar, Juell, Rinde, Thommesen, Leer, Goverud, Rejerson,Holmesland, Lindstøl, Liestøl, Igland, Arctander, Aarflot, O. Nielsen, Huser, Eskeland, Øverland, Kolbenstvedt, Ueland, Storsten, Vennberg, Qvam, Welde, Bentsen, Soelberg, Bjørnsgaard; - fyr det eine Sverdrupske og det Daae-Sørensenske, dessutan: Eika, Egge, Jaabæk, Castberg, - fyr baae Sverdrups Forslag endaa: Bugge, Mortensen, Hjelmstad, Alb. Jacobsen, Hektoen, Enge, D. Iversen, Vindal, Nysetvold, - fyr det eine Sverdrupske men ikkje det Daae-Sørensenske Forslag umfram desse: Moe, B. Essendrop, Thune, Jørgensen-Veum, fyr Daae-Sørensens Forslag, men ikkje nokot av Sverdrups framleides: Hurum, Skattebøl, Flor, Motzfeldt, Daae, Sørensen, Lund. Desse Herrar kann Ein vel rekna som Vener av Røysterettsutvidking, endaa me ikkje tykkjer um, at nokre av
deim ikkje kunde semjast um baade Sverdrups og Daae-Sørensens Forslag; i ei so vigtug Sak set vituge Folk ikkje alt paa Spil fyr ei Grilla; av deim røystad ogso fyr Havigs Forslag: Flor, Moe, Motzfeldt, Jørgensen-Veum, Hurum, Skattebøl. Dei Bønder, som slett ikkje vil visa Rettferd mot sine Medborgarar, er 10: Selboe, Bøhn, Kaxrud, Brandvold, Brandt, Horgen, Sæhlie, Aschjem, Spilling, Wiig. Hadde dei ikkje slegjet seg range, og det hadde voret meir politisk Samhelde i Thinget, hadde me havt 78 Røyster fyr Utvidking. Desse 10 Bønder hev likvel faret med og stemt fyr eit Utvidkingsforslag, dei og: Selboes Klasse- elder Standsforslag, som tek Røysteret fraa fleire enn det gjev denne Retten til, og 8 av deim (ikkje Selboe, og Sæhlie) endaa Havigs Forslag. So hev me att 30 Ikkje-Bønder, som hev visst seg aa vera likso urettferduge: Schrøder (Arendal), Joh. Nielsen, Rye, Aarestrup, Hille (Bergen); Bergesen (Brevik), Løvenskiold, Aschehoug, Jensen, Essendrop (Kristiania), Reinhardt (Kristianssand), Bang, Broch (Dramn), Olsen (Flekkefjord). J. Jacobsen (Fr.stad), Hansen (Holmestrand), Kyhn (Hamar), Christie (Kraakerøy), Ebbesen (Larvik), Møller (Porsgrund), Mørch (Sarpsborg), Smitt (Finnmarksbyarne), Lorck, Strøm, Holtermann (Throndheim), Erlandsen (Tunsberg), Richter (Sydre Throndheims Fylke) Sandberg (Moss), Vogt (Fr.hald), Roll (Aalesund); dei tri siste utmerkte seg ved aa segja plent Nei til alle Forslag; av dei andre 27 røystad 20 fyr Havigs Forslag (ikkje Schrøder, Hille, Jensen, C. Essendrop, Reinhardt, Kyhn) og 1 (Olsen) berre fyr Havigs Forslag. Det gjeld um til næste Val, aa faa desse 10 + 30 = 40 Herrar kastade elder Talet paa deim minkat til 38, og det skulde daa ikkje vera reint raadlaust. Me hev høyrt, at fleire Menn her i Byen etter Avrøystingi hev skrivet til Røysterettssamlaget i Overhalva pr. Namsos etter Røysterett, og fleire vil gjera det, vert det sagt. Me bed ogso Folk sjaa til aa hjelpa seg sjølve! Gjer dei det, so kann det enno verta Folk av ein so ravgalen Nation som den norske, som so lang Tid fann det rett aa stengja Jødar ute fraa landet, krevja Rikskyrkjetru hjaa alle Embættesmenn, negta den eine Halvparten av Folket Røysterett osb.