Bondereisningi i Wolovce.

[Del 6 av 8. Fyrste delen.]
 
Umskrivet fraa Tydsk ved Kristofer Janson.
                                                                       
(Framhald.)
 
           
Han hadde, daa alt vardt so stilt, vaagat seg upp or Gjøymsla si og fram aat eit Skjotehol. Der saag han sin arge Uven standa einsleg og tett med Borgi, rett som han skulde sett seg upp til Skiva. Daa fyrst vaagad han at brenna laust, daa ingen saag paa.
           
Saaret til Hovdingen gjorde Bønderne reint ville. Urraha! Urraha! skreik dei (det gamle Slagropet til Kosakkom), og fram foor dei yver Brui og paa Porten. Fælande dundrad dei rasande Økseslag paa Jarnporten, og Skriket, derimillom knittrad Geværelden fraa dei kringsette, Stynjingi, det klagande Naudropet fraa dei særde, Veropet fraa Kvinfolk og Born attanfyre. Og derimillom altid og altid Slaattarne til den tullutte Spillemannen. Men yver denne Myrding, Skriking og Strid kvelvde seg djupblaa og mild, som eit lognt, tenksamt Auga, den klaare Vaarhimmelen.
           
Urraha! klang i eit standande Slagropet fraa Mennom; heilage Jomfru! til deg ropa me! klang i Ryggen deira det hikstande, skjerande Ropet fraa hundrad Kvinfolkstrupor. Men ingen Ting nyttad, Kampropet, Modet, Bønerne ingen Ting. Striden var for ujamn. Paa Jordi vinn inkje det, som heve største Retten, men det, som heve beste Vaapni. Soleides heve det gjenget til alle Tider og paa alle Stelle, og soleides gjekk det og denne Vaardagen i denne Avkroken av Verdi, daa ein Hop pinte Folk reiste seg imot Valdsherrom sine. Striden var for ujamn. Jarn duger inkje mot Jarn, og Porten stod mot Økserna. Men Bønderne vardt radvis burtsopte av Byrseskotom. Helder inkje den fremste Radi, som var rett inn paa Porten komi, stod i Live, for ein kunde skjota paa deim fraa Skjoteholi i dei framskotne Taarni paa Hyrnom aat Borgi. Og so laut Bønderne sidstpaa lata dei daude og særde Kropparne liggja og draga seg utanfyre Skotmaal.
           
Ein snaud halv Time hadde Slaget varat, den sette Morgontimen var knapt liden. Doggi tittrad paa Graset saman med Blodsdroparne. Vindarne leikad svale og angande ein fager Vaarmorgon, og so stor Jammer paa Jordi. Ein snaud halv Time hadde Striden varat, og aatteMenneskjor laag ihelskotne, og mest fem Gongjer so mange særde. Av Tenarom paa Borgi var ein daud og ein saarad. Baade tvo hadde Krityko Barila felt. Han var den einaste gode Skyttaren millom Bøndom, og han hadde og ei god Rifla. Han hadde lagt seg paa Kne framved Brui med Byrsa i Sigte og lurat paa, kvat for eit Skjotehol det var, som sende Blinket og den vesle blaae Røyken. Og aldri so snart kom den, fyrr Kula til Krityko for inn gjenom Skjoteholet. Soleides hadde han raakat ein Kar i Augat og den krylne Michalko i Oksli. Dei andre daude og særde fanst millom Bøndom. Hjartaskjerande klang Veropet fraa Syster, Konor og Møder.
           
Hr. Wincenty hadde voret ein klen Skyttar; Fedko hadde berre fenget eit sterkt blødande men lett Saar i øvste Armen. Han vilde snaudt vita av, at dei batt um Saaret, han var atter full Kar. Kveik paa Ljosi i Kyrkja som paa dei største Høgtiderna, legg dei daude paa Likstraa der, alle paa Rad dei hava fallet paa ei heilag Sak. Ber dei særde inn i Hyttorna. Gregori Barila, Brodertil Krityko, skal fara til Okulince etter Doktar. So kallad han dei eldste i Hop til Krigsraad. Med Dagen kann me ingen Ting gjera, sagde han. Me lyt venta paa Notti, so Hundarne inkje kann sigta paa oss, naar me ganga paa. Og so atter paa, og paa Porten, og brennande Bikkransar i alle Glas. Ein giv seg daa helder, enn at brenna upp. Alle gjekk med paa det. So sagde han ifraa, korleids ein skulde bruka Tidi, til det vardt myrkt. Sume skal vera med Kvinfolket og laga Bikkransar, andre skal ringa Borgi i ein vid Halvkrins, so dei derinne inkje kann faa bodsenda Barnow. Resten rid ikring til dei andre Landsbyarne, fortel Folket, kvat som gjeng fyre seg her, og bed deim um at hjelpa oss. Dei hjelpa, som de veit, med Ulvejagti um Vinteren, i Dag halda me Ulvejagt um Vaaren. Me trengja fleire Folk; det sviv fyre meg, at den keisarlege Skrivaren i Barnow skal faa Nyss um det og koma setjande med Spiskhuvom. Tvo Karar skal ganga upp i Klokketaarnet og kima med Stormklokka, so Folket i Avkrokarne kann høyra det.
           
So vardt gjort. Inne i Landsbyen dreiv dei paa og gjorde Bikkransar, og paa same Tid let det Jamring fraa kvart Hus yver dei daude, døyande og særde. Men derute paa Sletta, der det fyrr hadde voret slikt fælande Dunder, var det no daudstilt. I ein vid Halvkrans kring Borgi glitrad Ljaaarne til Bondevakti; paa Elvsida var Myri Væktar. Ender og Gong kom nye Folk dragande med Song, elder Jacek gnikad braadt ein Dans, elder Stormklokka lyste atter upp Mælet sitt, og dei tunge, stutte Slag skar uhyggelegt gjenom den linne Lufti.
           
Ved Middagsleite kom Presten fraa Wolovce pæsande burtetter Marki. Prestfrua hadde freistat alt ho orkad at faa honom fyrr upp utor Sengi, men til ingen Nytte. Den Guds Mann hadde i Gaar i Brudlaupet drukket seg for full. No kom han setjande so snøgt han berre kunde, og slo alt langt burte Henderna saman yver Hovudet. Fedko! skreik han i langt ifraa, detta er daa Uppreist! Naudverja svarad Fedko kaldt. Men det er Guds Vilje, at ein skal søkja Retten hjaa Raadsmagti. Ja naar ein kann faa Rett der! Ellest tykjer eg, ærverdige Herre, at du inkje altid kjenner til Guds Vilje! Tenk paa dei sidste Ordi av Talen din i Gaar. Men du kann endaa verda lukkeleg. Lukkeleg Fedko log beiskt. So lagde han stilt og tungt til, so det klang som ein framklemd Sukk: den som var daud! Gakk no heim, Velærverdigheit, sagde han so strengt, elder hjelp med at stella um dei sjuke. I alle Tilfelle, far inkje i Dag til Barnow, det kunde verda mindre hyggelegt fyre deg kannhenda. Fortussad, reint fortussad gjekk Guds Mann derifraa. Likavel fekk dei ved Middagsleite vita um Uppreisten i Barnow. Den fyrste ugreide Tidend hadde ein Tiggar boret med seg. So kom eit Bod fraa dei kringsette, ein Gut paa 10 Aar. Han saag fæl ut, reint som Myrdjevelen i dei ruthenske Segnom, fraa Hovud til Fot innklind i svart Dy. Han hadde kastat seg i Elvi fraa eit Glas i Borgi og hadde sumt og vadet igjenom; det var eit reint Under, at han inkje var kjøvd. Han hadde i Beltet eit Brev fraa Hr. Wincenty til Teofilus Strusek, den keiserleg-kongelege Amtmannen og Valdsherren i Barnow. Bokstavarne var mest inkje lesande, soleides hadde Kjeltringen skolvet paa Hondi. Krutet reint uppskotet - - Porten gapande i Skjøytingom, tri tusund rasande Bønder - - um inkje Hjelp kjem snart, er me fortapte.                           
 
( Meir.)