Credo.

(Segn).
 
Den aalkjende Thrond i Gata (paa Færøyarne), som var Sigmund Bresteson og Skattekravs-Utsendingarne fraa dei norske Kongarne ein so hard Haus, vart nøydd til aa taka ved Kristendomen fyr aa berga Livet Aar 998; han gjorde seg eit eiget Credo (Truvedkjenning), som lyd soleids:
 
Givnir eru einglar gódir, (Gjevne er Englar gode,
Ei gangi eg eina úti,       Ei gjeng eg eine ute,
Ferdum mínum filgja      Paa Ferderne mine fylgjer
Fimm Guds einglar;       Fem Guds Englar;
Bidi eg firi mar bön,      Bed eg fyr meg Bøn,
Bera teir tad firi Kristi,   Bera dei henne fyr Kristus,
Singi eg sálmanar sjey, Salmar sju eg syng,
Sær Gud til sáluna minna. Syte Gud fyr Sjæli!)
 
D. e. Eg kann paa mine Ferder tryggt lita paa Guds Hjelp; for Kristus hev ved sine Saar gjevet meg Rett til aa beda til Gud, og fyr kvart eit av hans fem Saar fylgjer meg ei usynleg Aand. Dei vil, um eg sjølv tviler, frambera mi Bøn paa den rette Maate; og naar eg, som David i hans sju Botssalmar, gjer Bot og Betring, vil Gud tilgjeva meg og unna meg Sæla.