Utan Rang.

[Del 8 av 10. Fyrste delen.]
 
Skaansk Folkeliv paa 1830-Talet, teiknat av Ave.
                       
III.
                       
(Framhald.)
 
Daniel gjekk no der millom Kornskruvi og tenkte paa sitt sorgsame Liv, slik som det laag bak honom, og slik det skulde verta, um han underlagde seg Faer sins einvise Vilje. Han tenkte paa alle dei lystige Sogur, Provsten hadde fortalt ved Bordet um unge Prestar, som i Fyrstningi hadde voret rædde fyr Kyrkja-Aalmugen, som hadde sluttat med aa setja Støkk i d e n. Provsten sjølv hadde aldri kjent nokon Ræddhug fyr aa ganga paa Preikstolen; han hadde sluppet dilike Plaagur ved aa innbilla seg, at heile Aalmugen var ein Flokk lovlause Ting elder paa Hægdi dei sjællause Havsbaarur, som den græske Talaren Demosthenes øvde seg i Talekunsten fyre. Daniel skulde gjera som Provsten, hadde daa Mylnaren sagt, so vilde det ganga likare ein annan Gong. Provsten hadde bodet Daniel til seg, so skulde han læra honom den Kunsten til rette Stunderne aa lyfta Augo upp fraa dei skrivne Bladi utan aa laupa villt i Raderne og utan aa sjaa nokon av Tilhøyrararne, endaa desse skulde tru, at han augnefeste dei. Detta hadde Provsten kviskrat til Daniel, daa han alt sat i Vogni. Men Vinet aat Mylnaren hadde gjort hans vørdighet meir høgmælt enn han sjølv visste av; baade Mylnaren og Kona hans høyrde Ordi. Mylnaren nikkad til Son sin, men Moeri skok sorgall paa Hovudet.
           
No stod Daniel under Plommetrei aat Sokneskræddaren; desse var reint som yverlesste med Frukter, som skein i blaa, vaat Glans, i di den gladande Soli braut fram gjenom Skyerne og sende nokre skarpe glødande Straalar gjenom Trekrunurne. Daa høyrdest det Laatt inne fraa Stova; men det stadnad tvert. Det er meg, dei lær aat, og no hev dei set meg, tenkte den arme Prædikanten og vilde skyndsameleg draga seg ifraa.
           
Daa synte det seg eit fagert Hovud i det opne Glaset, og Mælet hennar Olu høyrdest segja med uppmodande Tonefall: Det vert fint Veer; Soli gjeng klaart ned, det spaar godt! Og so fekk ho Auga paa Bardomsvenen, som under heile si Vandring dit ikkje hadde kunnat einast med seg sjølv,um han var meint paa aa ganga inn til Knut elder ikkje.
           
Nei men -! Daniel! Det var daa rigtigt vænt gjort; det vil Assar verta glad fyre! Hovudet kvarv burt, men i næste Stundi handtokst dei tvo Skulekammeratarne med honom derute breiddmed dei blømande Rosurne, og den tredie, Bengta, stod raud og smilande i Døri, alt um ho, liksom dei andre, var syrgjeklædd.
           
Takk fyr Herr Danielsson vilde vera med i Gravølet etter Faer min! sagde den unge Landsbymaalen rørd; det var meir enn eg denne Dagen kunde venta.
           
Eg tenkte ikkje helder aa visa meg fyr nokot Menneskje . . . tenkte ikkje aa ganga inn . . . var berre ute fyr . . . fyr . . . eg høyrde dei lo . . . ja, det var daarlegt altsaman, svarad han, i di han steig inn:
           
Dei stirde paa honom; kvat meinte han? Var han ikkje komen fyr aa gjera Æra paa den Avfarne, men berre fyr aa hava aat Likferdsfolket, fyr di dei uviljande hadde komet til aa te seg kvate?
           
Høyr, Daniel, det var ikkje aat deg elder Preika di me lo, for det hadde voret stor Synd, av di me veit alle, at du talad mot eigen Vilje og Vit og dertil var so leid yver, at det gjekk so klent. Det var eg, som forsnakkad meg her, so dei kom til aa læ aat det. Det høver ikkje i ei Likferd, det veit me nok, so du kunde lett koma til aa tenkja ille um oss; men daa tek du i Mist. Det var Bengta, Dotter aat Nemndemannen, som aaleine av alle hadde fatat Meiningi av Daniels stotande Ord, og som paa sin kunstlause Maate lagde fram heile Kyrkjefolkets Tankar um den misfallne Prestegjerningen hans.
           
Dei handtokst med honom no alle; fleire av dei beste Mennerne i Sokni var med der. Sokneskræddaren førde Daniel fram til Bordet fyr aa drikka Reiseskaali med dei hine Gjesterne, som just var aat og skulde fara or Likferdi, daa han kom. No fyrst forstod Daniel, at gamle Bymaalarens Gravøl (ärede) heldst i Huset hans Knut; for Assar hadde inkje Kvinnfolkhjelp heime og hadde det dessutan trongbølt. Studenten hadde so heilt ut nok med sine eigne Suter, at han berre som i Draumar hadde høyrt, at Faer hans Assar skulde jordast denne Sunndagen. Han kunde ikkje segja dei detta; men han tok den Raadi aa gjeva seg til ei Stund, etter at hine Gjesterne var gjengne. Det Bengta hadde sagt, hadde lyft den tyngjande Blygsla fraa Hugen hans, og dermed kom det og fram hjaa honom ein Tanke, som lengje hadde legjet der kvævd og nedstengd. No vilde han raadleggja med Barndomsvenerne sine um det; dei skulde segja honom si Meining; gamle Knut skulde gjeva honom Raad.
           
So sat dei daa her, desse fem, i den romlege Stova, som no var yverskyggd av den skome Kvelden. Daniel sat attmed Knut paa Tverbenken ved Bordet, og Olu sat paa hi Sida av Studenten attmed Hyrneskaapet med Bibelen, Salmebøkerne og Skræddarsoksi. Assar sat paa den lause Frambenken og talad ivrigt; men Bengta sat tagall og still i Kraai ved den store Umhengs-Sengi.
           
Tenk ikkje meir paa den Ting, sagde Assar ivrigt, men sjaa du kann verta nokot annat, nokot som du er lagad til; Preika
           
Ja den kann daa ikkejedu fyre, tok Olu frami, for det var Provsten si, veit eg. Assar kjende henne att, daa du las um dei gule Bladi, som siglad med Straumen og ikkje visste korkje hit elder dit . . . Og um me ikkje forstod Lysingarne, so trur eg ikkje nokon tok seg so nære av det. Ikkje sannt, Bengta?
           
Iminsto ikkje Faer min, svarad denne. Han var berre arg yver, at Provsten kunde finna paa aa lata Daniel lesa upp ei Preika, skrivi med slike Kraaketær som dei han skriv; for dei kann daa ingen annan tyda enn han sjølv.
           
Daniel vende Hovudet til den Kanten, som Mælet kom fraa; men Hondi hans laag i Olu si og vart klappad av den. No kom Maanen inn og lagde Ljos yver Romet, so at Per Danielsson, som no steig inn helder fust, tydeleg saag heile Klyngja ved Bordet. Men Bengta saag han ikkje; ho sat skyggd av den store Sengi.
           
Visste nok, eg skulde finne deg her, din Snjo-Sokk! Halda Skræddarprat og ganga i slikt Folks Sytraad-Snarur, det kann du; men tala eit ærlegt Ord fraa ein Preikestol, det kann du kje meir enn ei kverkt Skjor! Men so hin i mig, so stakkarsleg Prestesvein du enn er, so skal du endaa ikkje gifta deg med Skræddartausi! Per slog i Bordet.
           
Assar stod alt aa Ende og med knytte Nævar; men Knut tok honom i Armen og trykkte honom lindt ned paa Benken.
           
God Kveld, Per Danielsson! De kjem seint til Gravølet aat den gamle Maalaren vaar. Me vilde gjerna bjoda Dykk eit Glas Gravøl-Vin; men De hev visst alt fenget det De toler i Kveld ettersom det høyrest ut paa Talen.
           
Eg er likso fastande som du, Knut; men eg toler ikkje
           
Aa drikka, nei, det veit eg. Per Danielsson hev altid voret vyrd fyr at han held seg ifraa det Sterke. Sit innpaa daa; me sit her og talar um Framtidi. Assar hev misst den gamle Faer sin no; han kann forsyrgja ei Kona; og difyr flyt han strakst hit til oss, so snart Olu og han er vigde . . .
 
( Meir.)