[Mordet paa Bjørkenes.]

Mordet paa Bjørkenes. Det vart, som me fyrr hev fortalt, haldet ei Mengd Forhøyr i Fjor Haust fyr aa faa upplyst, korleids den Gjenta, som fannst daud i Fjoset paa Bjørkenes ved Litlesand, hadde komet av Dage, men det kom Inkje upp. Raadsmagti let seg difyr lita med Distriktslækjaren sitt Skyn, som gjekk ut paa, at Gjenta var elder kunde vera stangad ihel av ei Ku. Skyldfolket aat Gjenta kravde likvel større Vissa, daa det var aalmenn Tru i Bygdi, at ho var myrd. Lækjarskynet vart daa sendt til det medicinske Fakultet til Yverskyn. Fakultetet let upptaka nytt Syn, og Læraren i Rettsmedicin, Professor Hjalmar Heiberg, hev funnet, at det ikkje kann vera stor Tvil um, at Gjenta er slegjet ihel av ein Mann. Læsionarne er gjorde paa slike Stelle og med slik Vald, at det er mest umoglegt, at ei Ku kann ha gjort slikt med Horni. Gjerningsmannen hev venteleg brukat ein Hamar, ei Greip-Reka elder nokot dilikt Verkty og slegjet med stor Styrke lukt i Tinningarne, der det er kjendt, at Hovudet toler minnst. Dei andre Medlemer av Fakultetet er samde med Hr. Heiberg. Men det vert fulla vandt aa finna Mordaren.