Utlandet.

Keisarmordfreistnaden i Ryssland hev vekkt upp att ein Tanke, som var paa Vange etter fyrre Mordfreistnadarne, men som ikkje kom til Gjenomføring, og det er, at Kongar og Keisarar fraa alle Europas Land skal samlast til ei Samstemna fyr aa raadleggja um, kvat dei skal taka til fyr aa verna um Livet sitt og tryggja Samfundi. Seinast leet det so um denne Raadgjerdi, at alle Fyrstarne skulde verta innbodne til Berlin til Gullbrudlaupsfesten, som snart skal vera fyr det tydske Keisarparet, og at dei daa samstundes skulde samlast til Kongress. Men den Raadi skal vera uppgjevi. Men Tydskland hev nog likevæl sin Aathug vend paa det aa faa gjort sams Fyregjerder mot Socialdemokratiet. Det hev sagte ikkje munat stort, det som er gjort. Ikkje er det likt til, at det er stor Raad aa faa med Nihilistarne i Ryssland helder. Den løynlege revolutionære Regjering møter dei radikale Forordningar aat Riksstyret med Upprop og umsegjer alle, som vil laana Haand til dei Fyregjerder, Styret vil setja i Verk, og so er det ingen, som torer. Bladet deira kjem ogso ut lika godt, og ingen veit, kvar det kjem fraa.
           
I Orenburg i Austryssland hev det voret ein Brune so stor, at han er reknande fyr ei Landsulukka. Det brann 949 Hus, 2 Kjyrkjor, 1 Moske, 4 Mylnor, 292 Kraambuder, Upplag av Tjøra og Kol, Kjøtbuderne, Gjenteskulen, Gymnasiet, Klubben, Fatighuset, Politikammeret og Domarbustaden. Keisaren sende strakst 10,000 Rublar fraa Livadia.
           
Fraa Bulgaria er telegraferat den 29de April, at Thinget hev samrøystes valt Prinsen av Battenberg til Fyrste av Bulgaria med Namnet Aleksander den fyrste. Prinsen er ein Skylding av baade det tydske og det ryske Keisarhus, og er den, Ryssland stendigt hev haldet fram som sitt Fyrsteemne. England hev nog helst viljat havt Prins Valdemar af Danmark vald.
           
I Rumelia hev Turkiet med Samtykkje av alle Magterne utnemnt Aleke Pasja, rett-truande græskkatholsk Mann, til Landshovding fyr 5 Aar.
           
Den franske Regjeringi hev lagt Skuleforslagi aat Undervisningsministeren fram fyr Amtsthingi. Av 50 av deim hev 30 uttalat seg imot og 20 fyr Logi.