"Bokstilen og Talestilen".

(Nokre faktiske oplysningar av O. J. Høyem.)
 
Med desse ordom her vil eg ikkje legge meg borti kampen om mit eige arbeid. Men eg og veit, at både G. og K., og mange til, er deltakande med meg i denne saken, at både rosar og lastar vil glede seg, om eg kan legge fram noko å flyte på. G. vil heller ha eit retvist vik sjølv, æn han vil gjera meg minste uret. Hovuddrage i hans kritik er, at eg omset for folkeleg og for lite bibeltru; dette prover han ved 3 avtryk i Fedrh. No. 36 or mit arbeid og set si Retting baketter, der det fins vandska, som eg skal ha haft in som tilsetningar for å få Stilen livleg og folkeleg, men som han stryk for å få rolegare og meire bibelsk Stil. Det er ikkje so godt for folk å døme meg ret, når dei ikkje ser dei orda avtrykt, som eg har å gå etter. Og det er ikkje ret å segje, at ein ikkje veit, om eg har omset ret etter Tangs saga; for det er ikkje bibelen men Tangs (Müllers) saga, eg har lova å omsetje. Men eg trur, desse 2 menner (M. og T.) er forsvarleg bibeltrue. Vi skal no sjå! Eg bed om rom i Fedrh. for dei originalordom, som i omskrift står i Fedrh. No. 36. Og so bed eg folk halde desse 2 ting ihop og døme millom G. og meg. I det første stykkje skal eg setje bibelorda i parentes, so folk kan få sjå, om Tang og eg er sakfalne som utrue mot bibelen. Eg stryk under dei orda, som G. har stroke ut for å få rolegare og meire bibelsk Stil. Soleids forteler Tang:
           
I Førstningen havde alle Mennesker (Bib: hele jorden) eet og samme (Bib: eet Tungemål og eens Tale) Tungemål; men nu hændte det sig, da de reiste fra Øst og fandt en Slette i Sinears Land, hvor de bosatte sig, at de sagde til hinanden: Nu vel, lad os stryge Teglsten (Bib: gjøre, stryge Teglsten, egent. Lersten, Lehm) og brænde dem vel (Bib: og brænde dem vel, i danske Bib: til Gavns) og bygge os en By og et Tårn, hvis Spidse (norsk Bib: med sin Top, dansk Bib: dets Spidse) når til Himmelen og indlægge os et Navn, at vi ikke skal adspredes over hele Jorden! Som sagt, gjort, og de brugte Tegl til Sten (Bib: som Steen) og Jordbeg i Stedet for Kalk. (Altso ikkje berre Teglstein til å byggja med men både Teglstein og jordbek var byggesaker). Men no steig Herren (Bib: Herren) ned at se Byen og Tårnet, som Menneskenes Børn (Bib: Menneskenes Børn) byggde på, og han sagde: Se, her er eet Folk og eet Tungemål (Bib. har heilt det same; han syner einheita ved dei 2 e-ar, eg gjer det ved eit einaste), og nu har de taget fat dette Foretagende (Bib: dette er Begyndelsen af deres Idræt. Men G. har: No hev dei tenkt å gjera dette. Eg har: No har dei tekje åt med dette verkje). Nu vel, vi vil stige ned og blande (Bib: blande, forvirre, eg har fløke bort, G: skilja) deres Tale, så den ene ikke skal forstå den andens Tungemål. Og det gjorde Herren. Når som her, alle desse utstryk og omskriv av ordom mine ogso er utstryk og omskriv av sjølve bibelen, so kan eg ikkje gå med på, at det er Bibelens reine, rolege Forteljing, som står att. Men eg vil ikkje bli for langdryg; difor skal eg bede lesaren sjølv halde ihop stykkje II og III i No. 36 med bibelen og med Tangs original, som no kjem:
 
II. Men Rebekka løb hjem og fortalte, hvad sked var. Nu havde hun en Broder, der hed Laban; og ikke så snart så han Guldsmykkerne, hans Søster havde fået, før han skyndte sig ut til Brønden og råbte til Tjeneren: Kom ind, du Herrens velsignede, hvi står du her udenfor? Jeg har gjort Huset ryddeligt med Rum til Kamelerne. Altså kom Tjeneren ind.
 
III. Tang: Men langt fra at agte på Herrens Ord, slog Kain dem hen, for op mod sin Broder, da de engang var sammen Marken og myrdede ham. Da talede Herren atter til Kain og sagde: Hvor er din Broder Abel? Det ved jeg ikke, svarede K a i n, skal jeg passe min Broder? Hvad har du gjort? sagde Herren: Din Broders Blod råber til mig fra Jorden, og forbandet skal du nu være f r a den Jord, der drak din Broders Blod. - - - Bibelen har ikkje, at Rebekka gjekk heim men løb; likso, at Laban gjorde Plads; likso, at Kain og Abel var på Marken. Er det norsk talemåde: Kain stod upp imot i denne tydning? Og kan vi her bruke: stande, stod istadenfor: stige, steig? At Kain for til Nod viser vel au, at han vart utlæg frå den jord, altså frå rettare æn på.
           
Eg voner, ingen undres på, at eg vil ha fram desse oplysningarne, so folk kan sjå svart på kvit for det, eg har å berge meg med. Desværre kan eg, for rom skuld, ikkje vera so langrødug, som eg hadde trong til for saken. Det er for henne, eg gruver, når skrivingja vart slik, at dei ulærde kan bli 1. mistrygne som lagsmenner og kan tenkje som so, at eg omset korkje etter Tang eller etter Bibelen; og 2. kan bli so kravfulle, at dei trur å sjå mistak av meg i kvar setning. Eg kan verkeleg ikkje anna sjå, æn at eg har tekje tankarne aldeles tru etter Tang og ænog truare etter Bibelen æn desse 3 stykkja ser ut, etterat Rettingja er lagt på dem.
           
Nidaros 19 mai 1879.
                                   
Ærb. O. J. Høyem.