[Bladstyret]

Bladstyret hev dessutan fenget tvo andre Brev fraa Thelemarki, som uttalar seg paa same Leid, det eine underskrivet S, det andre XI. S. vil hava Rinde, Haukom, Bentsen (um det læt seg gjera) og Sandland. Denne seinste held han sterkt paa; i Røysterettsspursmaalet er Hr. Sandland fullt ut frilyndt. XI finn, at Sandland maa vera sjølvskriven istadenfyr Eika; so gaaverik, upplyst og frilyndt Mann hev ikkje Amtet som Sandland. Til Valmenn fyr Kvitseid fyreslær XI Aslak Haukom og Bjørn Brekke. Baade S. og XI bed Sandland um sjølv aa forklara seg um dei Skuldingar, som 6 + er komen fram med. -
           
-Det er godt aa sjaa, at Telemarki hev so mange gode Menn, som kunde vera føre til Thingmenn. Men det lyt me beda Telarne vænt um: at dei ikkje fyr den Skuld skil seg sund i so mange Smaaflokkar, at dei ikkje fær fram sine gode Menn! Dei skal samla seg um dei liberale Thingemne, som det er best Von um aa faa fram; det fær helder vaaga seg, um ikkje kvar Bygd just fær upp sin Mann. Ingen Bygdepolitikk no! hellest kunde Bakstrævarfylkingen snart lura oss.