Utlandet.

Formannen i det tydske Riksthinget, Forkenbeck, forkynnte den 20de Mai, at han vilde leggja ned Formannsembættet fyrskuld Helsa si og den Motsetningi, han hev komet i til Fleirtalet i Thinget. Den 21de mai gjekk Thinget til Val paa ny Formann. Det vart avgjevet 324 Røystersetlar, derav var 119 blanke. 195 Røyster fall paa Seydewitz, som tok imot Valet. Varaformannen hev likeins teket Avskil. Tollforslagi hans Bismarck nyt framleides Framgang.
           
Frankrike. Det gjeng jamnan Ord um, at det skal vera Usamnad i Regjeringi, iser millom Fyrsteministeren Waddington og Innriksministeren Lepére, og at eit Ministerskifte skal vera ventande. Lepère - segjer Brevskrivaren aat Times hev talat ut slike Meiningar og stellt seg paa den Fotstaden, at Waddington ikkje kann arbeida saman med honom utan aa fornegta heile si Fortid, og Lepère treng dertil Ro fyr Helsa Skuld. Det er unaudt aa dylja fyr, at Innriksministeren er av deim, som vil gjeva upp all fast Politik, medan Waddington vil, at det skal regjerast. Vert Lepère standande, lyt Waddington ganga av; for det vil vera langt betre aa draga seg ifraa enn aa gjeva Avkall paa sine Grunnsetningar og berre blindt fylgja Fyresegnerne deira, som ikkje hev nokot Andsvar, men som vil hava Magti. Eg veit, at Waddington hev denne Meiningi, og held det fyr sjølvsagt, at han sjølv elder Lepère lyt ganga ifraa. Det hev elles voret ankat paa av Fransmennerne, at Time-brevskrivaren og andre engelske Bladmenner i den sidste Tid hev lagt seg ut um aa gjera den republikanske Regjeringi so klen og veik som moglegt, og det hev vist seg Teikn til Versning i det gode Høvet, som til dessa hev voret millom England og Frankrike; det hev lydt harde Skuldingar fraa Frankrike mot den engelske Regjeringi fyr uærleg og sjølvnyttug Framferd. Justitsministeren hev forkynnt, ved ei Fagning av Utsendingar av uyste Vinstre, at Regjeringi ætlar ikkje aa amnestera Medlemer av Komunen. Etter 5te Juni vil ho berre gjeva Rochefort, Vallès, Blanqui og nokre andre Naade, men dei fær ikkje dei Fyremuner, som fylgjer med full Amnesti. Ytste Vinstre hev lagt fram i Thinget fylgjande Forslag til Dagsordning: Thinget tykkjer ille um, at Ministeriet ikkje brukar Amnestilogi etter hennar Aand og Tanke, og gjeng yver til Dagsordningi.