[Bladet "Norge"]

Bladet Norge sa um Spursmaalsboki hans gamle Erik Pontoppidan: det er ikkje vaar og det var vel helder ikkje Jaabæks Meining, at Pontoppidans Forklaring bør ut or Skulen. Um detta skriv Hr. Jaabæk i eit seinare Numer bl. A. soleids: Kvat som kann ha gjevet Tilføre til aa segja detta um meg, veit eg ikkje, men det veit eg, at nettupp Pontoppidans Forklaring vil eg ha ut or Skulen. Etter Brev fraa ein Prest i Danmark er Forklaringi lenge sidan forkastad i Skularne der, og det same maatte kunna lata seg gjera her. Eg vilde ingi Lærebok ha i Staden fyr Forklaringi, men eg vilde ha ei betre Gjenomgonga av dei 3 fyrste Evangelibøker (Synoptikarne) i det Nye Testamentet; ikkje det 4de Evangelium, som dei trur er skrivet kring 150 Aar etter Kristus, og soleids ikkje kann vera av Apostelen Johannes. Eg hev liggjande fyr meg ei Forklaring, som er prentad 1863; der finnst 718 Bibelstelle, men av Jesus sjølv etter Synoptikarne berre 102, av Paulus 243 o. s. fr. Forklaringi er mest Theologi (Prestelæra), Jesu Læra i Synoptikarne inneheld den egte kristelege Religion, og eg hev aldri kunnat skyna, kvifyr Ein skulde ganga yver Bekkjen etter Vatn og turrpina Borni med Theologi i Forklaringi, naar Ein hev Jesu Læra i dei 3 Evangelii, som inneheld Religionen.