Byskuleverket.

Kyrkje- Nemndi hev avgjevet Innstilling um Log fyr Folkeskuleverket i Byarne. Det gjeng ut paa, at Skulen skal ha 3 Deilder, nedste fyr Alderen 7-10 Aar, millomste 10-12 og øvste 12-14 Aar. I dei tvo lægste Deilder skal vera dagleg Skule med 24 Timar Undervisning i nedste og 18-24 Timar i millomste Deildi. I tridje Deild skal vera 15-18 Timar Skule um Vika, men Skulen kann leggjast til visse Dager elder det aarlege Timetal samlast paa visse Tider av Aaret. Undervisning skal gjevast i: Kristendomskunnskap, Morsmaal, Soga, Jordkunna, Reikning, Skriving, Song, Haandarbeid (fyr Gjentur), i 2dre Deildi derattaat eit elder fleire av desse Fag: Teikning, Romlæra, Naturkunna og Likamsøvingar (fyr Gutar). I tridje Deildi skal undervisast i: Kristendomskunnskap, Morsmaal, Soga (derunder nokot Kjennskap til vaar borgarlege Samfundsskipnad) og so mange av dei andre til dei tvo lægste Deilder høyrande Fag, som Skuleplanen segjer. Naar Bystyret samtykkjer i det, kann det skipast serskild Skule (til 15 Aars Alderen) fyr forsømde elder evnelause Born, og i Tilknyting til 2dre elder 3dje Deildi elder baae, høgre (videregaaende) Undervisning, som likvel ikkje maa meinka den logsette. Alle Lærarar vert valde elder tilsette af Skule-Nemndi, som underretter Stiftsdirektionen um, kven ho vil velja. Finn Stiftsdirektionen, at ein annan av Søkjararne er betre, segjer han fraa, men held Skule-Nemndi likvel fast paa den, ho hev utset, kann Stiftsdirektionen senda Saki til Bystyret (Formandskapet), og er det samt med Stiftsdirektionen, lyt Skule-Nemndi tilsetja den Læraren elder Lærarinna, Stiftsdirektion og Bystyre vil ha. Alle Lærarar og Lærarinnur ved Folkeskularne i ein By gjer eit Skuleraad, som Skule-Nemndi skal høyra i alle Skulesaker um Skulens aalmenne Skipnad, aalmenne disciplinære Reglar, Lærebøker og Undervisningsplan. Skule-Nemndi skal gjerast av: ein Prest fyr kvart serskilt Soknekall, likvel ikkje yver 3 Prestar, - ein Medlem av Bystyret og so mange av Kommune-Repræsentantskapet valde Menn, som det sjølv finn naudsynlegt. Skule-Nemndi fastset Skuleplanen, etterat Stiftsderektionen er gjeven Tilføre til aa uttala seg um henne. Skule-Nemndi kan tilsetja Tilsyns-Nemnder, dersom det er fleire Skular i same Byen. I ei slik Nemnd maa vera ein elder fleire Medlemer av Skule-Nemndi og ein Prest, som vert vald av Bispen, dersom ingjen av Prestarne i Skule-Nemndi kjem med, og, dersom det finnst naudsynlegt, ein elder fleire andre Menn utanfyr Skule-Nemndi, som ho vel. Alle Byens Prestar (Dissentarprestar og?) hev Rett til aa føra Tilsyn med Undervisningi i Kristendom. Privat Skule fyr Born under 14 Aar lyt Styraren melda til Skule-Nemndi under ei Bot av 50 Krunur, og vantar det nokot paa Moralen hjaa Styraren, kann Skule-Nemndi forbjoda honom aa halda Skule fyr Born, som er yngre enn 14 Aar. Skuledirektøren skal føra Tilsyn med Byskularne og. Som Lærebøker i Kristendom maa ikkje brukast andre enn dei, Kongen autoriserar, og ved Undervisningi i andre Fag maa ikkje brukast nokor Bok, som inneheld range og faarlege Læresetningar (Siegw. Petersens Norigs Soga? Eriksens og Paulsens Lesebok?). Det meste i denne Logi er, som Ein ser, godt, og me vil vona, at ho kjem til aa ganga; ho vil visst gjeva Skulen stor Framhjelp. Men Byskulen er den Skulen, som treng minnst Umbot; me kann difyr ikkje segja oss samde med Kyrkje-Nemndi, naar ho um det private Forslag til Umbot i Landsskulelogi segjer, at det korkje no elder seinare kann verta Spursmaal um aa taka Forslaget under Dryfting utan i Samband med ein gjenomgangande Revision av det heile Logverk um Landsskulen. Det vil sjølvsagt ganga lang Tid, fyrr det kann verta Tilfellet, og i all denne Tid skal Byskulen, som alt no stend langt framum Landsskulen, verka til aa gjera Skilnaden millom Folkeundervisningi i By og paa Land altid større og større, dei beste Lærarar vil sjølvsagt ganga til Byarne, der vil det løna seg aa arbeida, baade fyrdi Skuletidi er lang nog, og fyrdi Lærararne fær ei Medferd, som kann kveikja Hugen til Gjerdi deira. Skulen i Byarne skal vera Folkeskule, Skulen paa Landsbygdi berre Aalmugskule. I Byarne skal Borni jamvel læra Politikk, paa Landsbygdi berre lesa Pontoppidan. I Avgangs-Attestarne fraa Seminarskularne stod det fyr ikkje mange Aar sidan um dei duglegaste Læraremne: kan bestyre enhver Almuskole i en By eller paa Landet, um dei klenaste derimot: kan bestyre en Almuskole paa Landet; det er traditionelt: gode Skular i Byarne, klene Skular paa Landsbygderne, og denne Tradition skal haldast uppe! Endaa det er Landsungdomen, som, naar han veks til, kjem til aa standa fyr Styret her i Landet. Landsbygderne sender 76 av dei 114 Storthingsmenn, og paa Landet lyt mest kvart Barn, som finnst, søkja Aalmugskulen, det er den einaste Skule, som dei hev og kann faa der. I Byarne hev Folk derimot høgre Skular i Mengd, og dei Foreldri, som hev Sans fyr Upplysning, sender gjernast Borni sine, endaa um det kostar mange Pengar, i dei høgre Skular, so Folkeskulen, korleids dei steller han, vert Skule mest fyr forsømde Born, og Born, som hev so faatøke Foreldri, at dei ikkje paa nokor Vis kann leggja Skulepengar. Saki er utsett.
                                                                       
H.