[Flagforslaget er forkastat.]

Flagforslaget er forkastat. Vaart liberale og nationale Parti hadde tenkt aa faa det utsett; dei vaagad ikkje aa taka det upp i Aar, men faa det utsett trudde dei daa dei kunde; dei hadde Meirtal fyr detta, trudde dei; men so daa det kom til Røysting var det tvo som sveik, fortel Aftbl.; - med 41 mot 41 vart Utsetjignsforslaget kastat, og so, daa dei skulde røysta yver sjølve Forslaget, røystad alle imot.
           
Det vil vekkja Undring og Uhug detta. Ein ventad væl ikkje stort av detta Odelsthinget; men so litet ventad Ein væl knapt. Det er mest so Ein lyt koma til aa spyrja med Risør-Sakføraren: Har dette Lighed med vore Fædres patriotiske Sind?!
           
Fyr Saki sjølv er her ingen Faare. Det reine norske Flaget kjem sterkare att næste Gong, - med fleire ikring seg, og boret av eit sterkare, mannslegare Mod. Men det er leidt aa vita, at det nationale Partiet vaart no um Dagen ikkje er stødare. Dei Unionsmerkte er mest fraa seg av Gleda, kann Ein vita.
           
Folketdeidet