[Storthingsvalet i Nordlands Fylke]

Storthingsvalet i Nordlands Fylke er fastsett til 10de Juli i Kaupstaden Bodøy.
           
Det gjeld daa um aa finna frilynde og dugande Menn til detta Landsens største Yrkje, - Menn, som med Vissa kann reknast til den Fylkingen, som vil eit sparsamt Riksstell, og som stenddigt er paa Vakt um alt det, som vedkjem vaart Fedralands Sjølvstende, Æra og nationale Styrkning.
           
Som me veit skal me no hava ein Thingmann meir enn fyrr, etter den Avgjerd, som Storthinget tok i Repræsentationssaki ifjor. Um me gjeng ut ifraa, at dei 4 gamle Thingmenn vert attervalde, so skal me altso endaa hava 1 ny, og so 5 Supleantar elder Varamenn. Og med Varamennerne lyt Ein no vera mykje meir grannt-reknande enn tidlegare; for med dei aarlege Thingmøte kann det lettare henda, at dei kjem til aa rykkja inn. Desse Varamennsval hev fyrr mykje gjenget paa ein Slump; so lyt me passa paa, at det helder ikkje her vert gjenget fram eme Tankeløysa. Iser gjeld detta um dei tvo fyrste Varamennerne.
           
Eg skal etter detta vera so fri, Hr. Bladstyrar, aa peika paa dei Menn, som eg trur det kunde vera høvelegt aa velja paa. Til den femte Thingmannen vil eg nemna:
           
Gardmann Jon Larsson Storfjord fraa Lofoten. Han hev fleire Gonger voret paa Amtsthinget elder Amtsformannskapet som Ordførar og vist Ihuge og ikkje so liten Dugleik.
           
Til Varamenn skal eg nemna:
 
1.      Lærar Otto Steen fraa Bindalen. Han stend no som 3die og er kjend.
2.      Lærar Jakob Nøstvik fraa Velfjorden. Han er ein dugande og frilynd Mann, og Ætting av   gamle Nøstvik, som med mykjen Heider inntok ein av Thingmannsplasserne fyr vaart Fylke.
3.      Lærar O. Myrnes fraa Vefsen. Han er ung, og i alle Maatar eit vonfullt Thingmanns-Emne.
4.      Lensmann Stafne i Hassel. Han er ein upplyst og etter det eg hev kunnat forstaa ein frilynd Mann.
5.      Gardmann Kristofer Andersson Elvsfjord fraa Sør-Reisen, som er ein baade upplyst og klok og gjenom liberal Kar.
 
Som alle veit er noverande fyrste Varamann, Sakførar Arctander fraa Hadsel, innkallad til Thinget etter Stoltenberg. Dermed hev eg talt honom bland dei gamle Thingmenn. Noverande Varamann NO. 2, Gardmann Hans Jæger fraa Raudøy, er ein fullblods Høgremenn og bør ikkje veljast paa av meg og mine Meiningsfelagar. No 3 er, som nemnt, Lærar Steen, som no er fyreslegjen til No. 1.
           
No. 4 er Lensmann Steen i Lurøy, men han er ikkje røysterettug og kom sist fram av eit Mistak.
                                   
Ein gamall Valmann.