[Ved Grenaa i Danmark]

Ved Grenaa i Danmark hev dei i ei Torvmyr (Huldremyri) funnet Liket av eit Kvende, som hev legjet der fraa gamal Tid. Liket er klædt med ein fjorskaftvovet, smaarututt Stakk av Ull med Snøreband av Ledr ovantil, ein Bringeduk med Frynsur og breide Yverslag nedantil. I kvart Yverslag var ei Lumma, den eine tom; i den andre fannst derimot: ein fager Hornkamb av gjenombrotet Arbeid, ein lang Snørering av Ledr, tvo Pergamentstykkje og eit Pandeband med tvo nedhengjande Pyntesnorer. Yver Hovud og Herdar var sveipt ein svart finkrullad Pels med tvo Lummur under Armstaupi. Haaret kraftugt, langt og raudvoret, smaa Føter, fine Hender, litet Hovud. - Daa dei fyr ei 30 Aar sidan fann eit slikt Lik i ei Torvmyr, trudde Professor N. M. Petersen, at det var Gunnhild Kongemor, som var gravlagd, der. Det Kvende, som dei no hev funnet, ser ut til aa ha voret i sine beste Aar, so det kann ikkje ha voret ho Gunnhild. Liket vart gravlagt, men er sidan uppatteket og sendt til Kaupenhamn.