Segnir fraa Førsdal

fortaalde av
 
Halvor Lie.
                         
(Etterleivt.)
 
                         
Alv Lauvvik.
 
Alv Lauvvik va ein stor’ aa sterklege Kare, sei dei gamle, som hev seet ’an.
           
De va daa her va Krig i Norgji, aa annekvar Mann laag uti, som Folk kalla de. Alv laag au uti.
           
De va um Somaaren; heimi paa Lauvvik ha flutt paa Støylen; men so vaande Bjønnen seg so fæle paa Kræturæ, at dei visste seg ’kji skapte Raa. ”Ha berre Alv vori heimi,” sa’ dei, ”ha han snart fengji Bjønnen paa Skot;” men so va han ’kji heimi, aa so maatt’ dei ver’ i de Skinn dei va.
           
Bjønnen blei fælar’ aa fælare, so han gjor kji noko av aa stande tenne mot Jentunn i Budynnæ, aa dei va av seg komne. Han tok den eine Kviga ette den andre, so dei va paavegji ti vill’ heimatte; - men so kaam ’an Alv. Han kaam heim ti Lauvvik seint um Kvelden; so trota han va av Reisa, ba dei han endeleg, um han vil upp ti Støylen aa skræme Bjønnen. ”Han ber seg so, at mi tenkte paa heimatte mæ Kræturæ”, la’ dei ti. Alv va, som venteleg konn’ vera, ikkje mykji hug paa, ”men ette de, at di trur meg slik Kare, ska di faa sjaa, eg æ de au,” sa han. Gjekk han seg so av at Smijja aa kveste seg eit stort Grev, aa so tok han ut.
           
De æ mot ein Fjoraang Vege ti Støylen ende mot Bakkjen, so de va kji lett koma upp, aa inna an kaam upp, va de so myrkt, som de blei. Bjønnen va paa Støylen som vani, aa ville ti me ei Kyr daa Alv kaam, men so renner Alv ti, aa Bjønnen mot ’an paa Bakføtanne aa vill’ slaa ti Alv, men han passa seg nokk aa hoggji so Grevi kav i Hausen paa Bjønnen aa so tisprangs neyvi Kleivanne, aa Bjønnen fekk ’kji fote seg, før ’an va i Lauvvik Toni. So slo Alv ’an ihel aa sette Hovui hass paa Bursveggjen, aa der stænde de kansi den Dag i Dag.
                                                                       
 
Knut Gryte.
           
Knut Gryte va Bror ti Vraal Gryte. Knut va eldri aa ha’ so Rette ti Garen, men so va de ein Susle, som va kji nokon Skipnae i, aa so laut ’an selja ti Vraal Bro sin. Vraal va ei Klo i Livevegjen aa blei rikare for kvor Dagjen. Knut kaupte seg Gare upi Kleivgrennæ, men maatte snart selj’ alt, aa alt de han fekk aa bar fraa Gryte blei han fatikare Dags daglege.
           
So va de eigaang han ha vor’ ne ti Vraal ett’ ein Kass’ att. Han gjekk vond’ aa hyrren paa Heimvegjen aa harma seg yvi de sill’ gange Vraal so væl, aa at han sill faa lite, endaa han ha fengji mykji mei ell Rett va. Best han gjekk sosso eitra seg, kaam der ein Mann’ ett ’an. ”Godag”, sa Mannen. ”Gudsigne”, sa Knut atte, ”ska den Mannen langt? kansi mi fær Selskap?”
           
”Ja de gjer mi”, sa Mannen, ”for eg ska upp ti Kosæ aa setj’ upp ein Stoppi.”
           
Aa so gjekk dei daa aa tala um eit aa anna, ti de for ti skome, men daa gaadde ’kji Knut at, før Mannen tok ti vekse so furelege, at seiste va ’an jamt me Toppanne, aa Varmen frøste ’to baa Kjeft’ aa Nasar paa ’an. Knut, kan du vite, blei so rædde, de let seg ’kji fortelje. Han prøva paa vill’ spring’ ifraa ’an, men de va’kji Raa me, aa so helt de han ti langt paa Kvellen. Daa han kaam unde Bjønneruplassanne, kvorv daa Spøkrie burt, aa Knut kaam, meste sprængde, ti Bondal. Han kunn ’kji fortelje, hoss de ha gjengj ’an, førr um Morgoen, aa um Nattæ va han so rædde aa forskræmde at, um han laag imijjom tvo Karar, flaut ’an upatte i bare Skjurta aa huva for de va fælsklege.
           
Detti æ ingjo seiandes Soge, for Halvor Gryte, Skulemeistaren, va ein av dei, som laag me ’an, aa hev sjave fortaalt før diei eg hev’ høyrt de av, aa han va trugjen som Joræ, de sei alle Menniski.
           
Paa Kosiæ, som Styggjen vill’ reise Stoppen, hængde seg ei Jente den same Naattæ.
 
                       
Per Skoland.
 
Per Skoland va norati. Han gav seg ti i Nissedal, aa de va skili ein Ovkare. Han sill have Gro Dali, men ho narra ’an, aa de tok han seg so neri, at Folk tenkt’ ’an va galen, men han va nok vitugare ell dei kaam ihug, tenkjer eg. So blei ’an synske aa saag baa mangt aa mykji, aa so tok han paa fare; han vanka mykji her i Førsdal. Han laag helste paa Kjyrkjegaranne, sa’ Folk.
           
So va de eigaang han kaam so gravende tileg ti Gryte. Paa Gryte va ei Jente fraa Nissedal, som kjende Per so vel: ”Hor laag du inaatt Per, me du æ so tilege,” sa’ ho. ”Eg laag paa Veums Kjyrkjegare,” sa’ Per, ”Du saag vel noko der?” sa Ingjebjør – so heet Jenta -. ”Nei gjor’ eg kji, men der tusa so smaatt,” sa’ Per. So sill Per ver’ der heile den Dagjen.
           
Um Kvellen sa’ Ingjebjør: ”Naa lyt du sjaa om her æ noken her i Huse inaatt Per.” ”Ja de ska eg,” sa’ han, ”men so lyt du kaama ti meg førr Solæ sprette paa noken Stein’ i Morgo.” Aa so lae Per seg ut i Storstoga. Ingjebjør va ei, som ikkji forsov seg, aa ho kaam ti Per før Soli spratt paa noken Steine: ”Æ her noken feige,” sa’ ho. ”De drog Bleia ette seg,” sa Per. So va Kjerengjæ paa Garen kleine, so tenkt’ ho de kunn’ vera ho; men nei: ”han æ ’kji heimi her paa Garen,” sa’ han.
           
Um Vettren ette kaam Foddogji ti Gryte aa blei kleint aa døe der.
           
D’æ rart hot slike veit.
           
Per for aar ette Aar, aa hor ’an kaam va ’an vælkomen. So kaam han eigaang ti Kvitsei aa vill yvi Fjoren der; so vaaga ’an ti Dala me dei, at ’an sill gange tjurrskodde yvi Fjoren, dersom dei vill kji nevn’an paa Navn me ’an va paa Vatni, aa dei vaaga imot aa ikkji sill nevn ’an paa Navn; - men vonde Folk æ verr ell den Vonde. Daa dei saag hoss ratt ’an gjekk, fælte dei for Peninganne sine, aa so ropa dei: ”Per! Per!” aa so sokk ‘an aa bleiv. Eg hev ‘kji høyrt at dei gjor noko for aa rædd’ ’an.
           
So utrugji aa ratelegt Folk hev ingjen høyrt gjeti!
 
                                   
Friaren.
           
De va eigaang ein som va av aa fridde. Han kaam tileg paa Kvellen tigars, aa so sill han ut i Stoga ha Mate. So va her kalt, aa Smøri va so hart ’an kunn’ kji setje Sukka i de. De brann i Skorsteinen, aa han sat eisemalle, so tenkt’ ’an: eg ska vite Raa, aa so tok han Smørtalerken aa gjekk fram at Skorsteinen aa ti vørme paa Smøri; daa de tok ti vørmast, skrei de av Talerken aa av ne i Oska. Guten rei meste baklengjes, en so færm han naa Smøri paa atte, hekar so upp Glasi aa flyg’ ut paa Skine sine aa tok ut aa kaam ’kji der mei.
           
Daa Folkji vill so ut, aa bjo ’an ete bæri, va’ kji Friaren aa sjaa ell høyre, aa Smøri sto i Aaren, so blautt som Skvæp. Ha ’an vor der daa, so ha ’an fengji eti.