Svar til "Flere Theler."

(Or Norge).
 
Hr. Redaktør! Eg maa beda um Rom fyr nokre Linur i Bladet dykkar. Eg skal gjera det so stutt som maugelegt.
           
I No. 36 i d. B . hee Flere Theler voret ute aa fikta med Svipasnerten etter meg, elder som dykk kallar han, Innsendaren i Fedraheimen. Snerten rokk meg ikkje og snaudt nok høyrde eg Ylen av honom. Eg trudde og trur, eg ikkje trong saa Bank fyr det, eg skreiv um Thingvalet, daa eg fyreslog so frisinna og gjæve Menn, som dei finst i Telemarki, men eg ha nærre sagt, at dykk ikkje vil hava av dei den beste eg nemde, meddi dykk liksom veit so plent, at Bentsen ikkje er elder vert valbar. Er det Ide elder Verkeligheit dykk talar ut fraa? Det vore hækjeleg Moro aa vita. Er det Verkeligheit, so gjeng eg yver til dykkar fyreslegne Menn, men er det Ide, so kann eg ikkje gjera det.
           
Eg sette Thomesen i same Rekkja som Taraldsen og Eika, og det gjorde eg av ein Grunn: Eg tykkjer, at Thomesen er likso flus og flot som dei i Pension- og Pengesaker. I store Saker hev han nokk eit vidare og liberalare Syn, men eg vil hava ein Thingmann paa Bondens Sida baade i smaa og store Saker, ellest vert han kløyvd i Odden. Det er som Ordtøkjet segjer: at mange Bekkjer smaa, gjer ei stor Aa, elder mange smaa, men fluse Pengesaker kann au gjera ei stor Aa i Rikskassa. Nei, smaa Grunntankar maa ein Thingmann hava likso væl som store. Her er ikkje saa mykje aa vera fluse med, skal Bonden og Arbeidaren leva ikkje reint som Træl i Landet; for han fær ikkje Dyrtidstillegg, um Tidi er klenare og Livemaaten billegare, som Embættsmennerne fær.
           
Eg vilde hava Thomesen meir paa Jaabæks Sida (Sparasida), so likar eg honom. So attende til Bentsen. Vert han ikkje valbar, so er eg au av sama Meiningi som dykk, at ein lyt taka Thomesen i hans Stad. Men heve Bentsen endefram (direkte) sagt dykk, at han ikkje vil flytja inn i Fylket vaart? Eg hev aldri sett i Bladi, han hev skrivit nokot um det. Vil han ikkje flytja, so trudde eg, han longe sidan hadde meldt det.
           
Eg krev Bentsen til aa segja fraa detta i Tider, so Valmennerne kann faa samla seg um Thomesen. Men vert han valbar, so held eg meg til Bentsen, som eg fyreslog i Varden. Altso
1.      Per Rinde,
2.      H. Bentsen 1) ,
3.      A. Haukom,
4.      S. Sundbø.
 
Ein som hev Røysterett.
 
1)   Thomesen, vert ikkje Bentsen valbar.