<Død>

Henrik Krohn.
 
Telegrafen hev boret hit det Syrgjebod at Henrik Krohn, den gamle gjæve Maalmannsføraren vaar, døydde paa Heimgarden sin, Stedje i Sogndal, Laurdag den 14de Juni, trygg og roleg, full av Kjærleik.
           
Det er med djup Sorg, me melder detta, og mange vil med oss kjenna Saknaden etter ein so gjæv Hovding. Faae Menn hev gjort meir enn han fyr vaar norske Sak, og ingen hev arbeidt med varmare Kjærleik og med meir usvikeleg Truskap.
           
Han var trøytt og sjukleg i sine seinare Aar, og me fekk difyr høyra mindre ifraa honom enn me gjerna vilde. Men han livde likso heilt og varmt med i Strævet vaart no som fyrr, og hans Voner var bjarte som i hans friske Ungdom.
           
Det liver Tusund rundt i Landet, som minnest og enno saknar hans ungdomsdjerve, bondekjære, norsk-norske Ferdamann, som jamsides Dølen var med og tok dei fyrste svære Tak i vaart nationale Reisningsarbeid. Og hans friske Songar liver enno paa Ungdomens Munn og vil liva lengje.
           
Det tynnest kring Merkesstongi no i den gamle Fylkingen. Men Minnet um dei gjæve og gode Menn, som seig under Ny-Norigs Merke, skal mana oss Unge til aa stemna dess djervare fram, so det aldri skal verta spurt elder sagt, at Norigs Menn sveik sitt Merke elder misste Skjolden paa Valen. Haug skal reisast yver dei Fallne; men fyr kvar Haug, som reiser seg, vert vaar Sak meir dyr, og vaar Strid meir heilag.
           
Yver Henrik Krohns Grav gjeng det som Lurtonar. Blod-armt er Hjartat i den Nordmann, som ikkje vekkjest ved dei.