[I dei nordamerikanske Sambandsrike]

I dei nordamerikanske Sambandsrike hev dei fleire Lærarinnur i Skularne enn Soldatar i Heren. Naar Ein undatek Fagskularne i Vestpoint fyr Landsofficerar, Anapolis fyr Sjoofficerar og Fortress-Monroe fyr Artilleristar, hev Sambandsstyret inkje med Skularne aa gjera; dei einskilde Rike syter fyr det. Innkomurne til Skuleverket var i 1874 i heile Rikssambandet 82 Mill. Doll., Utgifterne 75 Mill., Lærararne i Folkeskulen 40,000 og Lærlingtalet 4 ½ Mill. av 8 Mill., som var innførde i Listurne. Umfram Folkeskularne var det 343 Colleges med 3783 Lærarar og 56,692 Lærlingar, 124 Presteseminar med 580 Lærarar og 4268 Lærlingar og derattaat 99 Lækjar-Læreverk med 1621 Lærarar og 9025 Studentar. Ved 10 Colleges er serskilde Avdeilder fyr praktiske Vitenskapar; desse Avdeilder svarar til polytekniske Skular i Europa. Massachusetts, som hev ei Folkemengd som Norig, hev 8500 Lærarar i 5750 Skular med 310,000 Lærlingar; Skulen der kostar 18 Mill. Krunur um Aaret. I Norig derimot brukar me til Folkeskulen Kr. 3,601,795 um Aaret. Men Norig brukar Kr. 5,375,672 um Aaret til Faatøkverket, og 10 Millionar til Herverket, og det gjer Skil det.