Karl Johan Nilsen,

den utmerkte Læraren, den hjartevarme Fridomsmannen og Maalmannen, heve sagt Verdi farvel. Vaaren drog altid hans Hug bort fra Støvet ud fra Byen, som han sjølv eingong song; det vart honom daa for trongt her inne, og han lengtad ut til Livet paa dei store Vidder med dei frie Utsyn. Ogso i Aar gjekk han ein fager Vaardag ut men kom ikkje atter.
           
Fredagen den 2dre Mai kom han burt og vart snart saknad og ettersøkt av Venner og Kjenningar, men fyrst um Kvitsundagskvelden vart Liket hans funnet i Akerselvi, og Laurdagen den 7de Juni fylgde ei lang Rad av Venner honom til den sidste Kvilestaden paa vaar Frelsurs Kyrkjegard.
           
So braadt og uventad sloknad eit Liv, som enno syntest vera so sterkt og lova eit langt Dagverk. Karl Johan Nilsen stod enno i sin beste Alder. Han var fødd i Lurøy Prestegjeld paa Helgeland den 10de September 1836 og var soleides ikkje fullt 43 Aar gamall. Han vaks upp som Fiskargut og lærde tidleg aa ferdast paa Sjoen og ferdast i Strid med Stormen uppved Helgelands Strender. Men hans Fiskarliv varde daa ikkje lenger enn til ikring Tjugeaarsalderen; daa han hadde eit godt Hovud og ein sterk Hug til aa læra, for han i 1855 til Seminariet paa Trums og gjekk i 1857 ut derifraa som Skulelærar i Finnmarki. 2 Aar etter vart han Lærar ved Aalmugskulen i Kristiania, sidan ved Nissens Skule og endeleg i 1877 ved Kathedralskulen her. Han vann tidleg Lov fyr sine framifraa gode Lærargaavur, og heile hans seinare Lærargjerning sannad i fullt Maal dette gode Lovordet. Men Nilsen var meir enn ein dugande Skulemeister, han var ein varmhjartad Ven fyr sine Skuleborn, og difyr var og dei Smaa so glad i honom: Det synte seg i hans daglege Ferd millom deim, og det synte seg den Dagen, daa dei smaa Vennerne hans møtte fram med sine fagre Kransar til Kista hans.
           
Jamsides med si Lærargjerning arbeidde Nilsen trottug paa aa vidka sine Kunnskapar; han vart Student i 1864 og studerad i nokre Aar Teologi, men sluttad sidan med dette Studium, av di han ikkje hadde vidare Lyst til aa verta Prest og dessutan syntest, han vart for gamall til aa bala lenger med Eksamensstrævet. Han var ogso med sine Gaavur meir lagad til Handling enn til Lærdom, han hadde meir Hug paa aa studera sjølve Livet enn Bøkerne.
           
Nilsen var ein Mann med klaar Syn og varm Kjennsla fyr Alt, som var godt og fagert, men serleg slog hans Hjarta varmt fyr vaart Land og Folk. Dei, som hev voret i Lag med honom paa hans Fotferder, veit kor glad han var i dette Landet med dei tusund Fjordar og tusund Fjell; kvar Sumar laut han upp aa helsa paa desse sine kjære Fjell; der kjende han seg fri og ung atter, der fann han Lækjedom fyr so mangt eit Saar, der kunde han liggja og gleda seg som eit Barn, sjaande ut yver det fagre Landet. Han var ein av vaare hævaste Fjellfararar og hev voret upp paa fleire av vaare høgste Tindar. Men framum Alt elskad han det Folk, som han var runnen upp or; han var til sin sidste Dag ein ærleg norsk Bondegut, frilyndt, folkeleg og full av Eldhug fyr Alt, som var ægte norskt. Difyr var han og ein so trufast Maalmann; Maalsaki var honom ei Hjartesak, henne vigde han sine beste Tankar og sitt kjæraste Arbeid. Han var millom dei Menner, som stiftad det norske Samlaget og var i lenger Tid med i Styret fyr det. Og endaa han ikkje hev skrivet nokot vidare paa Maalet, so er det daa visst, at han heve verkat meir enn dei fleste Maalmenner; paa sine Ferder Landet rundt fann han altid Rom i Skreppa til nokre norske Bøker elder Visor, og mange er dei, som han ved Samtale og Fyrelesing hev gjort til Venner av denne vaar folkelege Livssak. Med Karl Johan Nilsen heve Maalsaki misst ein av sine trugnaste Stridsmenn.
           
Nilsen var ein vensæl Mann, og mange Venner rundt um Landet vil med Sorg høyra Daudeordet hans. Han var ein utmerkt Kammerat, ærleg og tru som Gull; fekk han høyra, at ein Ven var i einkvar Vande elder trong um Hjelp, so var han altid sjølvmint ved Handi og tok eit Tak med; og han tok jamnan i so det munad. I Vennelag var han helder glad og lettlivad; der kunde Munnen hans strøyma yver med sprakande Talar og leikande Løgje; men i dei stille einslege Stunder kunde du stundom finna honom sturen og sorgtung, misnøgd med Verdi og med seg sjølv. Han kunde daa ikkje lenge med aa sitja still; han maatte stødt hava nokot aa strida med, og likad seg betre i Storm enn i Stilla. Han var som ein Mann paa Langferd, som aldri hev Stunder til aa stadna lenge paa kvar Staden. Vi maa fremad mange Mile endnu denne Dag, heve han eingong songet, og det var liksom Grunntonen i hans heile Liv.
           
Soleides ferdest han her imillom oss, kjend av Alle og daa i Grunnen som ein Framand, som gjeng sin eigen einslege Veg midt i den yrjande Mengdi. Og soleides kvarv han tilslutt burt fraa oss lik ein Ferdamann, som bed Godnatt og gjeng einsaman heim: han kvarv i Myrkret, og Ingen ser honom meir.
           
Men me, som kjende honom og fekk honom kjær, me vil allstødt med Takk minnast honom som ein tru Ven og ein god Nordmann, som trufast til det sidste stod i Striden fyr gamle Norigs Fridom og Heider.                                                           
 
X.