Repræsentationen.

[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
(Framhald.)
           
At Valmaaten vaar ikkje er so god som han kunde vera, er det likt til fleire er samde um. Den Rettarboti dei daa hev tenkt skulde hjelpa, er endeframt Val.
           
I flestalle andre Land er denne Maaten i Bruk, so me her hadde Døme nok utantil. Me maatte daa sleppa fraa oss desse Millommenn (Valmenn) og lata Upphavsveljararne sjølve kora Tingmenn. At det no ikkje skulde verta for strævalt fyr Veljarom aa samlast, laut Ein gjera Valringarne mindre; kvar Ring laut faa berre 1 Tingmann.
           
Det er greidt, at detta i seg sjølv vart eit Framstig. Ein kunde daa vera stød paa, at i verste Fall svarad eit Fleirtal i Thinget til nokot yver Fjordeparten av Veljarom (altso dubbelt mot no), og daa Val-ringarne vart so mange fleire enn no, vart det og so mykje større Von til, at um eit Parti rauk i ein Valring mot ei Yvervigt av faae Røyster, so kunde det vinna att i næste Ringen med likso faa Røyster i Yvervigt.
           
Men i det store og heile vilde Mindretalet daa og vera utestengt fraa Tilhøve til aa nytta Røysteretten sin.
           
Til kvar Tid aa avgrensa alle dei einskilde Ringarne vilde og verta eit svært Mas, naar Ein heldt strengt paa, at kvar Ring korkje skulde vera for stor hell for liten. Det er i det heile den same Tanken, som baade det direkte og det indirekte Valet er bygt paa, so det direkte vel vart til liten Hjelp, dersom denne Tanken no ikkje skulde vera den rette.
           
Størst Vigt vil vel det hellest hava fyr mange, at det gresgrendte Land med den tungvinnte Samferdsla i altfor stor Mun vilde hindra Folk fraa aa møtast til Val paa eingong fraa heile Krinsilen. I Byom vart det no i so Maate betre.
           
- Vil me difyr ikkje slaa oss til Ro med det Systemet me no hev, lyt me sjaa til, um det ikkje skulde vera finnande ein Maksel, som var fri fyr dei gamle Veilur.
           
Me kann no fyr det fyrste slaa fast som eit Skilord, at kvar Borgars 1)Røyst skal vega likt yver heile Landet . Det er slik no, at det berre er paa Lag Helvti av dei Røysterettuge, som brukar denne Magti si; den andre Helvti, som sit heime Valdagen, kan vel ikkje reknast til Veljarom; dermed synest det vera litet Rim i aa spyrja etter deira Meining, naar dei sjølve ikkje idest bera henne fram; men so fær helder ikkje dei verkelege Veljarar raada yver den Magti, som høyrer Heimesitjararne til. 2) Altso: Dei, som ikkje sjølve brukar Røysteretten sin, reknast ikkje med, - og umvendt: Berre naar Ein sjølv brukar Røysteretten sinn yt Ein godt av denne si politiske Magt.
           
Skal no kvar Borgars Røyst vera jamgod, maa Talet paa Repræsentantar paa dei ymse Stader vera bundet av Talet paa Borgarar (Røysterettuge); og skal kvar Veljars Røyst vera like god, so maa Talet paa Repræsentantar vera bundet av Talet paa avgjevne Røyster, elder med andre Ord: Eit og same Tal av Veljarar korar alle stader ein Repræsentant.
           
- Det er vel mindre Von, at Val fullt ut etter slike Grunntankar hev voret brukat. I Danmark skal dei likevel hava ein Maate, som i sumt liknar innpaa denne; dei kallar det Valg efter Forholdstal.
           
Det var ikkje Tanken her aa freista greida ut alle praktiske Gjerder fyr eit Val etter desse Grunnar; men fyr nokorlunde aa visa, kor det vilde taka seg ut, skal eg her skildra ein Maate det kunde gjerast paa.
           
Grunnlogsreglarne fyr Talet paa Thingmenn fraa dei ymse Ringar trengst ikkje lenger; istaden gjeld det berre aa faa fastsett, kor mange Veljarar det skal til fyr aa velja ein Valmann, og kor mange Valmenn skal kora ein Tingmann. Lat t. D. 50 Veljarar kora ein Valmann og 20 Valmenn ein Thingmann. Val-Ringarne maatte og avgrensast so, at det kom meir hell ein Tingmann paa kvar.
                                                           
( Meir.)
 
1) her: Mann, som hev Røysterett.
2)