"Bergens Tidende"

Bergens Tidende skriv bl. A.: Den norske Regjeringi hev i det seinste teket Andsvaret fyr fleire Sanktionsnegtingar, som vil vekkja Gaum utyver heile Landet. Folk var bune paa, at det vilde verta negtad Sanktion paa den kommunale Skattelog og Prestegardslogi; det stod klaart fraa Fyrsten, at desse Logjer maa arbeidast fram etter Grl. § 79. Men onnorleids var det med Logi um Uppløysing av Borgarkori. Her var Mindretalet 9 i Odelsthinget og 7 i Lagthinget, og alle Borgarkor hadde kravt Logji, liksom Innrettningi stod utan Studning i den aalmenne Meining. Regjeringsaatgjerdi i denne Saki er soleids underleg. Trur det Stangske Ministerium aa kunna bergja den søkkjande Skuta si paa denne Maaten? Meiner Hs. Eksell. Drottseten, at han fyrst i Ro kann fara til Schweiz, naar han veit Landets Orden og Fred i Henderne paa vaare trufaste Borgarar? Elder er det hin løyndomsfulle Samhug, som vert uttalad i det kjende Ordtøkje: Kraaka søkjer Make, som hev fengjet eit upopulært og veikt Ministerium til aa halda uppe ein upopulær og litet kraftfull Institution? Me veit det ikkje; me veit berre, at Sanktionsnegtingi vil vekkja retthøvt Missnøgje utyver Landet.