[Det er væl faae]

Det er væl faae, som er fullt ut nøgde med det Thinget, som no er heimfaret. Men me maa minnast, at det var ikkje greidt aa arbeida og halda seg ved Lag i Aar. Denne fæle Pengenaudi baade i Rikskassa og i Landet tyngde svært, og rangt og bakvendt var det paa mange Maatar.
           
Det viser seg og i den Ting, at so mange eldre Thingmenn no segjer Yrkjet ifraa seg. Arbeidet vert for svært; uppgaavurne dyngjer seg upp verre og verre. Og so er det væl mange, som kjenner paa seg, at her er ventande ei ny Tid i Politikken: ei Tid daa Folket tek til aa gjera meir Aalvor av Sjølvstyret og krevja Ærendsmenn, som det kann lita paa. Mange av desse hinkande Halv-Vinstringar vil ikkje finna ei slik Tid hyggjeleg.
           
Me takkar det gamle Thinget for den gode Viljen, det hadde, fyr dei gode Verk, det gjorde, og fyr dei endaa fleire, det vilde gjort; - og so ventar me med godt Mod paa dei nye Val. Me trur, at Folket no tek til aa faa ein Vilje.