[Vinje kallad Henrik Krohn]

Vinje kallad Henrik Krohn ein merkjeleg Mann: utan sokallad Studering, men gjenom det praktiske Liv, som Handelsmann, hev han arbeidt seg fram til aa vera ein Skribent av ikkje liten Rang baade i bunden og i ubunden Stil. Det er mangt ved honom, som likjest Ivar Aasen, nemleg nokot tenksamt og greidt og klokt og paalitelegt, og derfor vert han og mest lesen av Landsfolket og den store Aalmugen.
           
Han var ein barnsleg, rein og varm Natur. Det barnslege laag væl paa ein Maate i Tidi; men hjaa honom var det Givnad. Derav hans glødande og ikkje tilgjorde Elsk til Landliv, Bondeliv og Idyll. Det siste større Arbeidet hans, den rette Sida, er i so Maate likso merkjelegt, som det han skeiv i tidlegare Tid. Stykket kom for seint; Tidi hadde vendt seg; men hadde det komet 20 Aar fyrr, hadde det fengjet Rom i Rad etter Ervingen og Til Sæters.
           
Det siste han skreiv, var Brevet her i Bladet til Ekspeditionschef Hertzberg. Ein kann med Sanning segja, at han seig under Merket; det, han huglagde i sin Ungdom, var og det, som han stridde fyr tilslutt. Han hadde full Rett til aa stiga fram som Nemesis og krevja til Rekneskap dei lette Fyrar, som var begeistrede i 50- Aarene, men gjekk ifraa, daa Tiderne vart tunge. Han var trufast til siste Blodsdropen; han var ein av dei æ g t e Tankens Menn. Æra skal han hava fyr det. -
           
- Det var gjenom Krohn og Janson, at eg fyrst lærde aa kjenna og elska Maaltanken; difyr hev eg havt som ein serleg Elsk til desse Menn. Dei stend enno fyr meg i Glansen av dei lysande, svermande Barndomsdraumar, eg i den Tid spann kring denne Tanken, og difyr var Krohns Avferd liksom eit personlegt Tap fyr meg. Eg veit han var glad, daa Fedraheimen tok til, og dei siste Brevi, eg fekk fraa honom, gav meg som ei Kjenning av, at han aandeleg tok til aa friskna. Faae Ting styrkte meg meir enn hans Samtykkje, og det vil eg segja her yver hans Grav, at hev Fedraheimen gjort nokot godt i Maalreisningsstrævet, so er det i ikkje liten Mun hans Arbeid, som her hev boret Frukt.
                                   
Arne Garborg.