Fraa Amerika.

Hickory Grove 25/ 3 79.
 
I Kvardagslaget hev den amerikanske Bonden det nokotsonær like eins som den norske. Der er Skil paa Livemaaten, eit annat Matstell, reinare og ljosare Bustader, og i sine Ting ein annan Arbeidsskikk; men Livet yverhovud vert daa det same. Um Sundagen er det derimot større Skil; for her hev Bonden ein god Sundagsskule aa søkja, og det hev ikkje Bonden der heime.
           
Sundagsskulen vert halden i Kyrkja liksom Preika. Um Morgonen, naar Bonden er ferdug med alt Heimestellet sitt, ser han avstad. Fyr det meste tek han heile Huset med seg, og det vert daa gjerna eit heilt Vognlass av friske Ungdomar. Detta gjev Liv i Sundagsskulen, kann du tru. Der syng dei og les, og kvar Avdeild elder Klasse hev ein Lærar. Læraren spyrr, og kven som helst i Klassen svarar. So er det ofta der vert ulike Meiningar, og dermed kjem det upp Ordkast, som ikkje stansar, fyrr Saki er greidd. Slikt er huglegt aa vera med paa; for det fører til Etterspyrsla og Ettertanke.
           
Paa Skularne hellest ser me ofta, d. v. s. um Vinteren, vaksen Ungdom, Gutar og Gjentur. Dei lærer fyr det meste Historia, Geografi, Fysiologi, Grammatik, Rekning og Lesning. Annankvar Fredagskveld held dei Talar. Religion er ikkje Skulefag, som de veit. Men Skulebøkerne er umhyggjeleg skrivne til Rettleiding fyr Ungdomen. Um Religionen inneheld The fifth Reader (ei Lesebok) detta:
 
Religionen, det einaste Grunnlag fyr Samfundet 1)
 
Religionen er ei Samfunds-Sak, han verkar kraftigt paa Samfundet, og styd i mange Maatar dess Stødleik og Framgang. Religionen er ikkje berre ei privat Sak; Aalmennta er djupt interesserad i, at han vinn Magt; for han er den beste Næring aat dei Dygder og Grunntankar, som Samfundet kviler paa. Rein og sann Religion er: aa gjera godt; og det er sjølvsagt, at dersom Gud er Samfundets Grunnleggjar og Ven, so maa det aa vedkjennast Gud magtsetja Samfundsdygderne, og den upplyste Gudstru maa i all si Kraft verta til Hjelp fyr offentleg Orden.
           
Faa Menn hev Tanke um, kannhenda Ingen forstend, kor sterk ei Studning Religionen er fyr kvar einaste Dygd. Ingen Mann, kannhenda, hev Syn fyr, kor alle vaare moralske og samfundslege Kjenslur er fødd fraa denne Kjelda, kor magtlaust Samvitet vilde vera utan Trui paa ein Gud, kor naamen den menneskelege Godvilje vilde verta, naar der ikkje var ein Sans um ein høgre Godvilje til aa kveikja og upphalda honom; kor snart det heile Samfundsverk vilde skangra og med illhervelegt Brak søkkja ihop i botelaus Røys, dersom Tankarne um eit høgste Væsen, um Andsvar og um eit Framtidsliv, skulde tynast ut or Menns Hug.
           
Og lat Folk heilt ut tru, at dei berre er ei Framfostring og eit Spileverk aat Lagnaden; at ingen høgre Visdom hev styrande Haand i dei menneskelege Ting; at all deira Framgang sloknar i Dauden; at dei veike hev ingen Formyndar, og dei lidande ingen Hemnar; at der ikkje er Løn fyr Ofringar til gode Fyremaal; at ein Eid er uhøyrd i Himmelen; at løynde Ugjerder hev inkje Vitne utan Gjeraren; at menneskelegt Tilvære er utan Fyremaal og menneskeleg Dygd utan nokon usvikeleg Ven; at detta stutte Livet er vaart heile, og Dauden full, æveleg Endelykt; lat dei eingong taka Religionen heilt burt, - og kven kan forstaa elder skildra den endelause Jammer, som vilde fylgja?
           
Me vonar, kannhenda, at menneskelege Logjer og naturlegt Godlynde vilde halda Samfundet ihop. Likso godt kunde me tru, at um Soli var sløkt paa Himmelen, so vilde Ljosi vaare upplysa og Eldarne vaare kveikja Jordi og gjera henne fruktrik. Kvat er der i Naturen vaar, som kann vekkja Vyrdsemd og Mildhug, dersom Mannen er eit Dags Naut? og kvat er han væl meir, dersom Gudløysa er Sanning?
           
Tak alle Gudstankar og all Gudsagje ut or eit Grannelag, og Sjølvelsk og Sansesykja vilde gløypa heile Mannen. Lyster, som ikkje kjende Motstand, og Liding utan Trøyst og Von, vilde speande trakka paa dei menneskelege Logjer. Dygd, Skyldnad, Moral vilde spottast og vanvyrdast som meiningslause Ljodar, - - og Mannen vilde i Sanning verta det, som Gudnegtings-Læra segjer, at han er: ein Jamlikar aat Dyret.
           
- Her, som me ikkje hev Rikskyrkja, hev kvar ein Fridom til aa tena Gud etter sitt Samvits Kall. Og eg trur ikkje, her er mindre sann Gudstru fyr det. Det maa Ingen tru, at Aalvoret vert mindre, naar det personlege Andsvar veks.
           
Detta hev de godt av aa minanst um, de der heime! -                                                    
 
S. G.
 
1)