Fraa Bygderne. [Førsdal]

Førsdal, Telemark Toreveer. No um Onsdagjen denne Vika slo Tora ned ved Garden Bereve, snaut ein halv Fjordung Veg fraa Hovudkjyrkja. Det var ein fælskeleg Smell. Etter alle Merkje hadde ho slegji ne i ei stor Osp, daa der fraa denni ti alle Kantar var uprivne djupe Greftir i Jordi. Eit Stykkje neanfyr var uppgravi ei meterdjup, lang Greft, og endaa eit Stykkje derifraa att, tett ne mot den nye Aalmanvegjen, som no er under Arbei her, grov Lynelden midt imillom Vegarbeidaranne smaa Veitur i Jordi. Ingjin Mann kom ti Skae, som var eit Guds Under og ei stor Lukke. Men flestalle vart hart medtekne; sume fekk vont her, og sume der, nokle kanta so lange dei var, og nokle vart slengde lange Stubbanne. Ein liten Gut, som stod paa Vegjen, vart kasta tvo Gonger i Lufti, utta aa verta skadd.
                                               
O. B.