Henrik Krohn.

Fyrste Gongen eg saag Henrik Krohn var, daa eg var ned i Budi hans og skulde kaupa ei Bok Papir. Han budde den Tid nedunder i same Huset som mine Foreldre. Eg var den Tid ein kaut Latinskulegut, og han var berre Kræmar. Litet drøymde eg um den Gongen, at han skulde verta min gode Ven, og at den Sak, som eg den Gongen log aat, Maalsaki, var den, som skulde binda oss saman.
           
Som Student kom eg atter i Lag med honom. Eg lærte daa i denne Kræmaren at kjenna ein fin, kunnskapsrik Mann, som visste myket meir enn eg, og det som underlegt var, hadde Idealer og var trufast mot deim til sin Døyande-Dag. Difyre var det vel, det inkje gjekk med Kræmarskapen. Han slong fraa det eine til det andre, var uppe i dei mangfaldige Ting, og endad sidstpaa som Bonde elder rettare som Hagemann paa Stedje i Sogndal. Han skulde voret Vitenskapsmann, Henrik Krohn, Naturvitenskapsmann. Alt fyrr Ivar Aasen var framkomen med sine vitenskaplege Verk i Landsmaalet, heldt dei i Bergen paa med same Tanken: ut or dei mange Maalføre at skapa ei norsk Normalform. Det var Folk som Jan Prahl, Georg Grieg, Nygaard (no Rektor paa Fredrikshald) og Henrik Krohn. Dei tok Bjørnson upp millom seg, daa han fyrste Gongen kom til Bergen, og var inkje utan Innverknad paa honom. Dei fekk honom til at giva ut ei faarleg Friing paa Landsmaale, og Maalet i Arne og Halte-Hulda ber og Merke etter, at han heve voret i Maalstrævarklør.
           
Namnet Henrik Krohn kjem til at verta uløyseleg bundet til Maalstriden i vaart Land. Eg heve aldri kjent ein Mann, som so barnlegt trudde paa den Saki, som so iherdigt stridde fyre henne. Eg livde saman med honom i Sogndal dei fyrste Maanadar etter at eg var gift. Me hadde kvar sitt Rum i kvar sin Ende av den gamle Riddar-salen paa Loftesnes, so møttest me i Salen. Det var eit Herreliv. Me gav vaart norske Hjarta Luft med at tuta paa Lur ned paa Bryggja, laag paa Fjorden, og gjekk Fjellferder, me hadde dette spræke, liduge Soknefolket med sitt klingande Maal kring oss kvar Dag. Me saug det i oss som Musik. Men trøyttsamt var det at ganga med honom etter Vegen. For han kunde inkje møta ein gamal Kall elder krokutt Kjering, ein Arbeidskar elder ung Gjenta, minders han skulde stana og faa seg eit litet Prat der paa ein Stein og leggja ut fyre deim. Og Maalsaki var det fyrste og Maalsaki sidst, uppatter og uppatter, seint og tidlegt. Eg kunde inkje skyna han kunde hava Tolmod til detta, men naar det galdt den Saki, gjekk han gjenom Eld og Vatn. Eg vart so gorleid den Maalsaki, at eg snaudt nog torde høyra henne nemna. Og so som han trudde paa Bonden! Han vilde liksom inkje høyra og sjaa all den Usseldomen og Stakkarsdomen, som var kring honom. Han var bergteken av den spræke, svellande Naturkraft, av det klangfulle Maalet. Alt detta andre vilde detta av deim som ein stygg Ham, meinte han, naar Folket fekk Upplysning paa sitt eiget Maal, og det kunde det inkje vara so lenge til. Han trudde so fast paa Sanningi til Maalsaki, at han meinte, alle velmeinande Folk snart vilde faa Augo upp og koma etter. Det var ogso Maalsaki, som gjorde honom til Diktar. Han sagde ofta til meg, at det inkje nettupp var ei Naturtrong fyre honom til at skriva; men han vilde hjelpa fram Maalsaki paa den Maaten. Og so skildrad han den Natur, som han hadde elskat fraa Gut, Fossen, Fjellet og Skogen, og det Folket, som livde millom desse Nutarne med det varme Hjartaslaget under den slitne Kufta, med det sterke Tankelivet under det logne, kalde Ytre. Han skreiv si Stokholmsferd (den minste Parten gjeng um Stokholm), si Ferd fraa Sogndal til Fjerland, sitt Svalheimsfolk, sin Geirstad Trond og si Svein og Gudveig. - Eg høyrde ein Gong Bjørnson heldt ein Tale fyre honom; han hadde den Gongen ein Stikkefabrik i Sogndal. Han liknad daa desse Bøkerna hans ihop med Fyrstikkor, som Bønderne strauk der i si nakne og kalde Stova, og strakst fatad det Varme paa Peisen, og det vardt varmt, ljost, hus-hyggelegt. Det var godt og sant detta, tykte eg. Bøkerna hans gjera inkje Krav paa at vera store, tankeskapande Diktarverk, dei vil vera det dei er, varme, livfulle Skildringar fraa den Natur og det Bondeliv, han saag paa, som ein Elskar ser paa si Brud, dei vil endaa breida Varme og Gleda kring seg i mang ei Stova. Millom Bøkom hans stend Svalheimsfolket og Geirstad Trond høgst.
           
Og so Ferdamannen! Kor trælad han inkje med honom og bar trufast Byrderna i tvau Aar utan ein Skilings Vederlag. Det er inkje so greidt stødt at skulo vera Snjoplog. Hadde han endaa fenget Lov til at skriva heile Bladet sjølv. Men alle desse Brevsendingar og Vers, som han laut lesa og retta og flikka paa, dei stal baade hans Tid og hans Merg. Men Ferdamannen var eit godt Blad, den Tid det gjekk, og det skal nemnast honom til Æra, at han dreiv det igjenom.
           
So fekk han Vestmannalaget til at ganga i Bergen, so var han med og fekk istand det islandske Handelssamlaget og tapad mangfaldige Pengar paa det. Naar det galdt Norskdomssaki, var han ferdug stødt.
           
I den seinaste Tid gjekk han trøytt, han var vel helder inkje so heilsug lenger som fyrr. Han hadde drøymt som sin fagraste Ungdomsdraum ein Gong at koma til at eiga Stedje i Sogndal; der var ein Kjempehaug der med Runestein paa og fagre Hengebjørker ikring, der han jamt plagad liggja paa Magen og skriva Vers, naar han var inne i Sogndal. So bar det til, at Garden vart skift etter den gamle Eigaren, og han fekk kaupt Huset, Hagen og Haugen sin. Men eg trur inkje han var full-lukkeleg der likavel. Han var ein overlag flink Hagemann og likad fælt det Arbeidet, tok og Premi baade fyre Kaal og Frugt fleire Gongjer; men han hadde inkje den friske Hugen, det sterke Modet som fyrr. Han var komen for nær inn paa Livet til Bonden. Han hadde set, at alt dette stygge, som hekk ved Bondelivet derinne som Moldklumpen ved Skorne, var meir enn ein laus Ham, som snart datt. Bonden sjølv vilde inkje sitt eiget Vel, han skauv burt Hondi, som vilde hjelpa honom, han trakkad paa si beste Sak. Daa vardt han tungsint og beisklynd. Ingen Ting nyttad lenger. Eg brevvekslad inkje ofta med honom i dei seinaste Aari, men Brevi hans var altid mismodige, saare, so dei gjorde meg ilt; han tykte, han hadde havt litet atter fyre Strævet sitt. No sat han mest still og lydde etter Herropet og Lurblaastren, som gjekk yver Landet. Da Bjørnsons Konge kom, sende han honom Takkebrev. Hadde han den Tid havt Mod til at ganga ved, at han i so mangt hadde teket i mist, hadde han opet og ærlegt skriftad, kvat det var, som vantad baade Bymann og Bonde, hadde han gjenget det verkelege Livet nær under Augo og teket Striden upp, der han skulde førast, so hadde han kannhenda frisknat til. Det er Bekjendelser vaar Tid treng. Korleides hans sidste Tid var, veit eg inkje. Bodskapen um, at han var sloknad, kom som eit Toreslag paa meg, eg visste inkje, han var sjuk ein Gong. Han var barnlaus, men som Ægtemann og Husfader var han framifraa. Eg heve aldri møtt Maken hans i kjærlegt Umgjenge. Daa Tidendi um hans Avferd kom til meg, samlad eg i Hop alle vaare Minne, og daa skreiv eg honom dette Minnediktet:
 
Du Bonde, som so seint deg dreg,
seg veit du, kor han elskad deg,
den Mannen her, som aldri veik,
som no ligg kald og bleik?
ja visste du det, gamle Døl,
du gret paa denne svarte Fjøl
med henne, Enkja, som forstod,
kor varmt hans Hjarta slo.
 
Hans Fel var den, han drøymde stort,
han trudde, det so snøgt var gjort
at rista Bonden og hans Maal
upp or hans seige Taal;
han saag den norske Fylking glad
paa Drakeskipet, Rad paa Rad,
med norske Flagget reint i Stamn,
og Seir fraa Hamn til Hamn.
 
Reint øren av den Klang av Staal
fraa Sagatid og Bondemaal,
han inkje høyrde, inkje saag
kor nede Folket laag;
han breidde Kjærleiks Kaapa ut
paa falne Gjenta, raae Gut,
han elskad Trælen i sitt Hi
fyr det, han kunde bli.
 
Men daa han so Aar etter Aar
fekk hogt i Hjartat Saar paa Saar,
fekk sjaa ein Mur kring Folket lagt
av Raaskap, Prestemagt,
fekk sjaa det læ med kaldslegt Mod
aat deim, som gav sitt Hjartablod,
kaut trakka paa si beste Sak,
glad sigla paa sitt Vrak, -
 
Daa vart han beisk, daa vart han saar
og meire tungsint Aar fyr Aar,
han grundad, utan Bergningsfjøl,
paa Breiddi av seg sjølv;
han hadde Bogen spennt so kvast,
at Noregs Von med Stengen brast,
ei stolt som fyrr fraa Aasens Kam
han ropad: Bonde fram!
 
Kvar Gong du, Bonde, finn din Tolk
i Geirstad Trond og Svalheimsfolk,
kvar Gong du tvættar Hugen rein
med Gudveig og med Svein,
so minnast daa med Hugnad han,
som vart ein fredlaus Ferdamann,
og lær di Gislaug elder Jon
at elska Henrik Krohn.
 
Kristofer Janson.