Um sitt Liv

skreiv Henrik Krohn i 1870:
           
Eg er fødd den 10de Mai 1826 i Bergen. Foreldri mine vaaro Konsul og Grosserar Wollert Krohn og Frøken Henrikke Gran. Daa eg var 8 -9 Aar gamal, flutte Foreldri mine til vaart gamle Ættarsæte Stend, som no er Landbruksgard. Her leikad eg i Lag med Strilegutar og Gjentor, til eg var 16 Aar, og paa den Visi vart eg meir Bondegut en Bygut, nokot eg no takkar Vaarherre fyre, som lagar alt til det beste. Sekstan Aar gamal gjorde eg mi fyrste Utanlandsferd og leid hardla ilt, som foor vel, for Guten drog ut imot Viljen til den snilde Moder si, som helst vilde at han skulde studera, daa ho trudde at han hadde fenget gode Gaavor. Men eg vilde til Sjøs og vera ein staut norsk Sjømann, som eg inkje dugde til meir en Katten. Eg trur snaudt at nokon norsk Mann heve voret so plagad med Sjøsjuke, som eg. Daa eg so kom heimatter, var det meir Aalvor komen i Guten, og han var nogso annsam med at lesa seg til at verda ein dugande Handelsmann. So fann han gode Kjenningar og Vener, som hjelpte honom fram til Syn paa alt det, som er stort og vænt i Heimen, og so tok han snøgt til med at studera Fedralands Saga og Natursaga o. s. v., so at paa ein viss Maate Ynskjet til Moder hans gjekk i Uppfylling likavel, og kanskje, etter som eg no trur, paa den beste Maaten. Kann henda hadde eg studerat Storlæte vendt meg fraa mitt Land og Folk, som somange større Karar en eg heve gjort. No er det mi største Gleda um Sumaren at draga ut til Folket mitt og studera Livet, baade det stygge, som eg so gjerna vilde faa burt, og det gode, trufaste, som eg so gjerna vilde skulde aukast meir og meir. I Sogndal heve eg butt baade Vinter og Sumar, og dei 3 Aari millom dei store Fjelli og det hugsterke Folket vaaro sæle Aar tykte eg, alt um eg med Sorg og Hugverk ofta laut sjaa paa stor Raaskap og Sedløysa, nokot som Maalmannen minst av alle maa vera blind fyre. Under all den Svott og Motburd me høyra, heve eg daa alltid havt Tru paa den nationale Atterfødsla i Noreg, og i den Trui lagde eg i Vegen med Ferdamannen, som likavel vardt meg for myket helseslitande, det var einaste Grunnen til at eg lagde ned Ferdastaven, for Tingararne aukad meir en eg kunde vona.
           
Eg er gift Mann med Prestdotter Hanne Kamstrup, mi trufaste Luttakar i ilt og godt. Ja god heve Herren voret mot meg i dette Stykket.