Utlandet.

Frankrike. Folkethinget heldt fyrre Torsdagen fram med Ordskiftet um Skulelogi aat Ferry. Lamy (or vinstre Centrum) talad imot Logi, fyrdi Republiken var for vel grunnfest til aa turva negta Kyrkja Fridom. Skuleministeren Ferry tok deretter Ordet. Logframlaget, sagde han, gjekk ikkje utum det, som Staten hadde Rett til, og det var manat fram av ein aalvorleg Faare, som det vilde møta med Kraft og med dei rette Vaapen. Det var sagt, at det fannst ingen Lærefridom utan religiøs Samlagsfridom. Det stod daa paa, um denne Fridomen verkeleg hadde nokot med Lærefridomen aa gjera. Denne hadde altid voret Statsretten undergjeven. Dufaure hadde sagt i 1848, at Staten kann ikkje te seg likesæl med desse Ting. Det er berre Meiningi aa gjeva Staten den Stelling, som honom tilkjem, og halda uppe visse Statsgrunnsetningar og ein Statsmoral. Vilde Folk tola ei Upplæring, som var rettat imot Fedralandet sin Fridom? Og er det ikkje etterleivt i dette Fedraland ein Arv av Tankar, som dei nolevande Ætter maa leiva etter seg aat sine Born? Det er Revolutionen sine Tankar, som set Staten paa eit fast Grunnlag. Thiers hadde stødt ganget ved, at Skulespursmaali ikkje var abstrakte Spursmaal, men høyrde til det politiske Umraade. Ministeren gjekk so etter, kvat Rettsgrunn dei religiøse Samlag hadde aa kvila paa. Han godtgjorde, at dei etter Logerne ikkje var til. Aldri hadde Statsraadet godkjennt dei Gaavor, som hadde voret etlade aat deim. No fyr Tidi var det i Frankrike 156000 ikkje-godkjennde Munkar og Nonnor, fyre 1789 var det i Høgdi 62000. Fraa 1861 til 1877 var Medlemmerne av Samlagi aukade fraa 107,000 til 156000. Ein annan Faare ladg i Tilvokstren av Jesuitarne. I 1845 var det 200, i 1861 1085 og no 1509. Dei hev 31 Skuleverk og 9131 Skuleborn, yver Halvparten av deim, som vert upplærde av dei ikkje-godkjennde Samlag. Dei verdslege Skuleverk, som er styrde av dei godkjennde Geistlege, tapar det, som dei ikkje-godkjennde Samlag vinn. Det er eit aalvorlegt Høve, og det er til aa fyresjaa, at dei frie verdslege Skulor og Skularne aat det godkjennde Presteskap innan visse Aar er uppgløypte av Jesuitarne. Soleids er altso dette Samlaget i Røyndi uppattrettat. Er det verkeleg det same, som no rører upp i heile Europa? Ja, og med dei same Læresetningar og dei same Faarar. (Samtykkje fraa Vinstre.) Det er i Frankrike verkeleg Mot-Revolutions-Skular (Staak). Dei historiske Lærebøker, som der brukast, er ikkje uhendugt skrivne som fyrr. Ein lyt lesa desse Bøkerne heilt igjenom fyr aa rett forstaa, for ei Fiendskaps-Aand mot det moderne Samfund dei er fyllte av. Der stend aa lesa, at Inkvisitionen aldri dømde til Dauden, men at den verdslege Magt kunde taka dei Avfallne att, naar dei forleet den geistlege Domstol. Trudomskrigarne er alle tedde fram til Fyremun fyr Katholikarne, og dei forsvarar Atterkallet av det nantiske Edikt. I ei onnor Bok er Verket aat den grunnloggjevande Samling gjort til eit Aagrip paa Kongens loglege Rett, den franske Revolution er maalad med dei myrkaste Fargar, Grunnsetningarne av 1789 er andstemnde likefram (Uro). Desse Verk andar ut eit ublidkande Hat mot det moderne Samfund. Um det so er Carnots Herar, so vert dei gjorde laattelege, og dei gjeng endaa so vidt, at dei segjer, at Konventet ikkje var god-til aa forsvara Frankrike mot det framande Innfall, og at Krigarne aat Velferdsnemndi vart førde fyr aa vinna Tilheng og plundra (Rop fraa Vinstre). Reisingi av dei Friviljuge i 1792 er no gjort til ei Skrynja. Det heitest, at i England er Kvinnfolki Trælar, og at Borni vert selde, og at det er den sjølvgjevne Fylgd av den engelske Kyrkjelæra. Den politiske Mynstergjerd, som vert avmaalad aat Skuleungdomen er eit Einvelde, som er undergjevet Pavemagti. Den moderne Soga vert forfalskad. Forordningarne aat Karl den Tiande vert godkjennde og samtykkte i eit og alt, og det er berre det aa klandra ved deim, at dei ikkje vart medfylgde av fullkraftige Tiltak. Styringi aat Louis Philippe vert ille medfari. Den 16de Mai 1877 vert upprost som eit ovgildt Itak, innblaaset av gode Ætlingar, men fordervat ved dei liberale Idear hjaa dei fleste Ministrarne (Laatt fraa Vinstre), og dei vert lastade fyr det, at dei ikkje etter Vali tok til eit nytt sterkt Itak. Dei Framtak, som Ministeren hadde gjort, var trengjande fyr aa kasta lite Ljos yver Skularne aat dei ikkje-godkjennde Samlag; men det var berre det, som Lærebøkerne inneheldt, kovori maatte daa ikkje den munnlege Upplæring vera? (Sterkt Samtykkje fraa vinstre Centrum.) Det er ein aalvorsleg og trugande Faare, som Logi kannhenda vilde vera ei unøgjande Hjelperaad imot. Ministeren bad um Løyve til aa halda fram med Talen sin i næste Møtet. (Samtykkje.) Det næste Møtet vart sett til Fredagen.
           
Den republikanske Regjering hev kjennt seg sterk nog til aa gjeva Bonapartistarne Løyve til aa halda ei Syrgjegudstenesta fyr den avlidne Keisarprinsen i Paris. Høgtidi vart haldi i Kyrkja St. Augustin fyrre Torsdagen ved høgst Dags Leite. 20000 Menneskjor møtte upp, dei fleste svartklædde. Det var som aa sjaa ein Dag i Keisartidi, berre med mindre Dramb, enn som daa hadde vortet vist ved ein slik Fest. Alt gjekk stillt av seg, og Politiet heldt seg undan. Berre daa Paul Cassagnac gjekk utor Kyrkja, fekk han Fylgje av nokre Politimenner til Vogni si. Prins Jerôme vart helsad, daa han steig utor Kyrkja, og det var sume, som freistad ropa Vive Napoléon! men Ropararne vart strakst døyvde. Hermed er kannhenda Bonaparte-Soga ute, elder iallfall avbroti fyr lenre Tid. Det Testamente, Keisarprinsen hev leivt etter seg, er reint privat, for Prinsen heldt Arvegangen fyr avgjord av Folket og ubrigdande utan dess Samtykkje. Prins Jerôme, den raude Prinsen, skulde soleids vera Ervingen, men han er fulla til eit visst Maal bundet av si tidlegare Samlaging med Republikanararne, og av same Grunn kann helder ikkje Bonapartistarne festa rett Lit aat honom. Litet vilde det fulla ogso nytta honom aa freista seg mot Republiken; einaste Vinningi vørte ei Landlysing or Frankrike. Maagen hans, den italiske Kongen, raader honom av all magt fraa aa lata sin Son Viktor verta sett upp som Keisaremne.
           
Tydskland