[Madison, 10de Juni 1879.]

I vetr enn gong badde Fedraheimen nokre av Davids salmar. Det var so ovlega fagert, tykte eg, og eg ynskte so, at me kunde faa meir sovoret. Paa det fagre mormaalet er nog alt fagert; men ingen ting er aa likna med Bibelordet og annat Guds-ord, naar det kem paa det gæve fedramaalet. No nys kom eg paa den tanken, at det skulde vera ovgildt aa faa eit kyrkjeblad ogso paa norsk. Kunde ikkje hr. pastor Unger og utgevaren av Nokre Salmar leggja seg ihop og faa upp eit slikt blad, og t. d. skipa det so, at dei fylde ikring helvti av kvart numer med umsetningar av Bibelen, snart or det gamle og snart or det nye testamente. Eit sovoret blad vilde nog vera kærkomet fyre mange, og ifall det badde nokot meir av Bibelen, vilde det gera myket til, at der snart kunde takast aat med den fulle bibelumsetningi; men anten det verdt gjort nokot elder inke i denne leidi til aa rydja vegen fyre den norske Bibelen, so maa de der heime inke drygja forlenge med aa byrja paa dette storverket (aa umsetja heile Bibelen). Ogso naar det var komet so langt med bibelyrket, at ein badde fenget so mange dugande menn og somange pengar, at ei umsetningsnemnd var nedsett, vilde det vera godt, um denne nemndi hadde eit kyrkjoblad, som med eit kapitel ender og daa kunde vitna og minna um deira store yrke.
           
Det er hugsamt aa høyra, at me skulo faa ei ny, god noregssoga; eg gled meg so til henne. Men kunde det inke lata seg gera aa faa nokre landkort i boki, i minsto tvo, eit yver det gamle og eit yver det nye Noreg? Dei vilde gera det, um dei inke var so fine og kostasame. Det vilde hjelpa folk til aa skyna boki, myket meir, en um ho fekk mange bilæte av byar og kyrkjor og store menn, som dei gerna gera det med sogobøker i Noreg og Danmark. Her i Amerika er det sjeldan aa finna ei sogebok, som er ætlad aat aalmugen, utan fleire Kort, eit fyre kvar hovudbolk av boki.
                                               
Vetle Tungovard.