[Spursmaalet um eit norsk Kyrkjeblad]

Spursmaalet um eit norsk Kyrkjeblad, mest som Organ fyr Bibelumskrifti, skal me beda dei, som her heime hev Huglag fyr Saki, tenkja yver. Det vilde visst vere eit nytsamt Fyretak. Men Bibelumskrifti burde vel vera komet eit Stykkje lenger paa Veg, enn ho enno er, naar det ikkje skulde trjota paa Tekst. Um Kort til Norigssoga skal me segja, at Boki no er ferdug, og at det norske Samlaget ikkje no ser seg Raad til aa faa utarbeidt Kort til Boki. Vert det sett nokor Pris paa Verket, kann det vel lata seg gjera aa faa utgjevet eit Kort, helst yver Norig i Midaldren, seinare.
           
Bladst. og Styret fyr det norske Samlag.