Fraa Bergen.

I vaar konservative By er det rolegt no, etterat det er avstillnad med Braaket og Staaket um Flagget. Embættesstandet og Storhandlararne ero so smilande og blide yver det Utfall, Saki fekk i Tinget, og meina, at no er ho vel jordad og nedlagd. Um Thingvalet er enno inkje Tale; venteleg vil dei velja uppatter baade Hille og Nielsen. Istadenfyre Amtmann Rye kannhenda Doktor Danielsen vert vald, daa Bustaden hans no er komen inn under Byen, og sannt at segja hava dei vist inkje nokon betre at røysta paa. Kpt. Krog, Ordførar i Bystyret, kjem vist paa Tale. At Handverksmennerne lenger vil halda paa Aarestrup er mindre Von. Det er Synd at segja, dei gode Handverkarar ero myket liberale elder frilynde, men no vil Spursmaalet um Tollen vonlega vekkja deim upp, og so vil dei vist sjaa til at finna seg eit betre Storthingsemne en Aarestrup. Dei hava likevel inkje mange at velja millom. Reipslagar Irgens, som er ein framifraa dugleg Mann, heng paa Regjeringssida baade i vaatt og turrt, derimot er Fargar Jenssen ein frilynd Mann, som kunde høva til slikt eit Umbod, og so Seglmakar Behrens, som helder inkje er burtkastande; han hadde vortet vald sist, hadde han inkje bedet so fagert um at sleppa, og so gjorde dei honom til Vilje og valde Aarestrup. Behrens vart fyrste Varamann.
           
Inne i Fylki halda dei paa med Skriv um Storthingsvali. Sunnhordlendingarne vil vist halda paa Løberg, Haugland og Konow; ellest er det ymse Meiningar. Sume vil hava baade Skaar og Juel, andre vil hava Presten von der Lippe i Fjell og Gardbrukar Saakvitne i Ulvik. Nordhordlendingarne og Vossarne vil endeleg hava ein or sine Bygder, og heve peikt paa Lensmann Lillegraven i Voss. Sume tenkja og paa Kyrkjesongar Riisnes og Vaktmeister Lisheim; men det er nokk inkje rett mange, som ero paa den Sida likevel. Vil dei hava ein ny Mann paa Tinget fraa sydre Bergensamtet, og dei inkje kann finna nokon framifra Bondemann, vilde Presten v. d. Lippe og kann hende Presten Hansen i Etne vera dugande Menner, som vilde standa ved Sida av Presten Sverdrup i Spursmaalet um Prestevalet. Um dei ero so frilynde i andre Saker, kann vera uvisst; men det er Von um, at v. d. Lippe vil i det meste fylgja den liberale Fylking.
           
I nørdre Amt er det uppreiknat so mange nye Storthingsemne, at det er utrulegt, alt fraa Amtmannen og ned til Gardbrukar Jenssen i Sulen. Det er trulegt, at berre Sverdrup og Tonning verta attervalde; dei tri hine vil dei, etter som det ser ut til, giva Heimlov, og stor Skade er det ikkje i det. Men at finna nye dugande Menner er inkje so greitt, serleg daa Sogningarne fyre det meste vil hava konservative Menner paa Thinget, medan dei i Firdafylket vil hava liberale, og so helst Bønder. Sakførar Blehr i Leirdal vil soleids faa mange Røyster fyre seg i Fjordarne, men faae i Sogn; leidt vilde det vera, um inkje denne duglege, frilynde Mannen skulde koma fram iaar. Næst honom er Kyrkjesongar Kirkhorn ein av dei likaste av Bondestandet, baade dugleg og frilynd; men han heve den Veila, at han er nokot braadsinnad og framfus, og det er sakte eit Lyte paa ein Storthingsmann. Kyrkjesongarne i Refsdal i Vik, Liljedal i Kyrkjebø og Høvik i Askevoll om han ellest heve Røysterett -, og Gardbrukararne Ole M. Bakke i Dale og Per Hessevik i Davik vil vel koma til at tevlast um den femte Sessen. Den likaste av deim er vist Refsdal, og so kunde det vel verda Tale um slik ein Kar som Landhandlar Halvardsson i Stodrheim; han var truleg vel so god. Sakførar Smitt i Florøy og Lensmann Andresen i Leirdal faa knappt mange Røyster, minders Sogningarne skulde slaa seg ihop um deim.
           
Sjaa der, Hr. Redaktør, heve De ei liti Yverskoding av Valstriden her i Bergen og Umkverve. Nokot annat heve eg inkje at skriva um, som er vidare verdt at nemna. At Maalmannshovdingen vaar, Henrik Krohn, er avliden, veit De. Det var eit Syrgjebod fyre hans mange Vener og Kjenningar, og eg kann vel leggja til, fyre alle, som elska vaart dyre Modermaal Landet ikring. Naar den lukkelege Dag renn upp yver Norig, at me faa fullt Løyve til at nytta vaart eiget Maal, baade i Skrift og Tale, baade i Kyrkja og paa Thinget, daa heve eg Tru um, at dei Menner, som daa liva, vil æra slike Kjempor i Maalstriden som Ivar Aasen, Vinje og Krohn og setja Bautasteinar paa deira Graver. Fyre kvar ein av desse Kultarne, som ganga til Kvile, aukast Arbeidet og Aabyrgsla fyre oss, som standa etter i Kampfylkingen. At slike fara burt, manar oss til at nøyta oss og kvessa Vaapni, alt etter den Givnad og det Tilføre, kvar ein av oss heve fenget. Men eg heve god Tru; det er inkje Nordmanns Vis at sleppa halvgjort Arbeid, og so skal inkje helder vaart Folk giva upp Arbeidet og verta modlaust, um ein etter ein av Fyregangsmennerne stupa; - det kjem nye istaden.