[Fraa Fredrikshall]

Fraa Fredrikshall vert det skrivet til Fedrh.: Det stend ei Stytta midt paa Torget fyr Peder Nordmann, Hans Kolbjørnsen og Peter Kolbjørnsen. 18de Juli ved Middagsleitet var det korkje Kransar elder Flagg paa Stytta. Den eine etter den andre manad paa dei, som stellte med Flaggi, at dei skulde pynta Stytta, men dei var rædde, at Svensken inkje skulde lika det, sagde dei. Endeleg, sistpaa, paa Slutten sette dei upp 4 Signalflagg inkje eit einaste norskt Flagg paa Stytta og hengde paa ein Krans.
           
Kongens Namnesiffer var uppsett fleire Stader, gult paa blaa Botn svenske Fargar.
           
Paa Jarnvegsstationen hekk det norske Vaapnet paa vinstre Sida! Det høyrest utrulegt, men det er sannt.
           
Det kann vel difyr inkje forarga nokon, at Erkebisp Sundberg i Tala si nemnde Svenskarne fyre Nordmennerne. Vil Nordmennerne endeleg vera baketter stødt, so vert det nok Raad til det.