Ferdaminne fraa 1876.

(G.)
 
Det var væl ein av dei siste Dagarne i Juli. Me hadde som snøggast gjenomfaret Jotunheimen og sat no trøytte og glade i den gode Stova hans Ola Røysheim i Lom, ved Foten av Galdhø, millom ein stor Flokk av Ferdafolk, og fekk oss Mat. Dei flestalle var framande, allvisst fyr meg. Men millom alle desse Framande var det ein, som drog meg meir til seg enn dei andre, for han saag ut til aa vera helder rar (original), og kvat og glad syntest han vera millom Vener. Han saag meg ut til aa vera uppimot dei 40, var klædd i ein kvit tunn Sumarfrakk, hadde Brillur og svart Skjegg; han var mager og ikkje stor, men lidug og snar i Vendingi, Augo kunde sjaa lystige ut bakum Glasi, og han lo ofta, um han enn tottest lika seg mindre godt millom alle desse Framande og serleg saag ut til aa ynskja Damurne paa Bloksberg. Det var likt til, at Ferdafylgjet hans hadde stor Moro av honom, og at han ikkje hadde nokot imot det. Aa høyra til paa Samtalen var han ein Mann med mange Paafund; dei fleste av desse fann Folk løglege, og han kunde læ aat dei sjølv med, men fann likevæl i Grunnen, at dei var gode. Paa denne Turen hadde han mill. A. fenget fat paa ei Katt-ula, som han med stort Bry førde med seg; hans store Sorg var, at ho vilde ikkje eta, endaa han gav henne baade Livr og alt det som godt var. Kvat han vilde med denne Fuglen, veit eg ikkje; men det veit eg, at han hadde utrulegt Stræv med honom, og at me snart alle hadde den største Moro av Karl Johan Nilsen og Ula hans. Ja det er sannt: Mannen heitte Karl Johan Nilsen. Og sidan hev eg funnet det forunderleg naturlegt, at just han kunde lika aa hava ein slik Fugl til Kammerat der inne paa den einsame Hybelen sin i Kristiania.
           
Eg og Fylgjesmannen min, min Ven Nils,Filosoffen, skulde paa Galdhøpiggen Dagen etter; dermed vilde me segja Jotnarne Farvæl. Nilsen og ein av hans Fylgje vilde og med, og dertil eit Par unge Bergensarar. Veeret hadde i den seinste Tidi voret surt, men saag den Morgonen ut til aa vilja lettna. Me sette tilfjells. Den, som var fyrst i Rekkja, var Karl Johan. Slik Turist skulde du aldri sjaa. Han ruslad i Veg so lognt, so maklegt, at Ein trudde han maatte vera lett nok aa fylgja; men naar Ein so skulde sjaa seg til, var han ende upp i høgste Aasen og snudde seg rolegt og stod og saag ned paa oss andre, som kom der pustande og sveittande uppetter Bakken. Han saag paa oss paa same Maaten som den gamle Steggen, naar han stend paa Strondi og ser paa, at dei smaae Andungarne øver seg i aa symja. Meg tok han seg serleg av, vonleg fyrdi eg var den minste. Eg vilde no og gjelda fyr eit Stykke av ein Turist; eg hadde paa min Fot gjenomfaret Telemarki, Hallingdal, Valdris, eit Stykke av Gudbrandsdalen, og no Jotunheimen og skulde deretter taka Sogn og Voss; - men daa Karl Johan fekk sjaa Maaten eg gjekk paa: stigande berre med Framfoten paa alle dei Steinnar og Tuvur eg saag, - so laut han til aa retta paa meg. De lyt nok stiga meir heilt paa Foten, sagde han i ein viss høfleg, men faderleg Tone, og so agta Dykk fyr Steinarne. Eg laut finna meg i det, endaa eg som alle Ny-Emningar var fælt var um Æreprikken. Men strakst etter saag eg Karl Johan siglande fram langt uppi Lidi, fyre baade Føraren og alle oss andre. Han lagde seg framyver og steig paa; lange, støde Stig; Ein kunde tru, at han var fødd med Turistranselen paa Ryggen.
           
Det var mitt fyrste Møte med denne underlege Mannen. At me vart kjende, som seg væl mest av, at me baae tvo var Maalmenn. Men der var han og den gamle grunnfeste, og eg berre Ny-Emningen. Det var just den Sumaren, eg hadde ført min fyrste Maalstrid med Hartvig Lassen i Aftbl.; dei gamle Maalmenn heldt meg fyr ein Proselyt og saag paa meg halvt med Tvil, halvt med Samhug. Det var visst det, som gjorde, at Karl Johan og lagde Merke til meg. Paa Galdhøpiggen kom me ikkje, og det var mi Skull. Eg var sumarklædd, og frostall som altid; og daa me kom paa Styggebre, fekk me ein Snøstorm so fæl, at eg væl knappt hev kjennt Maken. Men endaa verre vart det, daa me kom uppaa den øvste Bre-Kammen, som fører til sjølve Toppen. Stormen ylte, so det var ikkje høyrande Manna-Maal, og Snøen elder Ispilarne dreiv, so Ein knappt kunde halda uppe Augo. Og der laag me og krabbad paa ein kvass Bre-Kamm, Snøen var frosen og glatt, so me laut hogga oss fram med Øksi Fet fyr Fet, og tilslutt var eg Syndaren so skamfrosen, at eg laut beda um Naade. Og dei andre var so snilde, at dei snudde fyr mi Skuld, endaa det visst fall surt, so nære Toppen som me daa var. Daa me var komne ned att, so langt som til den nedste Kanten av Styggebre, tok Nilsen og ein av Kammeratarne hans seg til aa gnida Føterne mine med Snø, til dess dei tinte upp att, og so skildest me; kvart Fylgje tok sin Veg. Dei tvo Bergenserarne hadde hellest skilt Lag lengje fyrr, paa Uppvegjen, so snart dei kjende, at det tok til aa blaasa kaldt.
           
Dagen etter ein Laurdag tok me vestyver, yver Sognefjelli, tri i Fylgje. Daa skilde eg lag, so eg vart aaleine; Grunnen til detta veit min Ven Nils, og det er eit av hans Bravur-Nummer, naar me sit i godt Lag der inne i Kristiania ein Kveld og er fleire saman. Nok er det: den Laurdagen kom dei andre til Sogn, men eg ikkje lenger enn til ein Støl paa Loms-Sida av Fjellet. Det rignde og bles; eg hadde ikkje Hug paa Fjellet den Ettermiddagen, aaleine og ukjend som eg var. Dess tidlegare var eg ute um Sunndags Morgonen. Det rignde fælt daa med; men daa eg kom inn paa Sognefjellet, lettad det, og no fekk eg so fager ein Tur burtyver der i den kurre Sunndagsotta, at det var framifraa. Dei ville, kvite Tindarne der vestpaa kunde aldri vera fagrare og reinare aa sjaa, og Nedferdi til Fortun var i det klaaraste Solskin og so fager, at eg gløymer det aldri. Der nede møttest eg paa nytt med Fylgjet mitt.
           
Dagen etter var me i Sogndal. Himmelen tok til aa graana att; men det var Upphaldsveer. No skulde me burtum Stedje. Der budde den store Maalmannen Henrik Krohn, og honom hadde me alle Hug til aa raaka, og eg tottest no hava som ein serskild Rett til aa helsa paa denne Mannen. Daa me kom til Gards, var ikkje Krohn heime; men eit Par andre Framandfolk sat der og ventad paa honom; han kom snart. Og der kom han, roande i Baat hit yver den vesle Viki millom Stedje og Sogndal. Han saag der var Framandfolk og stod upp i Baaten og helsad; han hadde ein breid, kvit Straahatt og var graaklædd; ein Mann var med honom i Baaten, og det viste seg sidan aa vera ein annan av dei fremste Bergens-Maalmenn. Dei steig i Land, Henrik Krohn kom raskt imot oss og helsad. Det var ein liten tettbygd, herdebreid Mann, livleg, kvik, førde seg godt; han hadde eit rundt, fagert Hovud, stort Skjegg, som no var graasprengt, brune, livande Augo og eit hjartans godt Andlit med ein klaar, varm Smil. Han helsad paa oss alle som me var Kjendsfolk, og me var strakst so forunderleg heime.
           
Garden hans ligg overlag fagert paa eit Nes, som sting seg ut i den breide blanke Sognefjorden vest um Sogndal; svære, stupbratte Fjell stend paa alle Leider; eit Stykkje utanfyr sig Fjelli saman, so Fjorden synest vera ein stor Innsjø. Fraa Strondi stig Garden jamt og vænt uppetter mot Aasarne med Hagar og Tre og lenger upp grøne Vollar. Inni Huset var alt stellt og tilbutt etter norske Mynster, men ljost og fint og hyggjelegt. Der møtte me Husfruva, ei aldrande, fager, stillfarande Kona, som saag so hjartans god ut; ho tok imot oss paa ein eigen hyggjeleg Maate, men so stillt, mest bljugt. Krohn hadde voret sjuk, men var no full Kar att, endaa det nok var sjaaande Merke paa honom av Alder og tunge Tider. Han var med ein Gong Sjæli i Laget, og var den, som gav Samtalen Liv.
           
Paa Stedje hadde han ein stor, gild Frukthage, den største i Skandinavien, trur eg det vart sagt. Det var just i Kisebærtidi, og dit ut tok han oss med etter Maten. Me hadde med oss ein Stige og stod uppmillom Lauvet og naskad Bær plent liksom Geiter. Det var Mat fyr Mons. Eg hev væl aldri havt slikt Gjestebod. Men so var der visse Tre, som Krohn vilde me skulde spara; Bæri der var ikkje fullmogne, elder kvat det no var; - - og det var just dei Bæri, eg likad best. Detta var ille, og eg hadde fælt vondt um aa halda meg, daa saag han so kvasst paa meg, at eg mest vart rædd. Men dessverre, - det var nok snart gløymt, og skal eg vera ærleg, so gjekk det nok ikkje stort likare med meg i Hagen paa Stedje, enn det gjekk med Adam i Paradis, endaa eg ingen hadde til aa forføra meg.
           
- Millom alt detta Lauvet og all denne Leiken ser eg enno Henrik Krohn. Det er eit Bilæte, som hev ei underleg Blanding av Sumar og Haust. Laatt og Gaman under grønt Lauv, - men mogne Bær millom Lauvet, og ein graa, haustleg Himmel uppyver. Fjorden laag staalgraa og tung med dei svære, svarte Fjelli i Fanget; men lange, grøne Lauv-Lider smøygde seg mjukt frametter Strenderne. Her ser eg Henrik Krohn. Han var sjølv i den Tidi ei underleg Blanding av Vaar og Haust: av varme Voner og tunge Røynslur, av Ungdoms Tru og Alderdoms Hugsott, av glødande Kjærleik og saar Sorg.
           
Han hadde ein Elsk til Bonden og Bondelivet, som var reint ut rørande. Og den same eldfulle Kjærleik bar han til Maalet. Daa eg var ung, talad eg Strilemaal som ein fødd Stril, og sidan visste eg Inkje gildare, enn naar eg um Laurdags Ettermiddagen kunde renna fraa Byen og ut i eikor Bondestova; der sette eg meg til og svallad med Folket, og daa fyrst kjennde eg meg heime. Men det gjekk med honom som med dei andre Bonde-Romantikkerar fraa den Tidi: dei drøymde for fagert um Bondelivet, og so laut dei tilslutt vakna; - men daa gjekk dei for langt til hi Sida att og gjorde Bot fyr sine Ovdraumar ved aa sjaa alt svart. Og det tolte ikkje Henrik Krohn; han vart sjuk av det. Han hadde byggt for sterkt paa sine Bonde-Draumar, og han var ein for fin Natur. Eg gløymer aldri den djupe Sorg, som kom yver honom, daa han lagde ut um desse Ting. Sjølv hadde eg aldri drøymt so stort um Bondensom han og hans Samtidingar, og um eg hadde drøymt, so hadde eg ikkje byggt stort paa desse Draumarne; eg kjennde Bondelivet for godt til det; difyr kjennde eg helder ikkje denne skjerande Sorg. Men fraa den Stund eg talad med Krohn, visste eg kvat det hadde paa seg aa bera paa svikne Voner. -
           
Men so sjuk som Janson hev gjort honom til, fann eg honom ikkje. Han hadde endaa Framhug, og var ikkje vonlaus. Den nationale Reisning hadde no meir enn nokotsinn vortet eit Aalvorsspursmaal fyr honom. Og den gamle Idealisten var like frisk. Det vil eg segja, sagde han, at skal denne Framgangen vaar ikkje vera annat enn ein Framgang i Næringsvit og Pengevinning, so som dei Kloke her i Landet vil, - so kann me likso godt gjeva Landet upp og fara til Amerika alle Mann. Den nationale og folkelege Reisning hadde no i ramt Aalvor vakset upp fyr honom til eit Spursmaal um aa vera elder ikkje vera som Folk, - um han enn i veike Stunder kunde kjenna Tvil um, at me var god-til aa vinna so langt fram som til aa verta eit Folk. Det forstod eg ikkje fullt den Gongen; sidan hev eg forstadet det betre.
           
Um Maalsaki talad han baade fyrst og sist. Og det han fyrst og fremst lagde meg og oss alle paa Hjarta var, at me maatte halda godt ihop. Her var ikkje Tid til aa skilja seg aat no og liggja og rivast um Smaating. Vilde me vinna nokon Ting, so fekk me kasta alle desse Paafund og bera upp eit heilt Merke. Var me aalvorleg samde um Tanken, so maatte me kunna semjast um ei Form. Han talad so varmt og aalvorlegt um detta, at iallfall eg ikkje kunde annat finna, enn han hadde stor Rett.
           
I den Tid tenkte Henrik Krohn so smaatt paa aa fara ut or Landet. Han vilde ut og liva sine siste Aar i meir rolege, færdige Forhold; han vilde kjenna Fred ved aa sjaa eit heilt, fullboret nationalt Liv. Her heime var alt so nytt, so uferdugt, so uhyggjelegt, so upp-rivet; det var som aa liva i ei Nybyggjar-Bu, upptimbrad i ein Hast, med gresne Veggjer og mest Ingenting til Tak, her blees so kaldt fraa alle Sidur; her var ingenstad so ferdugt og lognt, at Ein kunde slaa seg til Ro og hyggja seg. I ein gamall, fullførd, vælstellt Heim vilde han kjenna større Fred, endaa um den Heimen ikkje var hans. Detta var og Tankar, som eg den Gongen ikkje fullt forstod, men som eg sidan hev lært aa skyna.
           
Henrik Krohn kom likevæl ikkje ut or Landet. Og det var væl liklegast, at han, som hadde elskat Norig so høgt, kom til aa kvila i norsk Jord. Visst er det, at no hev han funnet Fred, og hev ikkje gamle Moder Norig stort annat aa løna sine gode Menn med, Grefter hev ho iallfall. Og det er ikkje det minste.
           
Henrik Krohn hev endaa voret so heppen aa faa ein fager Gravtale, tilmed i dei Bladi, som ikkje brukad Silkehanskar mot honom, daa han livde.
           
- Daa han livde! Fyr meg liver Henrik Krohn enno; han gjeng der millom alt Lauvet i den store Hagen sin og ser utyver Fjorden og Fjelli og undrast paa, um her enno er Ungdom i Landet. Me fær sjaa! So hugvarme som han var kann me ikkje vera; men arbeida? som sagt me fær sjaa.
           
- Detta var mine beste Ferdaminne fraa Sumaren 1876. Eg møtte aldri Henrik Krohn sidan; men der er dei, eg hev møtt hundrad Gongger og endaa minnest mindre klaart enn honom.