Peer Gynt.

Eit av dei største Merke paa vaar nationale Armod er den Tingen, at det her i Landet hev komet fram eit Dikt som Peer Gynt, og at det Diktet er sannt. Peer Gynt er ei Ikjøting (Inkarnation) av sjølve Stakkarsdomen. Faust er ein Fæling og sel seg til den Vonde, men han er daa ein Ting; Don Juan er ein Villstyring, men er likevæl ein Mann; - Peer Gynt er ingen Ting utan Lygni og Stakkarsdomen. Han drøymer, at han er nokot, lyg, at han er nokot, drøymer og lyg, til dess han vert vekkt av Knappestøyparen, som fortel honom, at han ikkje er nokon Ting, ikkje eingong seg sjølv, og at han difyr skal i Støypeskeidi og støypast ihop med annat Vrak til nokot nytt.
           
Denne Peer Gynt er sjølve det unge norske Folk. Det norske Folk liver just som han i Drøyming og Lygn. Det drøymer, at det er fritt og sterkt og klokt framfyr andre Nationar, og so er det korkje fritt elder sterkt elder klokt elder Nation. Det lyt, at det hev gjort Storverk, - og so er det Andre, som hev gjort det, Andre, som livde fyr mange hundrad Aar sidan. Alt, som er sterkt og stort, diktar me ihop, at me hev gjort; - me gjer ingen Ting stort sjølve, men lyg til oss dei store Gjerningar, som vart gjorde i gamle Dagar. Og me drøymer allstødt um alt det gilde, som me vil gjera, - ikkje strakst, ikkje no, nei, eingong ut i Framtidi, eingong naar det høver seg so, elder naar det og det kjem til. Det er Peer Gynt, som ligg i Graset fillutt og fæl og glor paa dei drivande Skyer og drøymer, at han er den største Prinsen i Verdi. Ein Dag sluttar han med Draumarne og slær seg paa det Praktiske. Han driv Handel og Forrettningar, fører ut Avgudar og Missionærar og handlar med Slavar og Moral. So er han rik. Men den Rikdomen gjeng Vatsvegen elder ad undas, og so stend han der og eig ikkje det Slag.
           
Og so kjem Knappestøyparen! Du er ingen Ting; det, du skulde vera, er du ikkje, og du er ikkje eingong det, du ikkje skulde vera, du hev tøvt deg sjølv burt i Vas! I Støypeskeidi med deg; du skal rennast ihop med Peer og Paal til nokot nytt! - Det norske Folk hev alt møtt Knappestøyparen. Han kallad seg Amalgamismen og vilde renna oss ihop med Svensken og Dansken til Skandinavar. Den Gongen fekk me smetta fra honom. Men ved næste Krossvegen møtte me honom paa nytt, og daa var han sterkare. Det var so me heilt upp kvakk. Me kjende, at han hadde fenget Tak i oss, Tak i den eine Armen, og det beste og sterkaste i Folket reiste seg fyr aa rista honom av. Krossvegen heitte Flagforslaget. Det vart eit skymelegt Basketak, og ja, var det me elder Knappestøyparen, som vann?
           
- Næste Krossvegen kjenner me ikkje enno. Men møter me Kallen eingong til og endaa ikkje hev lært aa vera oss sjølve, daa vil eg ingenting segja: men so mykje er visst det vert ikkje godt aa vera Peer Gynt!                  
 
VII.