[Det norske Samlag]

Det norske Samlag hev utgjevet Lista yver Medlemerne og Upplysningar um Samlagets Stelling fyr 1878. Laget hev no 970 Medlemer, men av deim, som var Medlemer i 1878, er det 238, som ikkje hev betalat Aarspengarne fyr 1878. Um detta hev Samlagsstyret skrivet soleids i det utgjevne Heftet:
           
Medlemslista viser, at det stend ute Aarspengar hjaa mange Lagsmenn. Detta er til Meins fyr den Verksemd, Samlaget driv. Det er visst ikkje for mykje sagt, at det kunde verta utgjevet ei 10 Ark meir um Aaret, naar alle Aarspengar var visse og kom inn i rett Tid. Laget er vistnog ikkje litet fjølgmennt no, som Ein ser, og Maalreisingsarbeidet vert og drivet av andre enn det norske Samlag, som vel er og paa andre Maatar enn ved aa utgjeva Bøker, men eit so stort Verk og eit so vandt Arbeid som det aa reisa eit missmætt Tungemaal til Liv og Bløming tarv all den Studning, det kann faa, og Studning paa alle Vis: di tidlegare det vert teket aat med Vaaronni, di fyrr kjem Hausten, naar berre Telen er ute or Jordi, og Sumaren vert god. Og det teiknar no til god Sumar: i Skulen fær dei alt Løyve til aa bruka det norske Maalet, og skynsame Skulemenn, jamvel ved die høgre Læreverk, tek til aa tala aalvorslegt um aa innføra Norsken, anten Bygdemaal elder Normalmaal (Landsmaal), som tvunget Fag i alle Skular; i fleire Avisur vert det skrivet norske Stykkje jamsides med bokdanske, og det gjeng mannamillom Hundradtal av Brev skrivne paa Norsk; Blad kjem og ut paa rein Norsk. Gjeng det fram, som det hev gjort i det seinste Bilet, lyt alle Nordmenn verta med i detta Arbeid, jamvel dei, som er imot Maalreisingi. For ellest vil dei ikkje kunna skyna, kvat det vert skrivet til deim i Bøker og Blad elder sagt deim af Menn, som elskar sitt Fedramaal og held det uppe. Styret bed difyr Kvar og Ein vera med i Verket: di fleire, di betre!
           
Det norske Samlag skil seg fraa andre Bokverkslag i det, at det hev Medlemerne sine mest ute i det store Folk, ikkje so mykje bland Embættsmenn, Storkaupmenn o. s. b. Og i denne tronge Tid er det liti Magt ute paa Folkedjupet, endaa um Viljen er god. Skriv Dykk inn i Flokk og Fylgje De, som hev Magt, og gløym ikkje Aarspengarne!
           
Av Bøker hev Samlaget i Aar til dessa utgjevet den Norigs Soga som me hev umtalat fyrr, 15 Ar, og Segner fraa Bygdom IV (Sogur og Æventyr m. m. fraa Valdris og Hallingdal, samlad av Hallv. A. Bergh), 10 Ark.