[Fraa Aust-Agder.]

Fraa Aust-Agder. (Brev). Hr. Bladstyrar!
Til Brevskrivaren i Fdhr. No. 47 um Thingvalet i Nedenes lyt eg svara, at det vandt vil gagna oss og vaar Sak aa arbeida fyr, at Ullmann vert vald til Things framfyr Klokkar T. Hansen denne Gongen: ved slikt Arbeid kann me lett koma til aa missa deim baae. Hr. Hansen er alt nemnd i fleire Blad som ein frilynd og gaaverik Mann, og eg ikkje berre trur men veit, at Folk held meir paa honom enn paa Hr. Ullmann. Ullmann er enno for litet kjend herikring, og Folk hev liksom ein Otte fyr honom. Endaa han hev stor Givnad og derattaat ei Framsyn paa Folkelivet som faae andre so ingen helder skulde ynskja Hr. Ullmann ein Plass paa Thinget enn eg trur eg difyr det er det rettaste denne Gongen aa arbeida fyr Hr. Hansen sitt Val. Lat oss vera praktiske og semjast um det, Hr. Brevskrivar! Ullmann si Tid kjem nog, og daa skal baade De og eg hugheilt gjeva honom vaare Røyster. Embættspartiet ser inkje helder, enn at me vert usamde um Mennerne; for daa er dei visse paa Sigeren. Lat os difyr alle, som vil vera frilynde Framstigsmenn, samla oss um Lindstøl, Liestøl, T. Hansen og Ivar Fløystad!
 
Dykkar Haakon.