[Notisar]

Kristiania, den 8de August 1879.
 
Storthingsval. Fyrre Laurdagen vart valde fraa Finnmarksbyarne (Hammerfest, Vargøy og Vatsøy) til Thingmann Amtmann Johan Blackstad (6 R.) og til Suppleant Fut Fredrik Kloumann (8 R.) Hr. Blackstad skal vera Centrumsmann og vil bl. A. røysta fyr Riksraadsaki. Same Dagen var Val fyr Finnmarksfylket. Til Thingmenn vart valde Lensmann Kristian Andreasen (24 R.) og Klokkar Peder Eilertson (17 R). Til Suppleantar Fut G. Flor og Lensmann L. Pedersen. Hr. Andreasen er fraa dei siste Thing kjend som ein frilynd Mann, og Hr. Eilertson skal ikkje standa attum honom i detta Stykkjet; han hev ofta voret nemnd som Vinstre-Kandidat. Baae desse Val maa segjast aa vera gode. Hr. Blackstad er vald, ikkje fyrdi han kannhenda er Høgremann i dei fleste Saker, men fyrdi han er kjend i Distriktet, ein dugande Mann og meinest vera den beste til aa faa løyst det vande Kvænspursmaal.
 
Nytt politiskt Møte. Imorgon Laurdag 9de August hev nokre Menn av Bakstrævspartiet i Romeriksfylket innbodet til eit nytt Møte ved Litlestraumen, daa Møtet ved Straumen den 2dre Juli ikkje førde til eit tilstrækkeligt veiledende Udslag for de vordende Valgmænd i Akershus. Innbjodararne er ialt 44, dei fleste fraa Aas (6), Eidsvoll, Nannestad, Gjerdrum, Fet og Asker med Bergeim (4). Skeidsmo, Nes, Nesodden og Ullensaker hev nøgt seg med 3, og Høland, Nitedal og Aker med berre 2. Bland deim er sjølvsagt H. Fabricius, A. Heyerdahl, T. Ryen, L. Skjørn, G. Faye og O. Ellefsen, men ikkje DHrr. Selboe og Bøhn. Berre de nemnde Herrar fekk Sambygdingarne sine til aa taka deim til Valmenn! Men det skal væl stinta um det. Me tenkjer det Sverdrupske partiet og møter upp.
 
I Kristiania er det og Valrørsla. Ei Nemnd, som skal vera sett av eit Samtalelag i Arbeidarsamfundet, hev haldet mange Møte og segjest vilja halda endaa fleire med dei Innbuarar, som er elder kann gjera seg røysterettuge, fyr aa uppmana deim til aa bu seg til Valdagen. Desse Møte er sterkt søkte. Men Aftenposten, Morgen- og Aftenbladet likar ikkje desse Tilstellingar og ropar til alle rettenkjande Borgarar: Videant consules, ne qvid detrimenti capiat respublica! paa Norsk: Æra vere Ringen! Men Morgenbladet legg likvel til: Frelse seg den, som kann!
           
Embættes-Utnemning den 2dre Aug.: Fullm. O. Mørch til Bureauchef og Kopist F. J. Grønvold til Fullmegtig i Kyrkje-Dept.; Kand. J. H. F. Greve til pers. Kapellan i Tune, Kapell. S. M. Riiser til Kateket i Langesund, Kand. T. Ording til Prest i Soleim, Prest i Ytterøyi D. Hofflund til Hospitalsprest i Trondhjem, Prest i Ibestad G. A. Borgen til Prest paa Bakklandet, Konst. Prest A. P. F. S. Høyer til resid. Kapell. i Strindi, Kateket h. v. i Mandal C. Knudsen til Prest i Nedre Eker; Prest i Flatanger A. N. Saxegaard til Prest i Stranden; Sakførar G. H. Landmark til Fut i Salten.
 
Avskil 2dre August. Kapt. i Fotfolket Joh. Koren D a h l med Etterløn 2400 Kr. og Rett til aa bera Munduren.
 
Riksrevisionen. I dei tri nye Kopistpostar er tilsette Løytnant Bøysen, Sakførar Wichstrøm og Student Garborg.
 
Nye Landbruks-Medalje-Menn. Kongen hev i Naade gjevet denne aagjæte Medalje i Gull - til Baron Harald Wedel Jarlsberg i Aker og Stamhuseigar Kand. Markus Gerhard Hoff- Rosenkrone av Rosendal i Sunnhordland.
 
Riksraadet. Helliesen skal fraa 1ste Septbr. avløysa Vogt som Medlem av Riksraadsdeildi i Stockholm. Selmer skal styra Finants-Dept. og Vogt Indre Dept.
 
Finants-Dept hev sendt Ekspeditionssekretær Isaachsen til Holland og Frankrik fyr aa setja seg inn i dei der gjorde Røyslur um Verdetoll. Naar han kjem tilbaka, skal ei Nemnd mest av Handverkarar og Industriidkarar nedsetjast fyr aa granska Tollspursmaalet, alt etter Paatrykk fraa Storthinget, som i siste Møte bad Regjeringi taka seg av denne Saki. Fyrr hev me havt ei Ovmengd Toll-Nemnder, men i deim alle hev setet mest Tollmenn, som hev gjort Tariffen so lett fyr seg som moglegt og lagt Toll paa Vegti utan aa bry seg um Verdet, altso likso høg Toll paa Pundet av graae islandske Trøyur som av fint Klede, likso mykje paa mager Nøgelost til Verde 25 Øyrur Pundet som paa den fine Parmesan-Osten til Verde 2-3 Krubur Pundet. Der kann Ein sjaa: det læt seg gjera aa driva ei Regjering fram, endaa ho er reaktionær, naar berre dei som hev Magti, held seg som Menn.
 
Kgl. Nemnd. Til Medlemer av nemndi um Leiglendingssaki er utnemnde: Stiftamtm. Kyhn, Landsdomar Roll, Lensm. Enge, Sakførar Arctander, Lensm. Andresen (Leirdal), Bonde Kand. theol. O. Sandberg og Landhandlar B. Haugland, Alle Stortingsmenn so nær som Sandberg. Det kann no vera godt nog, men det kunde ha voret nog so høvelegt og gagnlegt, at det hadde voret med ein verkeleg Leiglendingsbonde, t. D. fraa Nordland, der Mengdi av Bønderne enno er Leiglendingar.
 
I Bladet Norge skriv Hr. A. Haukom ei Uppmaning til Maalvenner og Fridomsmenn um aa samla seg um Fedraheimen, so Bladet kann sleppa aa minka av til 1 No. um Vika elder endaa aa ganga inn, som han hev høyrt her skal vera Faare fyr. Me skal med Høve herav upplysa, at Fedraheimen ikkje gjeng inn, - dertil hev Bladet no fenget for fast Fot. Ein annan Ting er det, um Utg. i desse tronge Tider kann sjaa seg nøydd til fyr ei Stund aa leggja upp det eine Nummeret um Vika; - slikt vil ingen kunna undrast paa, som hev det minste Grand Vit paa, kvat det hev paa seg aa arbeida upp eit nytt Blad og daa serleg eit Maalblad.