[Ulukka.]

Ulukka. Prest i Sunnelvi og Geiranger (Sunnmøre) B. M. Bye gjekk ein av Dagarne saman med den 9 Aar gamle Sonen sin upp aa Fjellet fyr aa søkja Helsebot i den friske Fjellufti. Daa han var ukjend, let han Guten setja seg paa ein trygg Stad, og gjekk sjølv høgre upp fyr aa finna ein Nedgang. Det vart hans siste Gang. Daa han ikkje kom tilbaka, tok Guten til aa ropa og leita etter honom, men faafengt. Guten kom seg likvel ned til Bygdi, trøytt, forkomen og mest vitskræmd, som Ein kann vita. Aalmenningen tok daa den vesle Guten med seg og til aa leita. Liket av Presten fann dei nedunder ein Bergheller, som han altso under Leitingi etter Veg hadde styrt utyver. Prest Bye, som vart 37 Aar gl., leiver etter seg ei sjukleg Ekkja og 4 Born. Den Avfarne var ein hæv Prest og derattaat ein strengt aalvorsleg Mann. Alt som Framvokstring heldt han gudelege Uppbyggjingsmøte. I Selljord, der han var personell Kapellan nokre Aar, likad dei honom væl, og det same var Tilfellet i Sunnelvi. Det er aa merkja, at han, endaa han var Pietist, dei kallar, i ein Bladartikel tok Ordet fyr, at Borni slapp aa pugga Spursmaalsboki hans Erik Pontoppidan.