Ei Speissrot-Springing ved Selljordskyrkja. 1)

(Fraa Selljord av Høye Eyvindson.)
           
Ein Dag paa Haustsida vart alle Soldatarne i Selljord, Hjartdal og Kvitseid tilsagde aa møta den 24de September ed Selljordskyrkja fyr aa straffa ein Tjov. Han heiter endaa Torstein Brekka, vart det sagt av Lensmennerne. ”Aa han, den Friskfanten! Honom skal me nok jula, so han ikkje skal dansa fleire Hallingar,” vart det mullat i Folkehopen baade i Kvitseid og Hjartdal paa Kyrkjebakken.
           
Torstein hadde vist seg Meistar yver deim i Hallingdansing og kannhenda vippat sume av deim paa Ryggen i Dragsmaal, difyr var dei vonde paa honom. No skulde dei knekkja honom fyr alle Dagar, so han ikkje skulde ganga Frikar paa Thingi og andre Møtestader; han var namngjeten fyr aa vera den sprækaste Karen, som fannst paa den Tidi. Paa Eksermoen tok han Huva av Sabelen, kor høgt ho so sat, og Himlingarne tok han, kor han dansad Hallingen, og det med Knei og ikkje med Fotsolen. Og so stødt Hovud, som han hadde. Han svimrad aldri, Avgrunnen kunde vera so djup han vilde, og eg trur snaut Gjeiti kunde fara etter honom uppi Grovedjuvet. No ligg det Bru yver Djuvet, men naar Ein stirer ut yver paa nedre Sida, er det ikkje so greidt aa bergja seg fyr aa svimra. Der gjekk Torstein yver paa ein Stokk med eit Trikvartelskjer paa Ryggen. Ein annan Gong hengde han seg etter Beini i ei Fura, som hekk utyver Djuvet paa det styggaste, og vrengde av og paa seg Jakka si tri Gonger. Det er seint aa rekna upp alle dei Karsstykki han gjorde. Men so kom han ein Gong i Skade fyr aa eigna aat seg litetvætta av Grannen sin Eigedom, og fyr det vart han dømd til aa springa Speissrot.
           
Den 24de September kom alle Soldatarne. Underoffiserar styrde kvar sine Bygdefolk. Dei utbygdes lægrad seg ned med Kyrkja, for Torstein hadde endaa ikkje komet. Dei sette seg til aa eta i Ro og Mak, og saag so smaatt etter Torstein alle saman. Ein Hjartdøl fortalde, at han paa Eksermoen hadde sett Torstein endevenda ein lang Bøhering, so det tyktest vera eit Søkk ned i Jordi etter honom. ”Det skal vera ein frisk Fant,” sagde ein Vestdøl. ”Me maa slaa hardt, skal den Kroppen dovna.” ”Men lat oss burt aa sjaa den store Steinen, som Sterke-Nils lyfte,” sagde ein liten spretten Kar inni Flokken. Dei ruslad so dit. ”Aa den hev Sterke-Nils lyft? Hadde han endaa velt honom, so hadde eg trutt det. Nei vil Ein ljuga, so maa Ein ljuga langt og smalt, so det slepp inni Folk,” sagde ein lang, sinaberr Kar, nokot kvasst og bitande i Maalet. ”Ja, eg trur og det same. Det skal Bjørnemagt til aa velta honom, langt meir til aa lyfta honom,” mælte ein, som gjekk kringum Steinen og nøgje saag paa honom. ”Men no kjem Lensmannen med Torstein,” skreik ein og spende avstad burt til Kyrkjeledet. Hine drog seg etter.
           
Torstein kom dansande fyre Lensmannen og kipad paa seg, som um han skulde til Gjestebod. Alle tykte det var ein lettlivad Kar, nokot meir enn Folk er flest. Innmed Kyrkjemuren stanad Lensmannen med Torstein. Soldatarne styrmde saman um deim og slo Ring. Torstein fekk dei ikkje Augo av, so han vart væl yversedd fraa Hovud til Føter. Han var lika gapfull av seg og kom med løglege Spit- og Speord, so det haglad um Øyro; mest vondt gjorde tvo Stev, han diktad paa standande Fot; dei lyd soleids:
 
Sume luskar og sume leitar,
og sume slengjer aat meg Keiva,
men Keive-slagi agtar inkje eg,
for det er Rygg, som orkar, og Bein, som ber.
 
Du vide Nos og du breide Tryne,
og vil du meg ut paa Tunet fygje,
og vil du fygje meg ut og inn,
so skal du faa blamaala Ryggen din.
 
Sume i Flokken vart so arge, at dei var blodraude i Andliti. Dei skulde væl koma honom ihug ein Gong. No skreik Lensmannen, so det jalmad uppi Nutarne i Bringaas: ”Aat Holtet, Gutar, og skjer kar sin Paak! Dei skal vera tvo Alner lange, og so treke som Veslefingeren min! Kom ikkje att korkje med større elder mindre Paakar, ellest maa de i Holti att.” Det kom Liv i Flokken, kann du tru. Dei, som var vonde paa Torstein, tok Skospranget, andre diltad berre, og Selljordignarne drog seg so smaatt burt aat Vallaraai. Dei vilde vera eismalle eit litet Bil. Daa steig Bjørn Bratson uppaa ein stor Stein og tok so til Ords: ”Me maa væl hava Paakar, men eg hev tenkt ut ei Raad, so det ikkje skal falla Slag av deim. Me skal brjota deim av midt i Hondi, med same Lensmannen hev seett deim yver. Torstein fær endaa Bank nok, um me ikkje gjev honom.” ”Ja det skal me gjera allesaman” mullad det i Flokken. Dei skar so Paakar og gjekk attende til Kyrkja. Dei hadde alle nettupp maateleg treke Paakar. Underofiserarne stelde upp Soldatarne i tvo Rader so langt fraa kvarandre, at ein Mann romt kunde ganga imillom. Lensmannen baud Torstein ganga fram gjenom desse. Han gjorde eit Hallingkast og hoppad so inn bland Soldatarne. ”Slaa no ein i Senn paa kvar Sida, etter som de stend midt fyr kvarandre. Ein, tvo, tri,” skreik Lensmannen, og fyrste Slagi fall. Torstein smaug og smatt fyre Slagi og var nett so mjuk som ei Vidja. Han hyfste seg upp fraa Marki og riste og skok paa Akslerne. ”Haa, du treke Fubb! no raakad du Slira mi og ikkje Skrotten. Du er vist sjaag, du,” sagde Torstein. Sume vart arge, for han gjorde ingen Ting av Slagi deira, difyr slo dei endaa hardare; hardast slo Kvitseidingarne. Hjartdølarne slo lite linnare, naar me reknar ifraa denne Fubben, som raakad Slira. ”Hau, din Skarv, so hardt du slo!” sagde han til dei, som slog hardt, men, ”Gud løne deg, so linnt du slo,” til dei, som slog lett. No hadde han gjenget ut Lina, og han var endaa same spræke Karen. Han dansad og spratt, nett som fyrr, um han hadde fenget 30 Paakeslag. I Enden av Raderne stupad han seg um i tome Lufti, utan aa koma nedpaa med Henderne og var so ferdug med Springingi. ”Han er lika god,” skreik det i Flokken. ”Aa, han hev no væl ein svensklitad Rygg, og dovnat hev han væl au litt,” svarad sume. So klædde han av seg fyr Lensmannen, men han saag berre litt Blaatt paa Ryggen hans.
”Nett lika god”, sagde Lensmannen. Daa vart sume so arge, at dei tok ut med same. Selljordingarne fylgde med honom frametter Vegen, og han dansad fyre. ”Me vil gjeva honom ein Pæl Brennevin etter denne fæle Sjauen, han hev havt,” sagde ein, og det vilde dei alle saman. Dei foor so ned til Gjestgivar-Garden, og der fekk han Pælen sin. Denne smakad honom godt, og daa han hadde drukket den ut, var han neti endaa sprækare enn fyrr. Paa Moen var ei Grind i Vegen, som skulde vera tri Alner høg. Torstein hadde aldri brukat aa skusla elder lata upp Ledgrindar, han berre hyfste paa seg litt, og so foor han yver. Det kostad væl mindre aa hoppa enn aa skusla upp. Denne Grindi paa Moen vilde han ikkje lata upp, men tok Renneskeid og hoppad yver. Det var seinste Hallingkastet hans den Dagen.
 
1) Detta gjekk fyr seg umkring eit Par Mannsaldrar sidan.