Høgskuleferdi til Danmark.

[Del 1 av 4.]
 
(Av Oddmund Vik).
 
Torsdagskvelden den 3die Juli tok me med Eimbaaten Activ ut fraa Grimstad. Fyrst laut me inn-um Kristianssand, daa me fekk vita, at det der stod att 5 av vaare Folk, og det vart seint, fyrr me fekk taka til Havs. Høgskulestyrar V. Ullmann var Hovdingen vaar. Me var 41 i Lag, 17 Menn, 24 Kvinnur. Um Lag alle Gjenturne fraa Høgskulen paa Vikmarki var med, og elles var det fyr det meste eldre Høgskuleelevar. Det skortad ikkje paa Modet fyr nokon endaa. Me saag etter Noreg, der det seig ned i Toka, og song vaare beste Songar. Sjeldan heve nokon Song teket meg slik som no den: Brede Seil over Nordsjø gaa, men so var det og ei Maanenott. Sjøsykja var lika ved, men Størstedeilen av oss log henne burt fyr det fyrste. Me stevjast og song paa god Norsk Vis, so det berre rullad, og Baaten rullad med.
           
Mors var Maalet fyr Ferdi, og Føraren meinte me kunde taka stuttaste Leidi inn gjenom Tylundøre-Kanalen fraa Vester-Havet. Me skulde daa vera framme kring Middagsleite um Fredagen. Modet aukad paa, daa me um Morgonen fekk sjaa Land, men elles var det ikkje so ljost nettupp: Toka paa alle Kantar, Landet mest gjøymt i den, so berre dei lange Armarne av Vindkvernarne stakk upp or Tokeheimen. Daa me Kl. 2 um Dagen kom Sud til Kanalen, fekk me ei Bya med Regn og Sudvest-Vind, og den vilde ikkje gjeva seg. Dei, som skynad seg paa det, vaagad ikkje aa ganga inn, og det braut helder stygt paa den grunne Strandi, det saag me. So maatte me snu. Myrkt var det som ein Vettradag og dertil vaatt og kaldt. Me var ikkje vidare ljose i Hugen helder no. Otten fyr Faaren fylgde ogso med, for me var ikkje større vane med Sjøen. Men so trøystad me oss med, kor hugsamt det sidan skulde verta aa røda um denne Utferdi vestanfyr Jylland i Storm. So var det Songen attaat, og me kom snart i Lag att. Utpaa Natti for me framum Skagen. Me vart meir hugheile og lagde oss roleg til aa sova. Kl. 8 um Laurdags Morgonen var me ved Hals. Det reine Norske Flagget vaart hissad me i Mastertoppen og helsad med Song, der me for fram yver Limfjorden, som var logn aa kalla mot Havet. Det svarad med Hurra! fraa Land. Det flate Landet med alle dei Kjempehaugarne, dei mange Kyrkjur, dei gilde Gardarne med dei store Aakervidderne og dei mange Kyr, som gjekk der i beste Engi etter som me tykte daa -, det var nog aa glo paa. Aalborg for me svinnt framum. Baae dei lange Bruerne vart opnade i ein Fart. Den nye kostsame Jernvegsbrui er rett eit Storverk. Dei høge Steinstytturne under henne hev vist kostat utruleg mykje. I Løgstør helsad dei oss med Flagging, og me var fegne fyr det, - endaa dei hadde Unionsmerkje i Flagget. Elles er det vel for mykje aa venta av Utlendingen, at han skal vera fyre oss her heime i vor eigi Flaggsak. Likevel kann han vera det, for detta var det einaste unionsmerkte Flagg eg saag i Danmark. Og eg saag mange Norske Flagg der, - fleire enn eg nokor Tid heve set i Bygderne hjaa oss sjølve.
           
Kl. ½ 3 var me ved Bryggja i Nykjøping paa Mors. Danebrog paa alle Kantar, Bryggja full av Folk, blide Andlit aatte dei allesaman. Ein steig fram og bad oss Velkomne; so vart det ropt Hurra! Danskarne kom ut paa til oss, me handtokst, dei spurde etter Ferdi, me hadde visst havt eit stygt Vedr? dei hadde ventat oss so visst um Fredagen, men so faae me var! dei hadde tenkt paa 60 mindst. Slik gjekk Talen. Me svarad stutt, som det høvde fyr Nordmenn. Elles kom me so dust upp i Varmen med eingong, at me gløymde mykje av vaar Natur, og det var vandt aa sjaa paa oss, at me Dagen fyreaat hadde leget i Toka i Vester-Havet. Me skildest no fraa kvarannan og fekk Hus hjaa ukjende Viner Byen rundt. Gode Vertar var Nykjøbingarne, det skal vera visst, men det eg likad best av alt er daa, at dei var slike gode Danemenn med Syn fyr det som samde seg med Folkekjensla. Dei er ikkje so rædde fyr aa verta alt for nationale som me er. Dei er liksom tryggare paa seg sjølve. Eg vart so glad, daa eg høyrde, kor fint dei spelad vaare Tonestykke, soleids: Brudeferdi fer framum av Grieg, og at Guten i Huset heitte Einar. Det er daa Raad aa faa nokot godt nordantil ogso, kunde eg skyna. Sidan samnadst me med vaare Vertar i Skogen tett med Byen. Me gjekk ikring og saag paa Plantingarne, Blomarne, Svanurne og alt det andre fagre, men sistpaa maatte me uppaa Flagghaugen, der Danebrog veiftad, og song derifraa fleire Songar. Mange Folk var komne til, og alle skuldehelsa paa Nordmennerne, og det maa eg segja, at Danskarne var vel so handfaste, naar dei helsad, som dei handfaste nordmenn plar vera. Etter at me hadde strævat trutt aa tala med Jutarne, som var komne med sine Vogner fyr aa henta oss, og Røda hadde vortet til: God Dag, Mann! Økseskaft, fylgde me Vertarne vaare heim og fekk nokot aa bita i atter. Vognerne stod ferduge med tvo gilde Hestar fyr kvar. Me takkad fyr oss, var utruleg fegne og uppyver mot Galtrup Høgskule bar det. Me var berre tvo Nordmenn paa den Vogni eg sat, og Mannen og Kona let mykje illa, fyrdi dei ikkje hadde fenget tvo til. Det var mykje so opne og beintfram dei var, desse Danske Bønder me raakad paa. Dei rødde um all Ting, spurde og fortalde, det var um høge Ting og, men fint og heimlegt var alt. Ein kjende lett, at her hadde Høgskulen gjort si Gjerd, so Livet hadde fenget ein høgre Svip. Det fall tidt vondt aa skyna kvarannan, so me ofta tok i Mist, men so log me aat det og nærmad oss i Maalføre, so mykje me kunde. Alle Stader hadde dei hissat Flagget fyr oss, so me kjende oss reint som Storfolk. Me fekk daa Heim rundt Galtrup Høgskule hjaa Bønderne. Tunet her er firkantat, og Husi stend som eit Gjerde kring. Dei er bygde av Stein med Halm til Tak. Desse Taki skal vera svært so tette og kann liggja upp til 15 Aar. Der eg saag, var det altid tvo Stovur, ei til Kvardags og ei finare, men paa Kaupstad-Vis var ho ikkje tilbudd. Sove-romi var ved Sida av Stovurne. Det var ikkje mykje høgt under Loftet nokon Stad eg saag, men vel fjelgat var det, kvar ein kom. Fyrr me visste av det, var det komet Folk til fraa heile Landsbyen (Grendi), og me sat midt millom deim og rødde som gamle Kjendingar. Dei spurde etter Høgskulen hjaa oss, Politikken, Diktararne vaare, og aldri heve eg so glad fortalt det eg visste som daa. Og slik ein Kjennskap dei hadde til vaart Arbeid! Eg vart forbinad og maatte samanlikna deim med Bønderne heime. Vaare nyare Diktarar kjende dei godt, og mest B. Bjørnson og Kr. Janson (gjenom hans umskrivne Forteljingar). Bondekona, som no var mykje fram i Aari komi, gjekk og tenkte paa Meiningi i Songen: Jeg kjører frem gjennem Straalefryd, og det var slik ein framifraa Song tykte ho. Det var ei Gleda, som ikkje vilde taka Slutt, den Kvelden. Sidstpaa lagde dei daa saman Henderne, sagde fram Trui si og song ein god Kveldsalme. Daa me tvo Nordmenn kom fyr oss sjølve, kunde me litet nog finna Ord fyr, at Aalvor og Gaman kann godt saman. Daa eg um Sundagsmorgonen (6te Juli) saag ut gjenom Vindaugat, stod Dotteri i Huset og hissad Flagget. Ja det er ogso Trettiaarsdagen fyr Fredericiaslaget, sagde ho sidan.
                                                           
( Meir.)