Litet um Songen.

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Av W.)
                       
(Sluten).
 
Mål hev frå fyrstonne vonleg vortet til mest på den måten, at folk kvartetter dei fann ting, som dei ikkje kjende elder hadde nokot namn på, gav deim namn soleids, at tonelaget i detta namnet liksom teiknade av tingen slik, som han viste seg fyr deim. Dei ymse folk kunde no ikkje taka det sama ord med sama tonelag. Dei måtte forma ordet um elder gjera seg eit ord med annan ljod og annat tonelag, som kunde teikna av tingen slik, at det høvde med kvart folks huglynne. Eit folk kunde soleids ikkje skyna eit annat folks måte å teikna på, av di tonelaget, som det eine folk brukad, ikkje høvde saman med det andre folks huglynne, so at det kunde kalla fram bilætet av tingen, utan det måtte få ei utlegging. Detta kom soleids av seg sjølv utan at dei tenkte seg det til. Eg vil nemna nokre døme fraa Norsken.
           
Kviskra, berre du høyrer detta ordet, er det ikkje, som nokon kom attåt øyrat dit og hadde nokot løynlegt å segja?
           
Skravla, er det ikkje, som nokon held på å reinska upp barken sin?
           
Tom, er det ikkje som du høyrer atterljoden or ei tunna, som er full av berre luft?
           
Kvass, kjem du ikkje til å tenkja på nokot, du ikkje må koma fyr nær, um du ikkje vil taka skade sjølv?
           
Vomb, tykkjer du ikkje, du ser nokot stort og vidt, som snart sagt kann taka i seg, kvat det skal vera?
           
Detta er altihop norske ord. Me kann taka døme til samanlikning med eit annat mål. Det tyske ord weinen tyder på norsk: gråta. Um eg so segjer åt deg um ein mann: er weint, og du veit, at detta tyder det same som: han græt, so fær du ingen rett medhug med honom likevel av det. Men segjer eg: han græt, so tykkjest du sjå honom, og du tykkjer og, du skulde hava voret avstad og hjelpt og trøystat stakkaren.
           
Det danske folk, som aldri hev voret vant med berg og stein, det tek detta som nokot hardt og kaldt og sjølvbyrgt og kallar det sten. Det norske folk, som framgjenom tiderna hev vokset seg saman med desse gilde gamle kropparne, det tykkjer, det på sama tid er nokot traust og godslegt og sterkt ved deim og kallar toet i deim stein.
           
Det kunde vera myket å segja um detta, men det høver ikkje her.
           
I musiken og songen er det og nokot teiknande, dersom han er rett. Det er altid eit merke på god song, at han liksom trollar fram eit og annat kjært bilæte elder minne, som ligg gøymt på hjartabotnen. Sumetider velter han seg vill og sterk og ropar folket upp til kamp fyr fedrelandet. Det vert slag, og me tykkjest høyra kanondun. So vert det kyrrt, og me høyrer liksom ein liksalme, det er yver dei trufaste, som ofrade sit Liv fyr folket. Men yver det heile gjeng liksom ein takkesalme, upp til honom, som bar folket sigrande ut or striden og hjelpte, då verst det kneip. Folket snur heim. Det helsar heimstaden sin med ein fedralandssong. Fjelli tek imot tonen, svarar, sender honom vidare og svarar, fjelle tter fjell, dei stend der og glittrar i soli i ljos og fager gleda. Innimillom synest dei komande høyra felelåt, lurljom, hauking og bjølleklang, og med eit stend det fyr deim, detta kjære, der dei hev sine barndomsminne, og det er endå kjærare no, dei hev kjempat og offrat blod fyr det. Og so treti år etter i den lange vetrkvelden, når dei unge byrjar sulla på den gamle fedralandssongen, då tek gubben i med, han veks i armstolen sin, det lyser or augom hans, tunga løysest, og han dreg fram alle sine store minne frå den tid, han vågade liv og blod fyr sit land, og legg deim varme og rike ned i hugen åt dei unge, der dei sprett og veks i løyndom, til det røynest på.
           
Men detta er nokot ut i lause lufti fyr storhopen, og dei fær ikkje retteleg i det. Det er som ei ku stend og glor på ei raud dør. Dei høyrer, det er nokot, og dei tykkjer, det er fagert kannhenda. Men kvat det er, det hev dei ikkje nokot skyn på. Her må det koma nokot til, som kann hjelpa deim til å få tak i det, elder kannhenda helder hjelpa tonarne til å få tak i deim. Detta bandet, som liksom skal binda ihop, so songen ikkje vert nokot uskynande kram, som kann brukast til leik, men ikkje hev nokon ålvorstanke å bera fram, detta bandet er tonelaget, ljodteikningi i målet. Der detta bandet ikke finnst, der kann tone og ord godt ganga kvar si leid, og folk høyrer ikkje, at dei skjender på kvarandre. Dei kann høyra den varmaste og eldhugfullaste song, utan at det er nokot annat fyr deim enn ein fager klang, som det er moro å høyra so ein gong imillom. Dei skynar tydningi i dei framande ordi, men tonelaget skynar dei ikkje, og dei gjeng framum utan å kveikja nokot liv derinne, og tonen fær dei ikkje i, so han dreg elder kastar syner og tankar inn i hugen. Skal tru det ikkje er detta, som gjer, at so mange av vaart folk kann finna seg nøgde med å syngja desse sedlause tvoskillingsvisor. For dei brukar dei no ikkje til nokot ålvorslegt bruk; det er berre til å moroa seg med ender og gong. Og då tykkjer dei, tonarne er fagre, og det useduge i ordi gjeng med utan å vekkja nokon mothug; elder kannhenda vanen gjer, at dei byrjar halda av det med. Fyrst når tonelaget i ordi kjem attåt, kan songen taka tak ned i djupet av hugen og lyfta honom upp og fylla honom med ålvorstankar og høgre livsuppgåvor og gjeva livsmod til å stræva trottugt mot målet, og fyrst då kann han løysa upp alt det tunge og kvævande, som låg utyver ein. Men då må morsmålet med-for som me hev set, er det berre i sitt morsmål at folket skynar tonelaget heilt. Di næmare eit framant mål stend detta, di betre kann naturlegvis folket skyna tonelaget dess, t. d. norsk og svensk elder dansk. Men so godt som sit eiget kann det då ikkje skyna det.
           
Men skal morsmålet og i det heile hjartelivet koma til sin rett i eit folkeliv, so må ogso kvinna få lov til å vera med. Kvinna hev fenget i voggevåga eit rikare hjarta, medan mannen fekk ein sterk vilje og ein ljos og skarp tanke. Men hittildags hev denne rikdomen ikkje vortet brukt annat enn til ei freisting fyr mannen, som han i dei fleste fall ikkje kann standa imot. Elder ogso vert han teken som nokot fagert, som ikkje hev annat verd enn til å leika seg med. Hjå kvinna sjølv vert han, av di han soleids vert vanvyrd, ofta køyvd og drepen fyr å gjeva plass fyr pyntesykja, koketteri og tomleik og annat slikt, som kvinna er myket meire freistat til enn mannen. Det var då likare å bruka denna sergåva, kvinna hev fenget, til det, gjevaren meinte, ho skulde brukast til, nemleg å hjelpa til å bera menneskja fram mot sit mål, enn å bruka henne til å draga mannslivet ned i usedugskap og råskap. Og til å uppkveikja songen hjå eit folk kann kvinna gjera ovleg myket, meir enn mange vil tru, når ho berre hev lyst og sans fyr det. Fyrst som moder, kor myket kann ho då ikkje gjera til, at borni kann læra å elska god song, og gjeva deim ein skatt med ut i livet av slike! Som husfru, kor myket kann ho ikkje då gjera til å skapa hygge og fred i heimen sin, når ho hev sans fyr å syngja; for aldri er då songen so fager, som når ei kvinna syng med. Og som møy, kor kann ho ikkje då med songen sin lyfta ungsveinens tanke og hug og fylla honom med store syner og ædle livsmål. Og alt detta kann ho gjera, av di ho kann leggja eit so fullt og rikt hjarteliv i songen. Tenk paa detta, du Noregs kvinna! Her hev du eit pund, du ikkje må grava i jordi, og ei livsuppgåva, som legg andsvar på deg. Det norske folket tarv enno vekkjing og lyfting! Det finnst enno alt for mange av desse folkeafgrundens slimede dyr, som Bjørnson snakkar um i Magnhild. Ibsen hev ogso råkande sagt det same:
 
Stene har vort Norge nok af,
vilddyr har vi og en flok af:
syng så stenen spruder gnister!
syng så dyrehammen brister!
 
Eg vil slutta med å ynskja, at det norske folk må koma til å vyrda folkesongen sin meir, enn det no hev gjort ei tid. Fyrr var detta folket eit syngjande folk, meir held andre på sin måte. Likevel kann me ikkje skrøyta av, at me hev voret so svært sjølvstenduge i den vegen helder. Til vitnemål vil eg som snøggast draga upp lina me hev gjenget i skaldevegen.
           
Dei eldste kvad, me no hev frå federne våre, er dei, som finnst i den eldre Edda. Det er ingen namngjeven skald, som hev diktat deim, og dei var kannhenda ei sameign åt alle dei nordiske folk. Etter at den truverduge soga byrjar, finn me nokre norske skaldar, som vann frægd ved å draga inn på gardom åt storhøvdingom og kveda frægdarkvad yver deira herverk. Serleg var det kongens hird dei vitjade, og dei var altid visse på å verta mottekne med gleda av dei songelskande hirdmennerne som av folk ellest. Men då Harald hårfagre lagde Noreg under seg, strauk, som me veit, stordeilen av dei megtugaste ætter, som song og skaldskap trivdest best millom, til Island. Med deim reiste ogso dei bedste krafterna i den Vegen og den sterkkaste sansen fyr slikt. Detta ser me ogso av det, at den norske skaldskapen meir og meir tek til å døya ut. Den sidste norske skalden, som vann nokot frægd, var Øyvind skaldaspillar. Etter honom vart det mest islendske skaldar, som vann frægd som hird- og kongsskaldar her i Noreg. Dei fann altid ein god botn fyr songarne sine her. Men so kom i skaldevegen som i alt annat og på alle andre leider av folkelivet vårt denne døsen, den åndelige svevnen. Men det fylgjer altid nokot med svevnen, som segjer av, at der er liv, når det berre vaknar, og det er draumen. Det norske folk drøymde og. Det drøymde um Askeladden og myket annat både fagert og stygt. I songen kom denne draumen fram i folkevisorna. Dessa likjest eddakvadi i di, at dei ikkje hev nokon namngjeven forfattar, men liksom hev gjort seg sjølv. Mengdi av deim hev komet ut bland folk frå adelsborgerne, der dei fyrst livde ei stund som kjempevisor. Dei er gode, desse visor; men liksom ein draum fyr einskildsmannen ikkje hev nog å bjoda honom, når han vaknar han vil hava meir klårskap -, soleids kann helder ikkje fyr eit heilt folk dess draumar og draumkvæde metta dess trong til åndsføda, når det vaknar. Tak dei likavel med, desse visor. Liksom draumen i einskildsmannens liv syner dei fram den givnad, folket hev fenget, og dei krafter i folket, som sterkast ventar på løysing, og lat oss so sjå fram og attende, det hjartat stunder på, so kannhenda me kunde nå under soli til full klårskap.