"Fædrelandet"

fortel oss, at: Et Amts eller en Bys Thingmænd er ikke væsentlig Hjemstedets Repræsentanter, - men de er alle først og fremst Repræsentanter for det norske Folk. Naar de stemmer i en vigtig Sag, er det ikke Vælgernes Mening, de skal give Udtryk men sin egen Overbevisning om, hvad der er til Folkets Vel.
           
Denne siste Setningen er verd aa merkja; eg hev difyr funnet det rett aa prenta honom av med feite bokstavar.
           
- Dei hev sagt, at det var ein juridisk Professor, som skriv Politikken i Fædrel. Men det er raadlaust. Ein juridisk Professor kunde ikkje skriva slikt. Ein skal hugsa, at me no hev det Herrens Aar 1879! Var det ein juridisk Professor, som skreiv detta, so laut Ein tru, at han skreiv onnorleids, enn han tenkte. No hev Folk ofta den Trui, at Fædrel. er eit mindre ærlegt Blad; men det trur ikkje eg. Eg trur i det Heile ikkje, at Folk er vonde; eg trur helder, at dei er dumme. Slik ein Setning som den her uppe kann ikkje vera skriven av ein juridisk Professor; han maa vera skriven av ein Theolog elder av ein nybakad Seminarist fraa Hamar Seminarium. Dei Folk ligg langt nok atterut i Tidi til aa kunna tenkja og skriva slikt.
 
           
Den fyrste av dei tvo hermde Setningarne er ein Talemaate elder Frase, som kann taka seg ut i høg Stil, men som lite duger i ein politisk Leder. I Festtalarstil kann Ein segja, at kvar ein av dei 114 repræsenterar just sin Part av det norske Folk, so at det altso vert heile Thinget, som repræsenterar Folket. Det finnst berre ein einaste Enkeltmann, som i seg sjølv kann repræsentera det norske Folk politiskt -, og det er H. M. Kongen. Vil Fædrelandet fyr Aalvor gjera kvar av dei 114 Thingmenn til Repræsentantar fyr det norske Folk, so gjer det dei med det same til likso mange norske Konger; men daa gjer Fædrel. Revolution og Upprør mot den av Gud innsette loglege Raadsmagt; for det heiter i Kruningsformularen med reine Ord, at no er (Oskar II) krynd til Norigs Konge, - han og ingen annan. Og kven kann tru, at Fædrel. vil gjera Revolution mot Kongen?
           
Dessutan: sjølve Repræsentations-Logverket vaart krev, at kvar Thingmann skal repræsentera sin Heimstad. Kvat skulde hellest Bostedsbaandet vera godt fyr? Kvi krev Logi so plent, at kvar Thingmann skal høyra heime i det Amtet elder den Byen han repræsenterar? Tru det ikkje er fyr di, at kvar Heimstad, kvar Lut av Folket, med sine serskilde Krav og sine serskilde Synsmaatar og Meiningar, skal koma so klaart og kraftigt til Ords som Raad er? Elder vil Fædrel. kannskje faa burt Bustadsbandet? Og det so reint paa fri Haand? Men det vilde atter vera Logbrot og Revolution.
           
Dessutan: Var det ikkje so, at kvar Thingmann skulde repræsentera sin Heimstad, og Folket der, - kvat skulde me so til siste Slutt m e d heile denne tungvinnte Repræsentationsgreida? Ein Kristianiamann kann repræsentera det norske Folklikso godt som ein Trumsing elder ein Stril; kvi kunde me so ikkje velja heile Thinget her i Kristiania, der Folk bur mest lettvinnt til? Og kvat skulde me med alle dei 114 Repræsentantar? Dersom kvar Thingmann fyr seg repræsentrar det norske Folket og dersom her berre finst eit norskt Folk, so kunde me greida oss so fint med ein einaste Thingmann. Og kvi skulde me fara med slikt Braak som aa velje denne Thingmannen? Naar han likevel ikkje skulde repræsentra sine Veljarar, so kunde me t. D. lata Thingmannsyrkjet vera arvelegt. Og daa det berre trongst ein Repræsentant, og daa han kunde vera arveleg, og daa me alt hev ein slik Repræsentant fyr det norske Folk, nemleg H. M. Kongen, so kunde me .... honom - - -
           
Di meir Ein grev i slik ein tankelaus Talemaate, di ravgalnare vert han. Men slik gjeng det, naar norske Theologar i vaar Tid vil skriva Politikk.
 
 
No kjem me til den andre Setningen, den med feite Bokstavar, - og den er det serleg, eg vil hava Tak i. Det er just ein av desse gamle myg-lutte, makk-etne politiske Dogme, som ein Gong kann ha havt sin Rett, men som no berre ligg i Vegen fyr eit sunnt politisk Liv, og som Bakstrævsflokken difyr av all Magt prøver aa halda uppe; det er ein av dei morkne Tennerne, som maa rivast ut, so sannt Folket i politisk Meining skal kunna livnæra seg.
           
Naar Thingmændene stemmer i en vigtig Sag, er det ikke Vælgernes Mening, de skal give Udtryk, men sin egen Overbevisning om, hvad der er til Folkets Vel. So lydde Ordi.
           
Altso: Repræsentantarne skal ikkje repræsentera Heimstaden sin, og dei skal, naar dei røystar, ikkje vera Uttrykk fyr Veljarfolket og dess Vilje. Kven skal so Repræsentantarne til siste Slutt repræsentera? Seg sjølve. Dei skal repræsentera sin egen Overbevisning. - Skal me likevel tru, at Fædrel. er eit Upprørsblad?
           
Etter Grunnlogi er det Folket, som gjenom sine Repræsentantar gjev seg sjølv Logjer. Men etter Fædrel. er det dei Herrar Persen, Paalsen, Larsen, o. s. fr., 114 serskilde Personar, som, utav si eigi Magt og etter sitt eiget personlege Godtykke, gjev Folket Logjer. Med eit Ord: Thingmennerne er ikkje Repræsentantar, men Diktatorar, og Folket hev ikkje Rett til aa styra seg sjølv (gjenom sjølvgjevne Logjer), men det hev einast Rett til 3die-kvart Aar aa byta dei gamle Diktatorarne burt mot nye.
           
- Og endaa talar Mannen i Fædrel. um Grunnlogi, og meiner halvt um halvt, at han forstend den! -
             
 
Denne Setningen um at Thingmennerne skal stemme udelukkende efter sin egen Overbevisning er ein faarleg Setning; for han ser so sann ut. I mange lange Aar hev det snilde Folket latet seg narra av den Setningen. Og enno er det tusund, som vert tryllte av den og ikkje rett veit aa greida honom ut fyr seg. Tingen er: Setningen er halvsann, og Bakstrævsbladi preikar so altfor fagert.
           
Skal daa verkeleg ein Thingmann vera utan personleg Yvervitning? spyrr mang ein bra Veljar, som er i Tvil um detta. Skal han verkeleg uppgjeva seg sjølv og berre vera som ein Talerøyr elder Sakførar fyr Veljararne sine?
           
Nei! og nei! og endaa ein Gong nei. Ein Thingmann skal vera ein Mann med klaar og sterk Yvervitning, med klaart og greit politisk Standpunkt, ein stød, sjølvstendig Mann, som ikkje firer korkje fyr Ros elder Skjend, ein Mann, som held fast paa sine Meiningar gjenom baade vonde og gode Dagar, og som aldri slingrar.
           
Ja men kor kann han daa samstundes vera Repræsentant fyr Meiningarne aat Veljarfolket? spyrr den ærlege Mannen vaar.
           
- Aa, kjære det er daa endefram. Heile Tingen ligg i det: um Veljararne fyr det fyrste hev ei Meining sjølve, og um dei fyr det andre veit aa velja sine Menn.
           
Kvar Mann i Landet hev Rett til aa gjera seg upp sine eigne Meiningar um Riksens Styr og Stell. Og kvar Mann, som hev slike Meiningar, vyrder me høgt, anten so hans Meiningar er dei same som vaare elder ikkje. Men naar me skal velja oss ein Thingmann, so gjeng me ikkje av og korar ein, som me veit hev andre Meiningar enn me; men me finn oss ut ein, som me veit stend med oss i vaare Meiningar og vaare Ynskje, og som dertil er so dugleg, at han kann føra desse vaare Tankar og Ynskje fram. Honom sender me til Things, talande til honom som so:
           
Gode Medborgar! Me korar deg til Thingmann, av di me hev Tillit til deg. Men me hev Tillit til deg, fyrdi me veit, at du i alle større Saker 1) hev den Meiningi, som me held fyr den rette. Me liter paa, at du vil vera trufast mot di Yvervitning, og at du vil arbeida av all Magt paa aa faa dine Tankar sette i Verk; for naar du gjer det, so gjer du just vaar Vilje, og so er du i Sanning det du skal vera: vaar Repræsentant!
           
Altso: det Heile stend paa, um Veljararne fer aat som dei skal. Gjer dei det, so vil Repræsentanten just gjera deira Vilje, naar han arbeider etter si eigi Yvervitning;og naar han er trufast mot Veljararne, so vil det ikkje segja annat enn at han er trufast mot si eigi Sak. Dei tvo Ting vil ganga i Eit.
 
 
Men dersom Veljararne er so styvne, at dei læt seg narra til aa taka ein Mann med andre Meiningar enn sine eigne, - so vert Tingen ein annan. I slike Tilfelle burde den Mannen, som var paa Tale, vera so ærleg, at han steig fram og sagde fraa um Meiningarne sine, so Veljararne kunde finna seg ein annan. Og dersom han ikkje gjorde det, men tagde og tok imot Val, endaa han visste, at han i Storsakerne var usamd med Veljararne sine, - ja so var det i Grunnen hans Skyldnad aa leggja sine eigne Meiningar tilsides so lengje og røysta etter som Veljararne vilde. Det var i Grunnen hans Skyldnand politiskt.
           
I dei nye frie Samfund med sin repræsentative Riksskipnad er det ikkje dei personlege Sermeiningar, men Folke- Meiningarne, som hev Rett til aa koma til Ords. I dei gamle Riksforsamlingar, t. D. i Rom, raadde dei personlege Meinignarne, fyrdi der sat kvar Mann berre som Repræsentant fyr seg sjølv og var ikkje utsend fraa andre. Det maa vera i desse gamle klassiske Greidur at den Fædrelandske Politikkaren hev tullat seg burt. Hjaa oss, der Thingmannen sit i Thinget, ikkje paa eigne Vegnar, men som Utsending fraa andre, der er den personlege Sermeining utan Vigt, dersom ho ikkje inneheld i seg ei Folkemeining, elder hev ei Folkemeining bak seg. Hr. Persens personlege Meining hev i seg sjølv ingen Ting aa gjera i Riksforsamlingi, Einast daa hev Hr. Persens Meining Vigt, naar det stend fast, at Hr. Persens Meining er den Meiningi, som Folket i hans Valkrins (dei han repræsenterar) vil hava sagt. Daa kann Hr. Persen leggja Meiningi si fram i Thinget med Krav paa aa verta høyrd. Men dersom han stend der med ei Meining, som dei, han skal repræsentera, ikkje vil hava sagt, so hev han ingen Rett til aa leggja henne fram; han hev ingen Rett til aa gjeva seg ut fyr Repræsentant; han burde i Grunnen tigja still og berre røysta som Veljararne vilde.
           
Men slikt gjeng av andre Grunnar ikkje an. Og difyr er her ingen annan Ting aa segja enn detta:
 
Hev Veljararne voret so faavise og valt ein Repræsentant, som hev andre Meiningar enn dei, so fær dei sjølve taka Skaden og Skammi og trøysta seg med, at det daa ikkje varer lenger enn 3 Aar. Det verste er, at dei med slik Framferd ofta kann skada heile Landet.
 
Dersom Thingmannen ikkje skal repræsentera Meiningarne aat Veljarfolket, og det just Veljar- folket paa Heimstaden sin, so vil det paa nytt visa seg, at heile denne Repræsentationsgreida er berre Tull og Komedispel. Anten er ein Thingmann Repræsentant, elder er han det ikkje. Er han Repræsentant, so maa det vera nokon han repræsenterar. Men er det nokon han repræsenterar, so maa det vera dei, som hev valt honom. Men skal han repræsentera dei, som hev valt honom, so kann han ikkje gjera det paa annan Maate enn ved aa bera deira Meiningar og deira Ynskje fram. Gjer han ikkje det, so er han altso ikkje Repræsentant. Men er han ikkje Repræsentant, og likevæl fer med aa vera Loggjevar, - so er han ein Upprørsmann av same Slaget som Fædrelandspolitikkaren, seg sjølv uvitande, ser ut til aa vera. Og dersom Sanningi er den, at me vert styrde av 114 slike Ikkje-Repræsentantar, so er heile den store Repræsentationsgreida vaar ei Lygn, som mest vilde vera fyr dyr til aa halda uppe.
                       
 
Det var ei Tid, at Fædrelandets politiske Visdom var den, som galdt, ikkje fyrdi han var god, men fyrdi han var naudsynleg. Det var den Tidi, daa Folket ikkje hadde nokon Vilje og ikkje brydde seg um sitt politiske Stell. Naar Folket ikkje hadde Vilje, so var der ingen Ting aa repræsentera; men daa Logi kravde ein Repræsentation, so laut Ein hjelpa seg med ein Namn-Repræsentation so lengje. Og so valde Ein fyr Syn Skuld vanlege gode Menn, Futar og Prestar og dilikt, og sende av Stad fyr Syn Skuld -, og sagde til dei: Me tek dykk til Thingmenn, av di det no eingong er so stellt, at her skal vera Thingmenn, og av di me veit, at de er gode Menn, som ikkje vil gjera meir vondt enn de er nøydde til. Sjølve forstend me aldri det Slag av desse Riksens Greidur, og bryr oss, sannt aa segja, ikkje um dei helder; men me veit, at de er kloke Folk, som skynar nokot av kvart Slag; gjere no de det so godt, som de veit og skynar, so skal me vera nøgde med det, slik som de hev stellt det. -
           
Det var Dagar! Daa hadde det voret Raad og voret til fyr Fædrelandet med. Og eg skal beint ut segja, at i Grunnen trur eg ikkje, at Fædrel. tenkjer paa Upprør, men at det berre lengtar attende til dei glade Dagar, daa Folket var ufødt, men Aalmugen gjekk der og var so snild og leet seg styra so fromt og fagert av den af Gud indsatte Øvrighed. Folk er aldri so vonde, som Ein trur.
           
Men dei glade Dagarne er slutt. Og me, som høyrer denne Tidi til, finn, at so er godt. Me likar ikkje denne snilde Aalmugen. Me held meir av eit Folk, som der er Vilje i, og Bein i Nasen. Det er med stor Fagnad me ser, at Bønderne rundt umkring reiser paa seg og viser, at dei veit kvat dei vil. God Lukka framleides! Støe, greie liberale Thingval, eit stødt greidt liberalt Thing, - det er det me treng, og det kann me no faa, so sannt Folk ikkje læt seg narra.
                                                           
VII.
 
1) Det er ei Mengd av Smaasaker, som ikkje hev nokot Politikk i seg vidare; der lyt naturlegvis kvar gjera som han i det einskilde Tilfelle finn det mest gagnlegt.