Fraa Bygderne.

Seljord 28de Juli. Her som mange andre Stadar utyver Landet hev vaknat eit større politisk Liv bland Ungdomen, aa ja, bland Alderdomen med. Arvesens Folkehøgskule hev gjort mykje til detta. Husmannen og Tenarfolket so væl som Gardmannen prøver aa fylgja med i det, som gjeng fyr seg i Landet, og alle legg seg etter aa hava ei Meining um Fedralandets Styr og Stell. Dei frilynde Bladi vert lesne av mange; men Fleirtalet i Bygdi er stivt konservative og trur meir enn godt gjerer paa Autoriteterne. Men slikt høyrer væl til i den fyrste Vakningstid, og det veiknar av fyr kvar Dag; for Fridomstankarne er det Naturlege.
           
So hev me fenget istand Samtalemøte, der det er ein Hugnad aa vera med og høyra Folks Meiningar. Endaa dei, som hellest plar vera maalbundne, Kvinnfolki, kann her koma til Ords. Me hev Møte kvar fjortande Dag. Olav Sveinsson er Ordstyrar. Det er mange aldruge Folk med, so det ikkje berre er Ungdomen, som slær seg galen
           
- Ungdomen, som Prost Ording meiner er for heit i Blodet. Med den Ting hev det væl helles ikkje stor Naud. -
           
Desse Møti vart det snart Braak med i Fute-og Preste-Garden, kann du vita. Me talad um Politikk, og det i frilynd Tone, og det var ein speleg Ting. Me vilde byggja ei Frikyrkja, heittest det bl. A., og Lægmannen O. Gundersen skulde verta Prest. Dette var no ei ufaarleg Lygn, som saarad visst ikkje andre enn O. Gundersen, og kannhenda ikkje rett mykje honom helder. Men so kom det ei ny Lygn etterpaa, og den var altid litt verre. Det var i dei fyrr nemnde Gardar, at denne au stokk ut. Me hadde til Samtale-Emne: Um Forklaringi. Daa hadde Skulelærar K. Sakrisson skullat sagt, at han vilde hava utor Forklaringi det tridje Bud. Dette er no so usannt, som det best kann vera. Eg var paa dette Møte, men slike Ord høyrde ikkje mine Øyror. Kjetil Sakrisson sagde ikkje meir um det tridje Budet, enn det Luther hev sagt i den store Katekisma si, og honom vil daa væl ikkje vaare rettruande Embættsmenn gjera til Kjættar? Dei andre Budi vart ikkje nemnde, sovitt eg kjem ihug. Men nokot maa Ein finna paa. Samtalelaget vaart døyr no hellest ikkje av slikt; tvertimot er det aa vona, at det vil halda seg i Live lengje og gjera ikkje so litet til aa spreida politisk Upplysning og vekkja til politisk Umtanke.
                                               
Høye Eivindson.