Utlandet.

Spursmaalet um aa reisa eit Æreminne fyr den fallne Keisarprinsen i Westministerabbediet vekkte eit kvikt Ordskifte i det engelske underhus sin Fredag. Sir W. Lawson fyreslo ein Søknad til Dronningi um, at ho vilde negta sitt Samtykkje til aa reisa eit slikt Minnesmerke paa eit Stelle, som var helgat aat Englands store Menner. Lawson tok hardt paa Napoleons-Ætti: den fyrste Napoleon hadde voret Heimsens Svipa, den andre var til Lukka daaen, fyrr han hadde byrjat paa Forbroti aat Ætti si, og den tridje var beintfram ein Konspirator (Svikraadsmann), som og Dronningi sin Make hadde sagt. Den avlidne unge Prinsen hadde voret snild og endefram, men han hadde inkjevetta gjort, som kunde gjeva honom Rett til aa kvila jamsides med Englands store Menner, og hans Fyremaal hadde voret aa kollstøyta det loglege Styre i Frankrike med uloglege Middel. Han trudde, at eit Æreminne fyr ein slik Kar vilde verta haldet fyr ei Skjemd av Nationaltemplet, og han ynskte difyr, at Huset sagde si Meining til Aatvaring fyr dei høge Herrar, som hadde sett seg i Brodden fyr Pengesamlingi til Minnesmerket. Finansministeren Northcote meinte, at Lawson hadde gjort klokare, um han hadde tagt still um denne Saki. Det var Domprosten (Stanley) og ingen annan, som gav Løyve til aa reisa Minnesmerke i Abbediet, og Tanken um aa reisa eit fyr Keisarprinsen var ikkje komen fraa Dronningi. Han maatte ytra sin Trege yver, at Lawson hadde funnet det sømelegt aa gjeva ei likefram Umdøming av Napoleonsætti og Forfederne aat den unge Prinsen. Forslaget, sagde han, hev ikkje det misnste med Politik aa gjera; det er komet fram, fyrdi den unge Mannen fall i dette Lands Tenesta og hadde aalmenn Samhug og Vyrdnad her. Det talad mange baade fyre og imot. Men Adresseforslaget kunde ikkje koma under Avrøysting, so Ordskiftet hadde ingi endefram Avkoma. Likevel kjem det truleg so mykje utav det, at heile denna Skrinleggjingssaki vert skrinlagd.
           
Kong Cetewayo hev ikkje gjevet seg, men hev flytt med Kvinnfolki sine og eit litet Fylgje inni Skogarne. Engelsmennerne freistar paa aa faa Zuluhovdingarne til aa falla ifraa honom, og det skal ha lukkast med Storparten. Det er sett ein Pris av 1000 Stykkje Fe paa Kongens Hovud. Lord Chelmsford er heimattfaren.
           
I Austrike hev det no gjenget fyr seg eit Ministerskifte, som lenge hev voret ventat. Keisaren hev latet Grev Taaffe, Innriksministeren, skipa eit nytt Ministerium. Det er dei nyvalde Thingmenner fyr dei ikkje-tydske Folk (Czekar og Polakkar), som er Orsak til dette Skifte.
           
Det gjeng ogso Ord um, at Andrassy vil ganga ifraa.