[Den namnspurde tyske Maalkjennaren Dr. Sauerwein]

Den namnspurde tyske Maalkjennaren Dr. Sauerwein skriv i Deutsche Rundschau eit Stykkje um Norig. Han rosar sterkt baade Land og Folk, serleg Hardang og Hardingfolket, og sluttar med nokre Uttalur um Maalsaki som me her tek inn (etter B. T.).
           
Etter Reformations Aarhundradet hev Dansk voret brukat som Skriftmaal i Norig og vart ogso etterkvart Talemaal fyr Byfolket og dei finare Klassar. Dessimillom hev den norske Uttalen haldet fast paa nokot av sin nationale Svip. Det er ikkje so av-veiknat i Klangen som det er i Moderlandet (Danmark), og hev baade i Uttryksmaate og Tonelag teket upp Emne av Folkemaalet; men i heile sin Bygnad og Konstruktion hev det daa vortet verande dansk Maal, endaa Ein tidt høyrer dei kallar det norskt, i di dei (av eit Slags National-Faafengja?) hev set med Forstørringsglas paa dei enkelte Serskapar i Uttale og Tonelag. Jamsides med detta dansk-norske Skriftmaalet hev Gamall-Norsken paa ein serskild Maate utviklat seg som Talemaal fyr Landsfolket. Fraa det 16de Aarh., so lengje Gamall-Norsken endaa vart nyttad av Høg og Laag, kann Ein enno av mange skriftlege Minnesmerkje ettervisa, korleids Landsmaalet Fet fyr Fet hev utviklat seg av det klassiske Edda-Maalet. Men fraa same Tidi tek Dansken Eineveldet i Bokheimen, og alle Livsmerkje hjaa Gamallnorsken kjem burt, alt til burtimot Slutten av fyrre Aarhundradet, daa det paa nytt gjev Teikn til Liv gjenom enkelte mindre, iser skjemtande, Diktningar paa Landsmaalet. Daningsmaalet hadde i Millomtidi vortet danskt, Norig hadde heilt upp sluttat seg til den danske Bokheimen og sjølv gjort vyr- dande Utlegg til den; millom dei Forfattararne, Norig soleids gav Danmark, kann Ein serleg nemna den store Lystspildiktaren Holberg fraa Bergen. Fyrst i vaart Aarhundrad vaknad det i Norig, liksom mest allstad i Europa, ein sterkare National-Sans. Alt fyrr enn det norske Maalet steig fram med Krav paa sjølvstendigt boklegt Tilvære, var det vyrdande Diktarar, Wergeland og Welhaven, som leikad burtpaa nationale Strengjer; i deira Dikting kjem det norsk-nationale Toet mykje meir fram enn hjaa nokon av Fyremennerne deira i den sameigne Bokheimen. Men umframt denne større Dyrking av det nationale og Upptaking av folkelege, Emne i Maalet, hev det og i Norig komet fram ei Stemna, som krev Landsmaalet innført i Blad og Bok, i Handel og Vandel, i Kyrkja og Skule, i Forrettning og Rettargang. Detta Arbeidet fører enno sitt Stræv fyr Tilværet, og Maalsmennerne fyr det gjeng under Namn av Maalstrævarar, men det hev gjort utrulegt til Utvikling av Maalsansen. Dei fine, som fyrr vanvyrde Landsmaalet, og ikkje hadde Tanke um dess Vænleik og Verde som ei folkeleg Fram-Arving av ein Klassisitet, hev etterkvart paa nytt maatt læra aa vyrda Folkemaalet. I det gamle Maalet kom det i forunderleg stutt Tid upp ein ny, livsfrisk Bokavl, samstundes som dei g a m l e Skattar av Folkesongar vart førde fram i Dagen. Til same Tid vart det danske Maalet i Norig freiskat og uppyngt ved Innføring av folkelege Emne fraa Bygdemaali . . . . Det nationale Stoff fekk utmerkte Framformarar i Eventyrforteljaren Asbjørnsen 1) og Skaldarne B. Bjørnson og Ibsen namngjetne hjaa oss med -, medan Vinje vart Hovudmannen i den Fylkingen, som paa same Vis som Klaus Groth og Fritz Reuter i Tyskland nyttad Landsmaalet reint i si Dikting.
 
1) Den lærde Doktoren skulde ikkje gløyma Moe!                                                  Bldst.