Eit og annat fraa ei Englandsferd.

[Del 4 av 14. Fyrste delen.]
 
Fraa London til Dover.
                                   
(Framhald.)
 
Det høvde so heppeleg, at eg fekk ein god Sess burt med det eine Glaset. Ein graaklædd Mann, som saag ut til aa vera ein Kræmar elder Handverkar elder nokot sovoret, skulde endeleg vita, kor eg kom fraa og kor eg skulde av. Eg totte detta var so heimelegt, og hadde havt god Hug til aa snakka med han, for han var jo god aa skyna og det var forvitnelegt fyr meg aa høyra litevetta Cockney-Engelsk (Piperviks-Engelsk), men eg totte, eg laut sjaa alt det eg kunne av London. Trænet ruslad smaatt yver Tems-Elvi, og eg fekk sjaa Elvirann djupt nede, myrk og gjyrmutt, liksom Dagen fyrr; eg totte det var liten Hugnad aa sjaa paa den, og totte Synd i alle dei Skipi, som siglde upp og ned i slikt Vatn. Jarnvegen er bygd høgt upp paa Bogar av Murstein, og fraa Jarnvegsvognerne kann ein sjaa Byen under seg. Det hev kostat uhorvelegt med Pengar aa leggja Jarnvegen slik, men han lyt upp i Vedret til inkje aa stengja Ferdsli paa Gaturne og Elvi.
           
Der er tvo Jarnvegs-Linur fraa London til Dover: Sud-Aust-Jarnvegen, som eg for paa, og London Chatham og Dover-Jarnvegen. Eg høyrde ein Forretnings-Mann fortalde, at Sud-Aust-Jarnvegen med Stations-Bygningar, Materiel og Grunn, som han eig, skal vera verdsett til 80 Millionar Pund, yver 1400 Mill. Krunur. Kor store Rentur denne Kapitalen gjev, veit eg inkje, men Trafikken er stor, som venteleg kann vera, daa London med mest 4 Millionar Menneskje ligg i den eine Enden, og Folkestone, Dover og fleire andre Byar ved hin Enden utmed Havet, og den meste Ferdsli fraa Fastlandet kjem denne Vegen. Skulde nokon Jarnveg i Verdi løna seg, laut det vera desse tvo. Men elles skal London Chatham og Dover-Jarnvegen gjeva maateleg myket av seg. Det var eit Gründer-Samlag, som bygde denne, og det snytte Aktie-Eigararne, so det stod væl etter, og Jarnvegen vart reint meiningslaust dyr. Eit Stykke so langt som ½ norsk Fjordung (fraa Blackfriars ved Tems og til Holborn Viaduet), skal hava kostat 18 Millionar Krunur. Denne Jarnvegen gjev inkje meir enn tri pro Cent, av di Bygnings-Kapitalen er so stor. Det høyrest elles utrulegt, at ein Jarnveg millom London og den engelske Kanalen berre skal kasta Helvti so myket av seg som Jarnvegen millom Kristiania og Mjøsi.
           
Fraa Jarnvegs-Vogni sat eg og saag utyver den endelause Fjølden med Hus og Gatur paa alle kantar. Det var nokot Skodda og Steinkolsrøyk, so eg kunne inkje sjaa so fælt langt paa ein Gong, men hadde det voret retteleg uppljost Vedr, hadde det voret eit makalaust fint Syn. Slik for me mest ei halv norsk Mil burt yver Hus-Taki. Daa Sjaen fraa Persia var i Europa, var det ingenting han totte var so agande stort, som aa fara framum Hus-Raderne i denne Kjempe-Byen.
           
Daa me kom ut paa Landet, lettad Skodda, og eg kunne sjaa vidt umkring. Mange segjer, at ein inkjevetta kann sjaa fraa ei Jarnvegs-Vogn, av di ein flyg for fort framum; men naar Landskapet er flatt og romlendt, kann ein sjaa myket, um ein fer aldri so fort. Og det kjem og til, at naar ein fyk slik av Garde, kjem det større Fart i Tanken, so ein treng inkje braadt so lang Tid til aa faa eit Bilæte til aa festa seg, som naar ein sit og dubbar paa ein Skrangle-Kjerra.
           
Finare og meire vældyrkat Land skal ein leita lenge etter, inkje ein Flekk var unyttad. Me for framum den eine gilde Storgarden etter den andre, med Hagar og Parkar. Husi var store Steinhus, fine og staute, og saag sterke men kannhenda nokot myrke ut. Um dei byggjer traustare i England enn heime, kjenner eg inkje til, men eg tykkjer vaare Hus, anten dei er av Tre elder Stein, ser so ljose og lette ut, jamvæl i Homansbyen, der mange Hus er bygde i ein gamaldagsleg Stil mest som Riddar-Borger liksom. Og hev me eit Hus, som ser sterkt og tungt ut, er det inkje fagert, men ser ut som eit Fengsel elder slikt, elder stend liksom med Henderne i Lumma og Hovudet ned millom Herdarne og hukrar og frys. Naar eg ser paa Trefoldigheds-Kyrkja i Kristiania i 15 Gr. Kulde, fær eg slik Hug paa aa knyta eit godt varmt Skjærf um Kuppelen. So tunge og strenge dei engelske Storgardarne (mansions) ser ut, so reiser dei seg endaa fritt og sjølvstødt upp. Ein kann sjaa det er eit gamalt Kulturfolk, som hev sett dei upp, og naar ein ser dei, skynar ein korleids det engelske Ordtaket hev vortet til: my house is my castle, mitt Hus er mi Borg. Detta Ordtaket er eit fagert Uttrykk fyr den personlege Fridoms-Kjensla.
           
Eg vaknad med ein Gong upp av desse Tankarne, daa eg for framum nokre Storgardar, som laag ihop. Her var overlag fagert og fint. Den eine av desse Gardarne hev voret ei Borg fyr ein Mann, som var meir glad i Magti enn i kvar Manns Rett og Fridom, som sende 26,000 til Algier og Cayenne og landlyste 80 Thingmenner. Paa ei kvit Tavla stod Namnet Chiselhurst.
 
                                   
Dover.
 
Dover er ein fin By ved den engelske Kanalen, umkring 3 Mil fraa den franske Havstrandi. Byen ligg i ein liten Dal, som skal vera ein av dei fagraste i heile England, med høge Bakkar og Lider, klædde med Byskje og grønt, og ypparleg uppdyrkat. Gjenom Dalen renn det ei Aa, Dour. Alle Høgder og Bakkar er av reine, skire Kritet; mot Sud, ved Havstrandi, er dei so bratte som ein Vegg og tri, fjore hundrad Fot høge. Det høgste av desse Kritbergi er Shakespear-Cliffen. Utsynet derfraa og ned i Kanalen minnte meg nokot um Utsynet fraa Besseggi ned i Gjende. Der uppe kann ein sjaa det stautaste Sundet i heile Verdi, med Skip i Tusendvis, som sigler ut og inn. Naar det er uppljost Vedr, kann ein sjaa Frankrike paa hi Sida. Likso fagert er det aa sigla ein Godvedrsdag paa Kanalen, med England og Frankrike, eit paa kvar Hand. Naar ein so kjem burt imot Dover, ser ein Festningi paa Vest-Høgderne, og det gamle Dover-Castle fraa Austhøgderne, og dei kvite Kritbergi, somVergeland hev sunget um:
 
Det som skinner
vester hist
 mellem Sky og Havsensvover,
Det er England,
solbelyst,
Klipperne ved Dover.
 
_ _ _ _
           
Hist se Englands
Grundvold stærk:
muslinghvid Cement fra Grunden!          
Frihed har sit
Forsvarsværk
midti Havet funden.
 
Gud har bygget
om dens Hjem
stærke høie Bastioner,
netop hvor det
vender frem
med Europas Throner.
 
Shakespearcliffens
hvide Hvælv
vesterud er Marmorfoden,
hvorfra Seirens
Dronning selv
stolt behersker Kloden.
                                               
( Meir.)