Fraa Telemark.

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Slutten.)
 
Kvendi hev haldet paa Klæi sine, fyr di dei likar dei, og Kararne hev kastat mykje av det gamle, fyr di dei totte det ulikleg, det er plent som det skal vera. Du veit no alltid Motarne fraa Byen hev gjort nokot her au til aa avskipa det gamle, Ingen kann ganga reint fri fyr dei. Men no er dei so mykje vitugare att, at dei tek upp igjen det gamle, naar dei tykkjer dei hev faret for langt. Soleids er det mange no her i Laardal, som hev teket til med Tæsurne att, endaa dei var mest reint avlagde: dei tykkjer dei er so gode og lette aa ganga med. Og eg veit a dei au, som fær gjort seg Knebuksur etter det gamle, og det held eg med dei i, for dei er daa visst baade finare og hendigare enn desse Langbuksurne; - men Vidbukse, det vilde eg ikkje hava paa min Kropp, um eg fekk Gull.
           
No Sylvknapparne: det er mange, som spretter utor Trøya og sender dei av aat Støypeskeidi; dei tykkjer væl dei er for drustelege aa sjaa til. Men det skulle dei aldri gjera; for skal ein sjaa paa Prydnaden, so er aldri nokot prydelegare hell Sylvet, det er so skirt og reint; og skal ein sjaa paa Nytten, so kann du ikkje faa deg sterkare Knappar hell Sylvknappar; dei er heiltupp uslitelege; hev du eingong raadt deg til slike, so kann du hava dei i all di Tid, og du kann endaa gjeva dei til Sonen din, so han au kann bruka dei, so lenge han liver.
           
Ja eg veit ikkje eg, men eg tykkjer det var høvelegt Plagg, Sidkufta au, eg. Eit var ho daa visst god fyr; for vilde du kji plent sjaa ut som ein Gris daa, so maatte du passa paa aa halda deg blank og rein. Eg er ikkje so gamal eg minnest dei gjekk med Kufta, men eg saag ho paa