Utlandet.

Det engelske Riksthing vart heimsendt den 15de August. Fyrste Luten av Trotalen handlad um Englands Utrikspolitikk og gjekk ut paa, at Dronningi framleides stend paa ein god Fot med dei framande Magter, og at ho vil gjera sitt til aa halda Semjorne uppe og til aa fremja og festa den aalmenne Fred. Det, som i Berlinsemja var fastsett um dei nye Landskipingar, er gjenomført, og Grenseutstakingarne er so godt som ferduge. Ryssarne hev rømt Balkanhalvøyi, dei austrumeliske Spursmaal er greidde, og Bulgaria hev fenget sin Fyrste. Dei syrgjelege Tilstand, som fylgde av den sidste Krigen, hev til dessa hindrad det turkiske Styre fraa aa føra fram dei Umbøter, det hev lovat; men Dronningi hev jamnan onnat paa og vil so gjera. I Samband med Frankrike hev ho fenget i Stand eit Kongeskifte i Ægypten, som maatte til fyrskuld det laake Styre, som fyrr var. Fredsemja med Emiren av Avghanistan hev heppeleg sluttat ein Krig, som Fyremannen hans hadde tvingat fram. Heren og Herførararne fortente den Takk, som baade Thingi hadde uttalat, fyr Djervleik og Dugleik. Ho var glad fyr, at dei engelske Vaapen hev hævdat si Æra i Sudafrika, men ho kom illt ihug, at det hev kostat mange dyre Liv. Det er no Von, at det vil koma til Fredgjerd paa eit fast Grundlag.
 
Grækland set Heren sin paa Krigsfot fyr aa gjeva sine Krav paa Landauking Vegt. Det hev Studnad av Stormagterne, og Turkiet vert fulla soleids nøydt til aa gjeva etter.
           
Den austriksk-ungarske Utriksminister Andrassy hev søkt aa fenget Avksil. Like fraa det, at Berglinsemja var komen i Stand segjer Pesther Lloyd kjende Andreassy seg hugad til aa ganga ifraa. Men det Motstand, som sjølve Semja og iser Hersetningi av Bosnia og Herzegovina møtte i heile Riket, gjorde, at han tok den Raadi aa halda ut fyr aa forsvara sin Politikk fyr Sambandsthingi. Daa dette hadde lukkast fyr honom, og Avrøystingarne baade i Sambandsthingi og Serthingi hadde gjevet hans Politikk Medhald, talde hans Vener honom til aa verta verande paa sin Post iminsto til Berlinsemja var gjenomførd. Dit var det no komet. Austrikes Utsending i Berlin, Greiv Karolyi, skal vera utsedd til hans Etter- mann.
           
I Holland hev ogso Bakstrævet arbeidt seg upp og fenget tilskipat eit Ministerium av sine eigne, endaa dei ikkje er i Yvertal i Thinget. Van Lynden heiter Formannen i Ministeriet, han er derattaat Utriksminister. Det er her, som i Frankrike og Belgia, Umbøter. Skulestellet, som Bakstrævararne er rædde fyr.
 
Krigen i Sudamerika millom Chile og Peru vert truleg snart slutt etter Midling av dei nordamerikanske Sambandsrike. Det hev ikkje voret gjort store Varp i denne Krigen.