[Fraa Rogaland]

Fraa Rogaland skriv ein vyrd Innsendar til oss: Det er ikkje so, som Fedrh. hev skrivet, at Rogalendingarne ikkje liver med i Rikslivet. Her er nok Liv, alt um det gjeng rolegt, og skulde nokon tvila paa det, so kann dei prøva paa. Eg kjenner Gutarne, dei sviktar inkje. Agitation fraa Høgre-Sida var her og, og det er her stendigt; men kor skal dei av, dei stakkars Bakstrævsmennerne? for her er ingen, som trur paa dei. Stav. Amtst. hev heile Sumaren ropt etter nye Storthingsmenn, og Eikersunds Prestegjeld med den vesle Høkerbyen sin sende heilfarga Høgremenn paa Valet med. Presten deira var utnistad heimantil med Staburskosten or Morgenbladet, og han vantad ikkje Munn til aa bera det fram med helder. Lagsmannen hans, Puntervold, manad Thingmennerne ut til Holmgang; men Presten maatte fyrst bera upp Maalemnet, og han gjorde det sakta godt. Dei andre Valmennerne lydde paa det; men Thingmennerne hogg fraa seg so godt dei kunde, og Samtykket var nok paa deira Sida. Det stend altsaman bra uppskrivet i Vestlandsposten. Daa Valet var gjort, stod dei tri fraa Høkerbyen radt aaleine.